Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 27. mai 2011

Danse mi vise

Tilveret i eit nøtteskal
Som dei fleste andre veker har også denne vore prega av større og mindre opp- og nedturar. Frå mitt liv som lærar tykkjer eg å minnast at det er pedagogisk rett å starte med det positive.

1. opptur: Boktips-idéen som medvise Byrøygard hosta opp onsdag. Vi jobbar med å forbetre oss på formidling, og den vanlegaste situasjonen vi står overfor er at vi skal formidle bøker vi ikkje har lese sjølve. Bibliotekarar rekk dessverre ikkje å lesa seg gjennom alle hyllemetrane med skjønn og fagleg litteratur som omkransar oss. Vi oppfordra difor på våre respektive facebøker, vennene våre til å koma med forslag til særs lesverdige bøker. Responsen var upåklageleg. Vi fekk inn 40 tips, alt frå Tonje Glimmerdal til Meg eier ingen, novellesamlingar som Historien om fru Berg og Du, humoristiske som Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant og Paasilinna, eksotiske som Maleren fra Shanghai  og Vanære, samtidsromanar som e-postromanen Mot nordavinden og klassikarar som Pan og Markens grøde. Takk til alle som deltok i stafetten! Delingskultur på sitt ypparste!

2. opptur: Brukarane våre gjev oss støtt og stadig oppturar og får bibliotekarhjarto til å svulme litt ekstra når dei iler til for å slå av ein bokprat på Bakeriet, Coopen eller kvar det måtte vera. Fortset med det!

3. opptur: Legendariske Bob har fylt 70 år denne veka. Det er ein opptur i seg sjølv med merksemda rundt han, tekstene og musikken. Ein ekstra opptur var det å lesa vinnarbidraget til omsetjinga av Lay Lady Lay til eit vakkert og poetisk nynorsk. Bloggaren er på nippet til å seie at ho er betre enn originalen, men held seg på nippet. Honnør til Diderik Beichmann for meisterleg utført verk!

Vår  nye kollega Buffer
4. opptur: Ny og betre reparasjonsmaskin til CDar og DVDar! 

Nedtur: Tysdag greidde einskilde av oss på sitt uvise vis det kunststykket å skrive inn feil passord 3 gonger på fjelldiktbloggen. Vedkomande svevar nå i den største uvisse om ho nokon gong vil greie å låse opp att døra til herlegdommen. Bloggande dataguruar vert mottekne med opne armar og grenselaus takksemd! Det er grunn til å grave seg ned både i tide og utide og gråte sin song.


Med ynskje om ei god og passordfri helg!

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar