Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 26. mars 2010

På flukt

I dag har vi hatt gleda av å ha ein sprell levande forfattar på besøk i biblioteket. Magnhild Bruheim kunne presentere den rykande ferske krimboka "På flukt". Dette er ein krimroman for ungdom og elevane på ungdomsskulen var lydhøyrt publikum. Dei fekk høyre utdrag frå den nye boka, fekk innblikk i skriveprosessen og fekk også høyre litt om dei andre bøkene Magnhild har skrive. Underteikna som har lese halve boka, gler seg heim til å lesa resten. Det blir spennande å sjå korleis det går med ungdommane som hjelper innvandrarjenta Yasmeen. Familien hennar vil sende ho attende til heimlandet for å inngå tvangsekteskap der. Ungdommane veit ikkje heilt kva dei har gjev seg ut på når dei involverer seg i saka, og det syner seg at dei alle vert deltakarar i ei flukt på liv og død. Spennande påskelesnad!

Dei tre vise tek ikkje ferie enda. Vi held hjula i gang også måndag og tysdag neste veke med vanlege opningstider. Det er med andre ord ikkje for seint å sikre seg ei kriminell, underhaldande, kjærleg, chic eller poetisk påske enda. Det er fritt val! Ta deg ein tur da vel!

Bloggar i all hast: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar