Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 13. november 2009

Å vera til for kvarandre


Med jamne mellomrom -og så alt for ofte- kjem den brutale verkelegheita og slår heile lokalsamfunn ufortent rått i bakken. Då vi sjølve i går kunne sjå bilete av arbeidsplassen vår i avisene, med flagget heisa på halv stong i framgrunnen, visste vi at tida framover vil bli vanskeleg for dei trivlege elevane vi dagleg har besøk av på biblioteket, men også for oss som arbeider her på huset. Det kan ikkje vera meining i at ein livsglad gut på tur ut i livet brått skal bli borte og aldri meir spreie latter og liv rundt seg. Glade tenåringar skal heller ikkje måtte oppleve å gråte saman i sorgtungt tap over ein kjær jamaldring, og måtte plukke fram att gode minne i staden for å gle seg over felles framtidsplanar. Eit ungt menneske med heile livet framfor seg skulle også vore skåna for å få framtida si så ulykkeleg merka av at han var på feil plass til feil tid, og vi som i dag ser dette berre utanfrå må ikkje gje oss lov til å tru at vi aldri kunne vore i dette mennesket sin plass. Eit heilt, lite samfunn sit att i sjokk og vantru, og lyt i tida som kjem søkje saman i umenneskeleg sorg.

På biblioteket tenner vi levande ljos til minne om og i saknet av ein kjær elev og lånar, medan tankane går til familien som for all ettertid har fått eit tomrom som no kun kan fyllast med minne. Dersom nokon vil finne trøyst i litteratur, har vi funne fram nokre bøker som kan vere til hjelp i sorga.

Ta godt vare på kvarandre i helga -store og små!

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar