Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

lørdag 14. mai 2011

Tårer og smil


Store, seige tårer heng som tunge dropar frå dei vakre, eldfulle augo til porselensblomen i barneavdelinga denne veka. Hoyaen syrgjer like mykje som vakthavande over mangelfullt selskap å rive kjeft med. Slik munnleg aktivitet er sett av for særskilt utvalde, medan straumen av lånarar hovudsakleg blir offer for lettfatteleg konversasjonskunst utan ironiske undertonar. Då storberta midt i veka ikledde seg studentkappa og knalla til storbyen, drog den andre likesinna på seg hula-hula flyssa si og flaug i møte med trekkfuglane som enno ikkje har forstått at sommaren er her. Åleine att sat Hoya og eg med ein halvlunken kaffikopp på deling.

Einsemda tyngjer lukkelegvis ikkje lange stunda i dette huset. Torsdag morgon taut innleverte bøker formeleg ut av sprekken i innleveringskassa vår, som var fylt opp til brestepunktet av utlesen litteratur. Utover dagen fløymde trufaste lånarar på og spreidde liv blant hyllene og varme i hjarta på attgløyma. Ein aldri så liten fryd kitla oppover nakken ved tanken på den kunnskapssugne sjefen som sat bortgøymd på ein vandrarheim i meir sentrumsnære strok, slikka peiken og bladde i fagbøkene sine. Kaffikoppen på bakrommet vart kald, og det gjorde absolutt ingenting.

Fredag morgon stod eit hav av nervøst trippande ungdom på plassen utanfor døra då velkomstskiltet skulle ut i fri luft. Eksamensvarsel på trappa stod for tur, og spenninga låg som ein dirrande vibrasjon i lufta. Utover dagen var det så ymse andlet som dukka opp i døra -somme stråla i lykke over meldinga morgonen hadde kome med, medan andre seig tungt innover golvet i tung gruvsemd over dei neste dagane. I pur lykke over at eigne eksamensdagar definitivt er over -trur eg- kunne eg sjølv heller studere nærare førhistoriske dyr i 3d-versjon, etter at ein sur, kald kaffiskevett frå dagen før var tømt i vasken. Over helga blir det vel selskap og tilhøyrande kjeftriving attåt ein nykokt tår -slik kvardagen er på sitt aller beste!
Retteleg god laurdagsefta!

Selskapselskande bloggar: kvardagskledde Merete


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar