To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 20. november 2009

Utgått på dato..?

Aldri kjennest den skrukkete dyna så god som når alarmen uler på nattbordet tidleg ein hustreg vintermorgon. Den intense snorkinga borti grannebosoa har då gått over til gromme, svevndyssande gryntelydar, og madrassen som før på natta kjendest så ubekvemt utsliten ut, opplevest no som ei himmelsk seng av mjuke skyer. Tung i kroppen dreg ein seg likevel pliktoppfyllande opp til nok ein hektisk morgon. Humøret blir slettest ikkje betre når trøytte augo får ljossjokk av den grelle baderomsarmaturen som lyser opp eit dorskt, vinterbleikt kvinnfolk i den store, tannkremflekkete spegelen. Den tidlegare så nette trusa som såg så innbydande ut på den smekre KappAhl-dokka, minner no meir om ei ihjelkokt bordfille (...men stramt sit ho, verkeleg stramt...), og den mjuke vomma har raude fingeravtrykk etter mange timar kvilande mot ei dovna hand på madrassen. Det verkar i desse minutta som eit håplaust prosjekt å freiste å omskape dette nitriste synet til ei serviceminded dame som smiler imøtekomande til lånarar gjennom ein lang dag på jobb...

Etter ein hard kamp framom spegelen mellom økter med nistesmørjing, vekkjing av overtrøytte ungar og pakking av ymse gymutstyr, kjennest det godt å endeleg vera framme ved "Bygget med Sjel". Når nøkkelen er vridd om i låsen og døra glir opp, siv ei lifleg, husmoderleg duft mot den nypudra nasen, og munter latter kan høyrast frå lenger inne i biblioteket. Der inne er dei dyktige vaskedamene for lengst godt i gang med husvasken til jul. Dei kliv høgt og krek lågt for å nå alle krokar med nyvridd fille, og skaper slik ei rein, trivleg stemning i dei varme romma. Så kosleg å kome på jobb til slike humørspreiarar!


Den tidlegare så tunge sinnstemninga stig enno fleire hakk når ei openberring syner seg på skranken. Der står det nemleg ein halvt oppakka, stor blome med eit flott kort knytt fast i toppen. Avsendar: tilfredse lånarar som takkar for god service! I lykkeleg undring MÅ sjefen kontaktast på fridagen sin så blomelånaren kan få sin velfortente takk. Men neida -sjefen hadde funne blomen utanfor døra då ho skulle gå heim kvleden før, og den blomstrande skjønnheita er eit altså eit mysterium! Den lokale blomebutikken kunne også avkrefte at blomen var kjøpt hos dei... Humøret går såleis meir og meir over i slarvekjerringmodus, der alle middel lyt takast i bruk for å spore kven denne, eller desse, lånarane er. Men trass i iherdig tankeverksemd og ymse forsøk på etterforsking i saka, står blomen og struttar med all sin løyndom ved stengetid etter endt arbeidsdag. Først fleire dagar seinare kjem ei særs tilfreds dame med eit lurt smil inn døra her og takkar for bamsemumsen ho fekk sendt med bøkene på teddybjørndagen, då ho sjølv hadde portforbod pga grynting og krøllrompetendens. Mysterie oppklara! Vi har ofte gjeve uttrykk for at vi har ein enormt takknemleg jobb, og når folk attpåtil kjem med blomar til oss -berre fordi vi har gjort jobben vår- blir ein reint rørt. Ikkje mange dagar tidlegare fekk vi også ein stor bukett langstilka roser frå ein tilfreds student, og det fordi HO hadde gjort det bra på eksamen! Tenkje seg til! Er det rart humøret er på topp hos ei dame i sin beste alder når arbeidsdagen byr på slike opplevingar? Då får det berre stå si prøve at den likaste glansen har sett sine beste dagar reint ytre sett...


...og i det ei avdanka ungdomsros er i ferd med å avslutte bloggen, kjem ein "gammal" ungsomskamerat tuslande inn på kontoret (ja, sjefen har faktisk lånt bort pulten sin i dag!). Eg skryter hemningslaust over kor godt han ser ut, då han frilyndt bøyer seg framover og blottlegg ein nett, liten, blank måne medan han ber seg over at manken på eldre dagar gror ned i hovudet og veks ut att som ei gild torve på ryggen... Og om ikkje det er nok, kjem Sjefen sjølv og innrømmer at ho deprimert har lagt merke til at majonestuba ho har i kjøleskåpet går ut på same dato som ho sjølv -23.02.2010!

Gløym datoen og slå ut håret (eller dei små tustane de har att) i helga! Ein særskild takk til Bjørn Ola Aukrust, som sporty ønskte å dele midtlivsproblemet sitt med oss alle denne gråe fredags ettermiddagen :-)

Bloggar: Merete -still going strong

9 kommentarer:

  1. Er fast lesar her, og smiler like breitt kvar gong eg les bloggen! Dykk er så flinke til å skrive!!! Blir inspirert til å lage ein blogg sjølv av dette her.
    Dette las eg forøvrig her ein dag; "Alderen har ikke stort å si - med mindre du er en ost". God helg!

    SvarSlett
  2. sjefen med liten s fekk faktisk lov til å vera i skrankeposisjon i dag. Fint at du tek deg god tid med nasepudringa om morgonen, Merete! Takk for koseleg helsing, Mari og god helg mellom dei 7 fjell. Vi gler oss på bloggen din! Og ostar er vi definitivt ikkje!

    SvarSlett
  3. Godt skreve, rett og slett!

    SvarSlett
  4. Kjenner meg faktisk meir som ein skikkeleg god årgangsvin, eg...

    Merete

    SvarSlett
  5. Eg skrattar godt og kosar meg med biblotekbloggen som alltid. Artigt å følgje livet heime på ein litt anna måte enn gjennom Fjuken.

    Ha ei god helg!

    SvarSlett
  6. Bra Kirsti! Vi set pris på våre trufaste lesarar. God helg i Stavanger:-)

    SvarSlett
  7. Fjuken er BRA, han, men kanskje ikkje riktig så intim... :-)

    SvarSlett
  8. Nå skjønar eg kvifor dykk fnisa så voldsomt fredag...hihi =)

    God blogg!!!

    Mvh Rita B.

    SvarSlett
  9. Fnisa??? Vi??? Vi gler oss over nye følgjarar:-)

    SvarSlett