Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 22. mars 2010

Når gjort er hjort

Eg innrømmer det gjerne, eg er ei svak sjel. Eg slit med å stå imot freistingar. Iblant har dette ført meg opp i situasjonar prega av ubehag og farer, rett og slett livstrugande hendingar. Ei av dei store uimotståelege freistingane er slumring i senga om morgonen. I dette ingenmannslandet mellom bevisst og underbevisst tilstand, før den kristiske sansen slår opp augene og døsige varmdynetankar rår grunnen, trivst denne svake sjela som hand i hanske og som plomme i egg. Slik var det også denne morgonen i førre veke da eg stod på reisefot ut i Den store, vide verda eller til det 72. norske bibliotekmøte på Hamar. Det tidlegaste toget går frå Otta stasjon 05.45. Eg hadde avtale med viskvinne Merete om avreise ein time før. Vurderinga dusje eller ikkje slo ut i positiv favør for medpassasjerar, medan sanden i timeglaset rann fortare enn vasstrålene. Binyrebarken gjekk på høggir og den velkjende kjensla av stress breidde seg i det svake individet.


Det neste kapitlet skal handle om Den vesle raude. Bilen min. Den aller minste blant Peugeotar. Han har i det siste lagt inn sterke og klare protestar mot vinteren. Han nektar å bruke blinkljos, viskarar og varmeapparat og ei lampe med batterisymbol blir ved å lyse hissig og raudt der framme. Og kvar er isskrapa når ein treng ho som mest? Men han starta, og som vesleblakken innstilte han seg på å gje alt for eigaren sin denne morgonen. Det gjekk overraskande bra lenge. Ein trailer blinka meg forbi på Stronda, så var det heller ikkje så påfallande at eg sjølv ikkje nytta meg av blinkljosa. Den vesle raude sette ny rekord i bakkeløp opp Rådsbakken og med nasen klistra til frontruta tenkte sjåføren at ein kjem langt med positive tankar. Dette skal gå!


Men så rett etter Bygdeliv-Brimi kom hjortane, tre i talet som i eventyret. Dei største og flottaste hjortane eg nokon gong hadde sett, skreid majestetisk ut i vegbana upåverka av det vesle raude lynet som nærma seg i rasande fart. Bremser vart hogde inn, hjortar og hjarte stoppa og med ein smak av sladd sklei Den vesle redde elegant inn rett bak bakfoten til den siste hjorten. Så var ikkje dagane fulltallige korkje for hjorten, bilen eller sjåføren enda. Med ein overdose adrenalin pulserande rundt i karosseriet, svinga eg og Den vesle inn hjå viskvinne Merete, letta over at den fjerde hjortebroren somla med frokosten denne dagen, at ein stor og velfungerande Skoda skulle ta oss vidare til Otta og at vi eigentleg hadde god margin for å nå toget som skulle ta oss ut i Den store, vide verda der kronprinsar venta oss. Det får de høyre meir om litt lenger fram på ferda.

Redde Rita

4 kommentarer:

  1. De skriv så godt! Artigt og koseleg, som alltid=)

    SvarSlett
  2. Takk Kirsti! Så koseleg at bloggen vår vert lese og sett pris på langtvestistan også;) Eg likar din blogg også og andre bloggar som klarar å fatte seg litt meir ordknapt enn 3 vise...vi slit der!
    R

    SvarSlett
  3. reine krimhistoria detta!

    SvarSlett
  4. Uff ja, ho var litt i overkant spennande også...
    R

    SvarSlett