Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 10. mai 2011

Kven skal vi takke?

Det var mat på bordet da dei kom.
Med fare for gjenta oss sjølve til det keisame og misse ein del prosaiske lesarar, vil også bloggen i dag vera via  fjelldikta og lanseringa vi hadde i helga. Det hjartet er fullt av, renn tastaturet over med. Vi kan starte der. I hjarterommet. Der det finst, finst det også husrom vert det sagt. Dette er ein påstand som vart sett på harde prøvingar i helga. Rapportane frå opninga på Dombås laurdag varsla om ei publikumstilstrøyming på litt over 100 personar. Dette var sjølvsagt veldig gledeleg! Men så var det plassen her på biblioteket. Mot massive murveggar hjelp det lite om hjartene er aldri så romslege. Så når laurdagsnatta var som stillast, dukka skumle scenario fram frå hjernevindingane. Ein såg for seg vilt kaos, folk som svima av i mangel på oksygen, folk som trakka kvarandre ned, tome matfat, og midt oppi alt dette ei angstridd viskvinne som skulle presentere prosjektet på ein overtydande, full-kontroll-måte. Fuglane startar morgonsendinga halv fem.



Ord- og tonekunstnarar: Even Lusæter, Pål Svindland og Jon Eikemo

Folk strøyma til også her i Lom. Melon- og appelsin-båtane gjekk ned for fulle segl. Og vi hadde dei gode maktene med oss. Det gjekk akkurat! Det vart "stint bibliotek", men ingen svima av, fjelltau vart klipt og prosjektet presentert. Etter den ståande silditynne-buffeten her, gjekk vandringa over til Fjellmuséet der folk fekk sitje ned og nyte fjelldikt og "Den nye kappelanen" framført av Jon Eikemo. Det såg ut til at folket kosa seg. Det same gjorde arrangørane som kunne senke akslene fleire hakk. Arrangementet vart avrunda med dei to framåtstormande heidølane Even Lusæter og Pål Svindland. Dei framførte Aukrust og Jonsson kledd i sax- og kontrabassdrakt på ein framifrå måte. Jonssonsk lyrikk med klagande saxtonar til, ein uslåeleg kombinasjon! Betre kunne ikkje avslutninga på opninga vår bli, og vi håpar å sjå og høyre meir til desse to både som deltakarar i prosjektet og frå scener landet over.

På vegne av viskvinnene sender eg ein takk til alle som møtte opp frå fjern og nær og var med oss og gjorde dette til ein festkveld, til kollegaene i Skjåk og Vågå og i regionen elles, til ordførar Simen for tauklipping og gode ord med på vegen, til Jon for skodespel og malmfull røyst og til Even og Pål for at de tok hand om fjelllyrikken på ein så fortryllande måte. Takk til dykk alle for at de gjorde dette til ei av dei finaste sidene i minneboka vår!

Og til slutt må du ta turen om fjelldiktbloggen Ord om fjell! Vi håpar du følgjer oss vidare på ferda!

Takksam viskvinne: Rita

PS: Ekstra hyggeleg er det når forfattarar tek kontakt fordi dei har lyst til å vera med i "Ord om fjell". Vi er på langt nær ferdige med arbeidet, så fortvil ikkje om du ikkje finn dikta dine der enda. Vi har tråla dei fleste diktsamlingane av våre lokale diktarar, så har du vore i nærleiken av å skrive om fjell, så blir diktet ditt å finne i fjelldiktbloggen! Før eller seinare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar