Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 17. november 2009

What if?

Livet kan verke fullt av slumpetreff. For kvar og ein av oss startar det heile med det store kappløpet. Mykje av grunnlaget for vårt vidare liv blir lagt i denne tusendelen av eit sekund når vinnaren av racet bryt seg gjennom eggeforseglinga. Kven som blir foreldra dine og kva genmateriale du har å spela på resten av livet, blir avgjort ein gong for alle. Vidare er det millionar av celledelingsprosessar som skal klaffe for at du skal bli livet verdig. Ei mengd andre faktorar som kan påverke fosteret under svangerskap og fødsel, spelar også inn.

Etter at du er fødd, er det igjen uendeleg mange variablar som vert avgjerande for korleis livet ditt vil bli; kvar i verda du er fødd, kor eigna foreldra dine er til å ta seg av deg, kva stoff du er laga av for å tåle livet med dei opp- og nedturar det har å by på, kva erfaringar du gjer deg dine første leveår. Alt dette er avgjerande suksessfaktorar, og så langt i livet er det lite du kan gjera frå eller til for å styre dette. Etterkvart som du blir eldre og får di eiga vilje, ballar det ytterlegare på seg. Kvar dag heile livet må du ta større eller mindre val som du aldri heilt ser konsekvensane av. Iblant fell det seg lett, iblant kan det verke umogleg. Iblant vil eit val eller ei handling fylgje deg resten av livet og du vil tenkje kva om? Kva om eg hadde teke det flyet eg eigentleg skulle ta? Kva om eg hadde tatt den testen? Kva om eg hadde venta eitt minutt til før eg sette meg i bilen den dagen? Kva om eg hadde valt den andre vegen? Kva om eg hadde sagt det eg ikkje sa? Kva om?

Det er ulike syn på om livet er tilfeldig eller ikkje. Enkelte trur at det er ein plan med alt som skjer, at lagnaden er bestemt långt innan vi fötts. Andre meiner at høgare makter er fråverande. Det finst dei som trur vi kan smi vår eiga lykke og at vi kan påverke kvardagen og hellet vårt om vi tenkjer positive tankar. Dette er store og vanskelege spørsmål, og tre vise melder audmjukt pass og syng ein song for the asking. Det vi kan vera einige om, er at vegen vil vera både lystig og vrang for dei fleste av oss uansett utgangspunkt og kva val vi tek. Vi veit aldri kva som ventar bak neste sving. Biblioteket kan tilby bøker som på ulike måtar handlar om livet og lagnaden og dette kva om. Her ser du eit lite utval som på heilt ulike måtar og med ulikt utgangspunkt tek opp temaet.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar