Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 25. oktober 2011

Kjære alle undrande i Lom og kvarsomhelst

Verdas husflidsdag
Kva er eit bibliotek? Bibliotek tyder boklager. Bøker er naturleg nok hovudingrediensen i eitkvart bibliotek, og det å stille bøker og andre medium til disposisjon, er vår lovpålagde plikt. Men biblioteket er meir enn bøker. Biblioteket er bygninga. Biblioteket er inventaret. Biblioteket er andre medium. Biblioteket er arrangement. Biblioteket er møtestaden. Biblioteket er læringsarenaen. Biblioteket er brukarane våre. Biblioteket er dei tilsette. Biblioteket er atmosfæra.

I tillegg til ei fysisk, har dei fleste bibliotek også ei digital side. Vårt digitale tilbodet er ei heimeside og to bloggar. Fjelldiktbloggen samarbeider vi med dei andre biblioteka i regionen om, og mange andre dyktige medarbeidarar er også med og bidreg her. Den andre bloggen, som du nå sit og les, er vårt eige prosjekt som kom i gang i 2008. Etter den tid har vi skrive blogginnlegg to gonger i veka, om større og mindre hendingar på biblioteket vårt. Ingen har pålagt oss å blogge. Ingen kan påleggje oss kva vi skal blogge om. Om det stundom kan sjå slik ut, er likevel ikkje blogginga vår heilt vilkårleg.

Ein 24 timars turist i Lom gjestar biblioteket
Hovudmålet vårt som gjennomsyrar heile drifta både i det fysiske biblioteket og i våre digitale tilbod, er det å lokke folk til å bruke biblioteket. Vi skriv blogg for å gjera biblioteket synleg, cause the times they are a changing! Vi kan nå sitja i kvar vår sofa og laste ned bøker på lesebretta våre. Biblioteka er så smått i gang med utlån av e-bøker, og institusjonen vil nok bestå også etter e-bokrevolusjonen, men når teknologien opnar for enkle løysingar frå sofakroken, er det grunn til å vera føre var. Vi trur dette er den største utfordringa biblioteka har i vår digitale tid. Vi må gjera oss synlege! Vi må vera aktive! Vi må gje folk gode grunnar til å bruke biblioteket! På Lom folkebibliotek håpar vi at det å halde ein høg profil, det å stikke seg fram, Fysj og Fy!, det å prøve å syne noko av atmosfæra som pregar biblioteket, i neste omgang kan føre til at folk oppsøkjer oss. Biblioteket er ein daud institusjon viss det ikkje bli brukt! Det er difor vi bloggar.

Sjølvsentrerte bibliotekarar i Lom
Kva skal fylle bloggen? Mange bibliotek skriv reine bokbloggar. Ære vera dei for det! Vi var redde for at ein blogg som berre inneheld bokomtaler, ville bli kjedeleg i lengda. Vi var også samde om at vi ville leggje ein personleg vri på dei bokomtalene vi skreiv, fordi vi trur at det kan ha positiv effekt å lesa om korleis andre opplever ei bok. I tillegg ville vi skrive om større og mindre hendingar på biblioteket og iblant om kva som opptek oss. Blant anna er vi del av eit lokalsamfunn. Det som skjer i bygda elles, er med på å prege biblioteket også. Dette er ein alternativ bibliotekblogg. Vi ser at han kan verke navlebeskuande. Og vi er klar over at han ikkje vil appellerer til alle. Det finst veldig mange gode alternativ for dei som berre vil lesa bokomtaler. Med 52 følgjarar, gode besøkstal og positive kommentarar, har vi likevel grunn til å tru at han har si lesarskare som han appellerer til.

Vi set stor pris på at folk engasjerer seg i biblioteket og i bloggen vår. Vi vil gjerne ha attendemeldingar og innspel på det vi gjer - også kritiske! Vi set stor pris på at folk tek kontakt med oss direkte, for vi tykkjer det er litt feigt å skrive anonymt på baksida av GD. Vi kan by på kaffe og som regel ein kjeks eller sjokoladebit, viss du tek deg ein tur. Det ville vore koselegare og meir realt! Og hugs for all del: Bloggen er eit tilbod, ingen tvang!

Elles har vi for fleire veker attende, bestemt at vi berre har kapasitet til å blogge ein gong i veka. Heretter kjem nye innlegg i bloggen berre på tysdagar.

Blogghelsing: Rita

fredag 21. oktober 2011

Lom folkebibliotek 2001 - 2011

Jubileumsfeiringa er over for denne gong. For å motarbeide historieløyse: Her kjem ei kort oppsummering med tilbakeblikk og nokre av høgdepunkta frå vår 10 år lange historie på Gamle Loar.


Biblioteket låg fram til juni 2001 i 2. etasje på Lom samfunnshus i små og lite tilgjengelege lokale. Vi var 2 tilsette på 1,5 årsverk med 2 filialar. I januar 2000 vart det bestemt at biblioteket skulle flyttast til Gamle Loar, den gamle prestegarden i Lom. På denne tida hadde vi ikkje automatisert utlån, purringar vart ekspedert frå kjøkenbordet heime med gjennomgang av kortstabelen for utlånte bøker. For på den tida var det nesten berre bøker på biblioteket og nokre lydbøker på kassett. Ei stor hending dette året var at vi fekk vår fyrste publikums PC med tilgang til internettet!

April 2001: Vi får tildelt 150.000 frå Statens bibliotektilsyn til prosjektet "Loar kultur- og informasjonssenter". Totalt mottok vi 540.000 over 3 år til dette prosjektet der målet var å utvikle eit lokalt senter for kompetanseutvikling (Studiesenteret) og utvikle biblioteket til å bli ein sentral møteplass i kommunen. Vi vart også med i breiband-prosjektet i regi av Oppland fylkesbibliotek som syrgde for breiband, videokonferanseutstyr og ny kompetanse gjennom studiet "Biblioteket som læringsarena".

9. august 2001: Opning av det nye biblioteket på Gamle Loar.

April 2002:  Vi får barne- og ungdomsbibliotekar i 60% stilling og blir 3 tilsette. Gleda var til å ta og føle på! Vi startar også opp med laurdags- og sommarope bibliotek.


1. august 2002: Bøverdalen folkeboksamling vert lagt ned.

2003: Prosjekta vert avslutta. Vi har utstilling i høve jubiléet for utvandringa til Amerika og Ove Tidemansen lanserer diktsamlinga si "Kjærleikens morgongry" på biblioteket.

2004: Vi opprettar musikksamling og arrangerer temakveld om brød og baking med vår nye bakar Morten Schakenda.

2006: Biblioteket har dobla utlånet sidan 1999 frå 11.270 til 22.722 utlån. Merete kjem på Østnytt på grunn av samarbeidet med helsestasjonen og "Les for livet"-prosjektet.

2007: Opning av Nasjonalparkbiblioteket i dei 6 Norddalsbiblioteka.


2008: Toppår! Over 10 utlån pr innbyggjar i snitt. Vi får ferdigstilt Regional bibliotekplan for Nord-Gudbrandsdalen 2008 - 2012. Besøk av Klovnen Knut i mai og desember. Aud Kvamme tek over etter Kari Langøygard som 3. kvinne på laget og vi lanserer "Tre vise kvinners blogg".

2009: Garmo folkeboksamling nedlagt frå 01.01.2009. Biblioteket får ny heimeside.

2010: Oppstart av prosjektet "Ord om fjell - ei digital fjellvandring" med støtte frå Regionrådet og Oppland fylkesbibliotek. "3 på ein kveld" med Magnhild Bruheim, Ragnhild Kolden og Morten Schakenda som alle tre kom med nye bøker. Morten spanderte lekker og velsmakande tapas!

2011: Lansering av fjelldiktprosjektet "Ord om fjell". 10 årsjubileum med kake, klovneri og kriminelt kveldsbad.

Knut Berntsen, Hans Olav Lahlum, Rune Timberlid, Eystein Hanssen og Reidar Kjæstad.

Tre vise tør ikkje spå 10 år fram i tid korkje når det gjeld vitaliteten til biblioteket eller hos dei tilsette. Men vi trur det blir viktig å leggje til rette for at biblioteket skal fortsetja å vera ein sentral møteplass i bygda der det er naturleg å slå av ein bokprat og ein prat om vêr og vind. Vi ynskjer viss vi kan, å utvide opningstida til 6 dagar i veka. Vi trur formidling blir eit viktig satsingsområde. Vi trur både små og store vil ha hjelp til å finne fram i jungelen av bøker og få presentert litteraturen på ein inspirerande måte. Vi trur på papirboka ei stund til. Vi trur også på e-bok og bibliotek.Vi trur på framtida for det skrivne ordet!

Neste veke stengjer vi biblioteket. Vi skal innføre ny versjon av biblioteksystemet og skal kursast.

