Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 24. mai 2011

The dream of my life...

Smeden klar for eksosrypetur med kjerringa...
I første halvdel av 80-talet hadde eg mi fyrste eksosrype-oppleving, klamrande tett innåt ein barndomskjærast humpande bortetter setervegen ei sein natt rett før gauken gol 3 ønskeslag inn i forsommarmorgonen ved fjellvatnet. Brannsår av eksosrøyr på nakne leggar og sundrivne skoreimer filtra inn i iltre eikertar vart berre ein bonus i eit varig minne om eit fartsfylt eventyr i gryande ungdom, der lufta av bensin og fjellkjørr blanda seg med sveitte kroppar og svartsvidde pølser. Etter dette nådde lyden av mopeddur nye dimensjonar i ungjentelivet -ein lyd som kunne fangast opp på kilometers avstand, samstundes med at dei etter kvart så trente øyro skilde dei ulike mopedane frå kvarandre lenge før synet kunne fange inn ein putrande prikk i det fjerne. Naturlegvis vakte einskilde ekvipasjar større interesse enn andre, men grunnlaget var solid lagt for ei utprega interesse for køyrdoningar av ymse slag -om enn kanskje i visuell forstand.
Husmordraumen

Degradert fødselsdagsekvipasje...
I vaksen alder ønskte eg meg i fleire år ein jomfrutur i ein ekte amerikansk truck -med ein rotekte treskosjåfør- i 40-års gåve. Aldersgrensa for slike rypefakter er nådd utan at noko blankpolert eksemplar dukka opp i innkøyringa i baksida, og ekvipasjen på 40-års dagen vart degradert til boktralle med sjefen i tøflar som andrepilot... Livet er ikkje støtt så lettpåverkeleg, men eldhugen som brenn i hjarta til ei aldrande rype ulmar framleis under forklelivet. Det vart såleis liv bak gardinane på bakrommet då det i dag dukka opp ein gjeng flotte scooterar i regnveret på kyrkjevollen. Den falma rypa sprang glasimellom med kameraet i høg posisjon, før ho til sist sprang ut i medvinden for å forevige synet. Dei tyske sjåførane smilte beundringsverdig i skjegget mot det piskande regnet, medan dei kasta dårleg skjulte blikk mot den ulltrøyekledde kjerringa som flaug vimsete slalom mellom turistane på plassen og knipsa i veg med tunga rett i munnen... Endeleg -sommaren er her!



Spenstig, tysk innslag på kyrkjevollen

Fjørkledd bloggar: Baksiderypa M

2 kommentarer:

  1. Spenstige farkostar men heller liten plass for "ryper"!

    SvarSlett
  2. Rypene treng den trimmen dei får, så det er eit taktisk trekk at det er trongt om plassen i kjørkoppen :-)

    SvarSlett