Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 31. mai 2011

Danse mi vise, gråte min song...

Student i innspurtfase... (merk snytfilla til høgre på pulten...)
Ei misvis stikk som snarast innom veven -kun for å formidle at omstenda på huset for tida ikkje er heilt under kontroll... Storvisa strevar og syng siste verset av innspurtsongen på etterutdanninga si (-det verset er visstnok utruleg langt...), noko som medfører studiedagar med febrilsk leiting etter ljoset i eit ubestemmeleg tal notat bak stengd dør til bakrommet. Underteikna går så lynande stilt i døra som mogleg når naudsynte æren til putremaskina i glaskarmen må utførast for å unngå væsketap, og lengtar pinleg taus til tida då notatpermen blir gøymd bort i hylla og tilveret normaliserer seg att. Sjølv om studenten blant papirhaugane hevdar at utdanninga tvingar fram omveltingar i systemet som for alltid vil medføre ei ny tid for travarane i gammelprestgarden...

Vi kjem sterkare attende snarast!

Misvise Merete

fredag 27. mai 2011

Danse mi vise

Tilveret i eit nøtteskal
Som dei fleste andre veker har også denne vore prega av større og mindre opp- og nedturar. Frå mitt liv som lærar tykkjer eg å minnast at det er pedagogisk rett å starte med det positive.

1. opptur: Boktips-idéen som medvise Byrøygard hosta opp onsdag. Vi jobbar med å forbetre oss på formidling, og den vanlegaste situasjonen vi står overfor er at vi skal formidle bøker vi ikkje har lese sjølve. Bibliotekarar rekk dessverre ikkje å lesa seg gjennom alle hyllemetrane med skjønn og fagleg litteratur som omkransar oss. Vi oppfordra difor på våre respektive facebøker, vennene våre til å koma med forslag til særs lesverdige bøker. Responsen var upåklageleg. Vi fekk inn 40 tips, alt frå Tonje Glimmerdal til Meg eier ingen, novellesamlingar som Historien om fru Berg og Du, humoristiske som Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant og Paasilinna, eksotiske som Maleren fra Shanghai  og Vanære, samtidsromanar som e-postromanen Mot nordavinden og klassikarar som Pan og Markens grøde. Takk til alle som deltok i stafetten! Delingskultur på sitt ypparste!

2. opptur: Brukarane våre gjev oss støtt og stadig oppturar og får bibliotekarhjarto til å svulme litt ekstra når dei iler til for å slå av ein bokprat på Bakeriet, Coopen eller kvar det måtte vera. Fortset med det!

3. opptur: Legendariske Bob har fylt 70 år denne veka. Det er ein opptur i seg sjølv med merksemda rundt han, tekstene og musikken. Ein ekstra opptur var det å lesa vinnarbidraget til omsetjinga av Lay Lady Lay til eit vakkert og poetisk nynorsk. Bloggaren er på nippet til å seie at ho er betre enn originalen, men held seg på nippet. Honnør til Diderik Beichmann for meisterleg utført verk!

Vår  nye kollega Buffer
4. opptur: Ny og betre reparasjonsmaskin til CDar og DVDar! 

Nedtur: Tysdag greidde einskilde av oss på sitt uvise vis det kunststykket å skrive inn feil passord 3 gonger på fjelldiktbloggen. Vedkomande svevar nå i den største uvisse om ho nokon gong vil greie å låse opp att døra til herlegdommen. Bloggande dataguruar vert mottekne med opne armar og grenselaus takksemd! Det er grunn til å grave seg ned både i tide og utide og gråte sin song.


Med ynskje om ei god og passordfri helg!

Rita

tirsdag 24. mai 2011

The dream of my life...

Smeden klar for eksosrypetur med kjerringa...
I første halvdel av 80-talet hadde eg mi fyrste eksosrype-oppleving, klamrande tett innåt ein barndomskjærast humpande bortetter setervegen ei sein natt rett før gauken gol 3 ønskeslag inn i forsommarmorgonen ved fjellvatnet. Brannsår av eksosrøyr på nakne leggar og sundrivne skoreimer filtra inn i iltre eikertar vart berre ein bonus i eit varig minne om eit fartsfylt eventyr i gryande ungdom, der lufta av bensin og fjellkjørr blanda seg med sveitte kroppar og svartsvidde pølser. Etter dette nådde lyden av mopeddur nye dimensjonar i ungjentelivet -ein lyd som kunne fangast opp på kilometers avstand, samstundes med at dei etter kvart så trente øyro skilde dei ulike mopedane frå kvarandre lenge før synet kunne fange inn ein putrande prikk i det fjerne. Naturlegvis vakte einskilde ekvipasjar større interesse enn andre, men grunnlaget var solid lagt for ei utprega interesse for køyrdoningar av ymse slag -om enn kanskje i visuell forstand.
Husmordraumen

Degradert fødselsdagsekvipasje...
I vaksen alder ønskte eg meg i fleire år ein jomfrutur i ein ekte amerikansk truck -med ein rotekte treskosjåfør- i 40-års gåve. Aldersgrensa for slike rypefakter er nådd utan at noko blankpolert eksemplar dukka opp i innkøyringa i baksida, og ekvipasjen på 40-års dagen vart degradert til boktralle med sjefen i tøflar som andrepilot... Livet er ikkje støtt så lettpåverkeleg, men eldhugen som brenn i hjarta til ei aldrande rype ulmar framleis under forklelivet. Det vart såleis liv bak gardinane på bakrommet då det i dag dukka opp ein gjeng flotte scooterar i regnveret på kyrkjevollen. Den falma rypa sprang glasimellom med kameraet i høg posisjon, før ho til sist sprang ut i medvinden for å forevige synet. Dei tyske sjåførane smilte beundringsverdig i skjegget mot det piskande regnet, medan dei kasta dårleg skjulte blikk mot den ulltrøyekledde kjerringa som flaug vimsete slalom mellom turistane på plassen og knipsa i veg med tunga rett i munnen... Endeleg -sommaren er her!



Spenstig, tysk innslag på kyrkjevollen

Fjørkledd bloggar: Baksiderypa M

fredag 20. mai 2011

Over the hills and far away

Onsdag snørte eg sekken, spente på meg bilbeltet og tok kuten over the hills and far away. Eg kledde meg i min minst typiske bibliotekar-look, ja, eg veit eg balanserer på ein egg av bibliotekarfordommar her, men iallefall drog eg på meg trange jeans, anonym T-skjorte og fancy solbriller som eg lånte av 14 åringen. Eg skulle nemleg vera ein kven-som-helst lånar som kom til ukjend bibliotek for å få anbefalt ei god bok. Dette er del av eit  lite forskningsprosjekt knytt til formidling i bibliotek, der eg ville sjå korleis formidlingsintervjuet eller inspirasjonsintervjuet fungerer i praksis.

For kven-som-helst kjendest det ufatteleg befriande å setje seg i ein liten, raud bil som kunne ta ho kvar som helst. At ho hadde kaffe i koppen og bruk for solbrillene, gjorde ikkje stunda verre. Dagen før hadde ho trivi med seg den fyrste og beste lydboka boktralla kunne by på. Umiddelbart etter take-off, lada ho spelaren og trykte Play. Den behagelege røysta til Duc Mai-The smaug seg inn øyregangane og leikte seg vidare innover i dei tronge korridorane til ho kom til senteret for gode opplevingar. Kven-som-helst slo opp døra på vidt gap og let seg forføre utan atterhald:

Sumire forelsket seg for første gang den våren hun var 22. Med voldsom kraft skar forelskelsen seg som en virvelvind i en rett linje over det vidstrakte slettelandet, feide over ende alt på sin vei og sugde det opp i atmosfæren hvor den rev det i fillebiter og sønderknuste  det hinsides enhver gjenkjennelse, uten antydning til å løye for vinden, videre over storhavene og la Angkor Vat øde og brente de indiske skoger og alle dens ulykksalige tigere til grunnen før den forvandlet seg til en sandstorm i den persiske ørken og begravde et avsidesliggende østerlandsk festningsverk i sand. Det var en forelskelse en bauta verdig.

Dette er historia om Sumire og Miu og om forteljaren K. Sumire, ei jente som drøymer om å bli forfattar og kler seg i store tweedjakker og boots, blir slukt opp av denne voldsomme forelskinga i den 17 år eldre Miu. Miu er ei brilliant, velståande og suksessrik kvinne som Sumire treffer i eit bryllaup. Sumire har ein betrudd i livet, forteljaren K, som  ho kan prate med i time etter time om dei små og store spørsmåla i livet. K på si side er håplaust forelska i Sumire. Det er ei historie om mysterium i kvardagen, om det lite forutseielege livet, om einsemd, om pariserhjul og om korleis ei einskild oppleving kan gjera kolsvart hår om til drivande kvitt på få timar, heilt utan bruk av bleikemiddel. Elskede Sputnik er elegant ført i pennen av Haruki Murakami.


Forskningsprosjektet var spennande og lærerikt, men kven-som-helst tek seg den fridom å berre seia A!

Rita kven-som-helst

lørdag 14. mai 2011

Tårer og smil


Store, seige tårer heng som tunge dropar frå dei vakre, eldfulle augo til porselensblomen i barneavdelinga denne veka. Hoyaen syrgjer like mykje som vakthavande over mangelfullt selskap å rive kjeft med. Slik munnleg aktivitet er sett av for særskilt utvalde, medan straumen av lånarar hovudsakleg blir offer for lettfatteleg konversasjonskunst utan ironiske undertonar. Då storberta midt i veka ikledde seg studentkappa og knalla til storbyen, drog den andre likesinna på seg hula-hula flyssa si og flaug i møte med trekkfuglane som enno ikkje har forstått at sommaren er her. Åleine att sat Hoya og eg med ein halvlunken kaffikopp på deling.

Einsemda tyngjer lukkelegvis ikkje lange stunda i dette huset. Torsdag morgon taut innleverte bøker formeleg ut av sprekken i innleveringskassa vår, som var fylt opp til brestepunktet av utlesen litteratur. Utover dagen fløymde trufaste lånarar på og spreidde liv blant hyllene og varme i hjarta på attgløyma. Ein aldri så liten fryd kitla oppover nakken ved tanken på den kunnskapssugne sjefen som sat bortgøymd på ein vandrarheim i meir sentrumsnære strok, slikka peiken og bladde i fagbøkene sine. Kaffikoppen på bakrommet vart kald, og det gjorde absolutt ingenting.

Fredag morgon stod eit hav av nervøst trippande ungdom på plassen utanfor døra då velkomstskiltet skulle ut i fri luft. Eksamensvarsel på trappa stod for tur, og spenninga låg som ein dirrande vibrasjon i lufta. Utover dagen var det så ymse andlet som dukka opp i døra -somme stråla i lykke over meldinga morgonen hadde kome med, medan andre seig tungt innover golvet i tung gruvsemd over dei neste dagane. I pur lykke over at eigne eksamensdagar definitivt er over -trur eg- kunne eg sjølv heller studere nærare førhistoriske dyr i 3d-versjon, etter at ein sur, kald kaffiskevett frå dagen før var tømt i vasken. Over helga blir det vel selskap og tilhøyrande kjeftriving attåt ein nykokt tår -slik kvardagen er på sitt aller beste!
Retteleg god laurdagsefta!

Selskapselskande bloggar: kvardagskledde Merete


tirsdag 10. mai 2011

Kven skal vi takke?

Det var mat på bordet da dei kom.
Med fare for gjenta oss sjølve til det keisame og misse ein del prosaiske lesarar, vil også bloggen i dag vera via  fjelldikta og lanseringa vi hadde i helga. Det hjartet er fullt av, renn tastaturet over med. Vi kan starte der. I hjarterommet. Der det finst, finst det også husrom vert det sagt. Dette er ein påstand som vart sett på harde prøvingar i helga. Rapportane frå opninga på Dombås laurdag varsla om ei publikumstilstrøyming på litt over 100 personar. Dette var sjølvsagt veldig gledeleg! Men så var det plassen her på biblioteket. Mot massive murveggar hjelp det lite om hjartene er aldri så romslege. Så når laurdagsnatta var som stillast, dukka skumle scenario fram frå hjernevindingane. Ein såg for seg vilt kaos, folk som svima av i mangel på oksygen, folk som trakka kvarandre ned, tome matfat, og midt oppi alt dette ei angstridd viskvinne som skulle presentere prosjektet på ein overtydande, full-kontroll-måte. Fuglane startar morgonsendinga halv fem.



Ord- og tonekunstnarar: Even Lusæter, Pål Svindland og Jon Eikemo

Folk strøyma til også her i Lom. Melon- og appelsin-båtane gjekk ned for fulle segl. Og vi hadde dei gode maktene med oss. Det gjekk akkurat! Det vart "stint bibliotek", men ingen svima av, fjelltau vart klipt og prosjektet presentert. Etter den ståande silditynne-buffeten her, gjekk vandringa over til Fjellmuséet der folk fekk sitje ned og nyte fjelldikt og "Den nye kappelanen" framført av Jon Eikemo. Det såg ut til at folket kosa seg. Det same gjorde arrangørane som kunne senke akslene fleire hakk. Arrangementet vart avrunda med dei to framåtstormande heidølane Even Lusæter og Pål Svindland. Dei framførte Aukrust og Jonsson kledd i sax- og kontrabassdrakt på ein framifrå måte. Jonssonsk lyrikk med klagande saxtonar til, ein uslåeleg kombinasjon! Betre kunne ikkje avslutninga på opninga vår bli, og vi håpar å sjå og høyre meir til desse to både som deltakarar i prosjektet og frå scener landet over.

På vegne av viskvinnene sender eg ein takk til alle som møtte opp frå fjern og nær og var med oss og gjorde dette til ein festkveld, til kollegaene i Skjåk og Vågå og i regionen elles, til ordførar Simen for tauklipping og gode ord med på vegen, til Jon for skodespel og malmfull røyst og til Even og Pål for at de tok hand om fjelllyrikken på ein så fortryllande måte. Takk til dykk alle for at de gjorde dette til ei av dei finaste sidene i minneboka vår!

Og til slutt må du ta turen om fjelldiktbloggen Ord om fjell! Vi håpar du følgjer oss vidare på ferda!

Takksam viskvinne: Rita

PS: Ekstra hyggeleg er det når forfattarar tek kontakt fordi dei har lyst til å vera med i "Ord om fjell". Vi er på langt nær ferdige med arbeidet, så fortvil ikkje om du ikkje finn dikta dine der enda. Vi har tråla dei fleste diktsamlingane av våre lokale diktarar, så har du vore i nærleiken av å skrive om fjell, så blir diktet ditt å finne i fjelldiktbloggen! Før eller seinare.

fredag 6. mai 2011

Dei gamle fjelli

Dette har vore veka for halve setningar, halvetne skiver, avbrotne tankerekkjer, avisannonser som ikkje dukka opp til avtalt tid og for VLC spelaren sin langdruge kamp mot ein kverulant av ein Quick time spelar. På bakrommet har det blitt sett ny pers i høgdehopp for blodtrykk utan tilløp, og neglane har blitt grundig ete opp, eh, ned. Men det gjer ingenting. Åss ha gjort kå gjerast skulle. I helga inviterer vi dykk med på fjellvandring i ord og tonar. Saman med viskvinnene og grannekollegaene blir Jon Eikemo og Even Luseter med tonefølgje med oss på vandringa. Vi håpar du blir med også! Det er klart for lanseringa av prosjektet "Ord om fjell"!

"Ord om fjell - ei digital fjellvandring" er eit prosjekt som vart starta opp av dei 6 biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen i samarbeid med Oppland fylkesbibliotek våren 2010. Vi har sidan den tid samla dikt som er relaterte til Nasjonalparkriket og til fjell generelt. Ved lanseringa har vi i alt 300 dikt, omlag 100 av dei er så langt publiserte. Vi har i fyrste omgang leitt etter fjelldikt blant våre lokale diktarar. Men vi har som mål å samle dikt om fjell frå heile landet. Det er gjort avklaringar med forlag, familemedlemmar eller andre som sit på rettane til dikta, slik at vi har fått løyve til å leggje dei ut i skriftleg eller innlese versjon.



Foto: Bernt Tordhol
Vekas fjelldikt
Kvar veke vil vi servere eit nytt fjelldikt i tekst, lyd og bilete. I tillegg til dikta, har vi også samla bilete frå fjellområda våre som skal leggjast ut saman med Vekas fjelldikt. Lokale aktørar har stilt velviljugt opp for oss og hjelpt oss med innlesinga. Der det er naturleg, blir dikta lese inn på dialekt. På denne måten profilerere vi også dialekta vår gjennom prosjektet. Vi ynskjer eit mangfald av røyster og innlesarar, profesjonelle, forfattarar som les eigne dikt, gamle, unge, menn og kvinner. Nokre av bibliotekarane har også delteke på kurs i leseteknikk og er med som innlesarar. Vi ynskjer å invitere med fleire i dugnaden for å samle fjelldikt. Viss du skriv sjølv eller veit om andre som likar å skrive eller deklamere fjelldikt, er vi glade for å få deg med på laget!


Vi vil vente med introduksjonen av nettstaden til lanseringa er over, men her kan de få ein liten smakebit. Høyr Even Luseter les diktet Fjellblomen av Ragnvald Skrede. Med dette ynskjer vi dykk ei god helg og håpar at du tek turen til biblioteket sundag kveld klokka sju!

Even Luseter les Fjellblomen av Ragnvald Skrede
Foto: Merete Byrøygard

Blogghelsing Rita

tirsdag 3. mai 2011

FRYD!

O, fryd! Det kvitrar og syng i skogen, sildrar og renn i bakken, spirar og gror på marka -og sitrar og brenn i ein vaspete skrott... Våren, denne salige tida som kvart år utrøytteleg kjem med lovnad om nytt liv, har nok ein gong sådd kåte partiklar i blodbanene til den elles så bedagelege norddølen. Blankpussa motorsyklar brølar gjennom bergomsgarden i hemningslaus glede over at vinterlagringa er over, og staute karar yngjest opp att i takt med stigande kubikkbrøl mellom låra. Riva går i taktfast driv over fjorgammalt lauv medan vassblemma kitlar i neven. Og ho mor sjølv -jau, ho gøymer ullonnbroka og sleikjer vårbleik sol med nybarberte åreknutar -livet er ein herleg runddans på daugras!

Vårkåt humle på nye oppdrag
Lomsrussen -våre eigne, kjære hybelkaninar gjennom 3 år- spissar det heile med knallraude dressar og huver med innhaldsrike duskar. Arten har vore rett så fredeleg enn så lenge, men biblioteket har stadig gleda av spenstig besøk av avgangselevane.

Nyfjelga utgåve av arten Lomsruss 2011



Sjølv har eg brukt nokre av dei finaste dagane denne våren på å lese det vakraste, mest rørande eventyret eg så langt har kome over i bokverda. Boka "Rom" av Emma Donaghue gjorde uutsletteleg inntrykk på meg, ein roman som ikkje kan samaliknast med noko anna eg har lese så langt.



5-åringen Jack har levd heile livet sitt i Rom, saman med Mamma og ein skummel, nattleg gjest som han kjenner som Gamle-Erik. For Jack er Rom den einaste verda han veit om, men for Mamma er Rom eit fengsel der ho freistar å skape eit normalt liv for sonen sin.

" I dag er jeg fem. Jeg var fire i går kveld da jeg gikk og la meg i Klesskap, men når jeg våkner i Seng i mørket, er jeg forvandlet til fem, abrakadabra. Før det var jeg tre og to og ett, og null. "Var jeg minustall?"
"Hmmm?" Mamma strekker seg stort.
"I himmelen. Var jeg minus ett, minus to, minus tre-?"
"Nei, tallene begynte ikke før du dalte ned."
"Gjennom Takvindu. Du var lei deg før jeg var i magen din."

"Det er sikkert og visst."Mamma lener seg ut av Seng for å slå på Lampe, han får alt til å lyse opp,svisj. 
Jeg lukker øynene akkurat i tide, og så gløtter jeg på det ene, og deretter begge. 
"Jeg gråt til jeg ikke hadde flere tårer igjen," forteller hun. "Jeg bare lå her og telte sekundene."


Våryr bloggar med alt for stor skrivekløe: Merete den ustoppelege...