Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 24. november 2009

Kriminelt god lesnad for to- og firbeinte

Lars Inge Nyøygard er ein av dei trufaste lånarane våre som verkeleg er flink til å tipse oss om gode bøker han har fiska fram frå hyllene her. Krim er nok den sjangeren han tyr oftast til, og denne gongen er det bøkene til Philip Kerr som får skryt av storlesaren. Berlin noir-trilogien skildrar den tyske byen i tida før krigen med Hitler i førarsetet, og forfattaren har på meisterleg vis knytt saman den intense forteljinga med historiske fakta i eit godt, lettlese språk. Slik får bøkene eit godt driv gjennom ei truverdig forteljarstemme, og Lars Inge kan såleis varmt anbefale trilogien til alle med sans for god krim og historie.

Som alltid byr ikkje dagen vår på ei einsarta lånargruppe, og det ligg nok ikkje like lett for alle å velja seg den rette boka -og langt verre å tipse andre om det dei har sugd åt seg. I dag kom ein ung, sjarmerande herremann -for høvet i nystrikka, varm genser- vimsande inn døra her med stooor iver. Han sa ikkje stort, det kom berre eitt og anna hese klynket frå dei stramme halssenene, men vi skjøna alle at sjarmøren -som visstnok er ein hund etter bøker- var ute etter ei heilt spesiell bok der han klaska nevene i disken til ei mildt sagt tvilrådig Aud. Etter mykje om og men kom det for ein dag at karen skulle hatt ei strikkebok med oppskrift på leggvarmarar -gjerne eit par (les: to par) som kunne stå i stil den flotte kofta han hadde teke nya av. I frykt for å sende med ei mønster som av ymse grunnar kun ville by på sokkesig og trøbbel med fotstillinga, valde vi denne gongen å sjå nærare på saka... Såleis stetta figuren seg takksam ut att på skjelvande, blåfrosne føter med lovnad om snarleg gjensyn.

Dersom du veit om ei god oppskrift på tettsitjande leggvarmarar for godt vaksne herremenn, tek vi med glede i mot gode råd!

Logrande bloggar: Merete

4 kommentarer:

  1. Flott blogg jenter! Har bokmerket den. En av de eller rettere sagt DEN mest personlige bibliotekblogg jeg har lest. Men : det er ikke helt lett å se hvem de tre vise kvinner er og hvilket bibliotek!

    SvarSlett
  2. Hmmmm-dette har du visst rett i... Trudde vel kanskje vi laga ei slags framside då vi skreiv det første blogginnlegget, men det tek til å bli maaaange sider sidan. Skal sjå om vi ikkje får retta på dette i ein fei! Takk for at du følgjer med og informerte oss om dette -kanskje vi ikkje er så vise likevel...?

    SvarSlett
  3. Dykk gjev råd til firbeinte også ja. Bikkja mi skulle hatt slanka seg litt, kanskje eg får sende ho innom så dykk finn passande litteratur? ;)

    SvarSlett
  4. Berre send ho innom, du! Sjå til at ho har rett styrke på lesebrillene så ho unngår migrene av all lesinga, da...;-)

    SvarSlett