Bloggar: Rita

tirsdag 18. oktober 2011

10 år med opptur

For 10 år sidan flytta Lom folkebibliotek inn i lokala her i gammelprestgarden, noko vi har feira gildt med kaffe, saft og kake i heile dag. Det har vanka godord og blomehelsingar i gildt monn, slik som høyrer store feiringar til. Utpå eftan kom Klovnen Knut for å more store og små, medan jubileringa no om litt vert avslutta med kriminelt kveldsbad på Fossberg. Dagen i går kan stutt oppsummerast med følgjande biletsekvens:






Skikkelege husmødre dynkar blautkaku med skei...













                                                                                

...men ekte jubilantar gjer som hovmeisteren...
.
.




Husmora gjer sitt beste for å oppnå eit framifrå resultat...


...medan andre berre "klesser på...






Mykje godt må til -lag på lag med søtt og godt...










...og enno eit lag med godt på topp!





Husmødre er livredde at maten ikkje skal strekkje til, med det resultatet at kaka tysdag kveld ser slik ut...og det knøttvesle kjøleskapet på bakrommet ser ut til å få ei utfordring til natta...













Stappmett bloggar: Merete

fredag 14. oktober 2011

Det er myrkt og me treng ei hand!


Kvinner som går i hop dagstøtt, tett på, over lengre tid, lærer seg etterkvart å tyde teikna som avslører om dagen er god, om livslysta er tilstades og om smeden har røykt elvefisk i det siste. Ein lærer seg dei viktige kodene. Når ein kjem heseblesande inn døra etter ei hektisk morgonstund med attgløymde sekkar og den dårlege kombinasjonen is på rutene og sommarlege dekk på bilen, kan ein ane det på blikket som møter ein over brillekanten. På draget over munnen. På kor stor prosentvis stigning det er opp nakkevirvlane. På bokstav per sekund på tastaturet.

Undrande
Er turtalet høgt, blikkontakta minimalistisk og ein får eit "eg-har-viktigare-ting-fore" hei, skjønar ein at det er best å gå stille i bakromsdørene. Ein skulle kome tidlegare. Ein skulle hatt kaffen klar. Ein skulle for svingane sett til å få unna nokre av haugane på pulten - høh! Heldigvis er det langt mellom slike dagar. Som regel osar det av nytrekt kaffe, fuktige, velduftande kremar og av ljos og lett skratt. Dei vise kollegaene mine er velsigna med gode lynne og lette sinn, og det er berre unntaksvis at smeden vel elvefisk framfor peiskos.




Venstre hånd over høyre skulder
Ein blir uansett prega av det tette samlivet, av denne symbiosen. Ein skurar, gnissar, skvisar, stryk og klappar. Ein formar og vert forma. Dess tettare og mindre økosystemet er, dess viktigare er det at symbiosen utviklar seg i retning mutualisme, ei form for symbiose som gjev alle organismane i samlivet fordelar. Denne veka har symbiosen i bokheimen nådd nye høgder. Vi har rynka bryna, sett brillune på nasen og fordjupa stupet i panna ytterlegare, sidan eit par av viskvinnene på same tid har utvikla betente armar. Den eine høgre, den andre venstre. Sjølvsagt. Vi snakkar mutualisme i andre potens. Det er myrkt og me treng ei hand. Eller to.

Elles gler vi oss på jubileum komande tysdag med klovneri og kriminelle kveldsbadarar. Vi håpar du blir med oss!

Venstrehandsbloggar: Rita

tirsdag 11. oktober 2011

50 år med Vera

Lomseggen ein haustdag på 60-talet
Vi lomverar er ofte dyktige til å skryte av alle dei suksessrike lyrikarane bygda har fostra opp gjennom åra. Vi ønskjer og trur at den flotte naturen har gjeve grobotn for inspirasjon, og vekt til live eit rikt kjensleregister å ause av for dei som verkeleg hadde evner for vàr poesi, kraftfulle strofer og malande dikt. Eg tenkte også dette då eg i dag segla nordover på den glaserte, nylagde asfalten nedover Rådsbakken. Midt i mot steig den lette haustskodda varsamt opp og kvervla bort til ingenting, medan den mektige Lomseggen raga snøkvit og solblenkjande mot meg bak haustgul draum. Dette skulle han sett frå stusslestugun, han Tor, tenkte eg -dette overdådig vakre, levande maleriet, som gjer ei fattig sjel så inderleg takksam rik. Eit privilegium er det, å kunne starte ein surkald tysdagsmorgon med eit slik mektig møte. Hadde evnene vore til stades, skulle eg gjeve det flotte fjellet eit vakkert dikt denne morgonen. Dei var dessverre ikkje til stades, på lik line med den fråverande spegelregfleksen...


Vår eigen Vera
Ei anna dame som derimot har evner til stor litteratur, er Vera Henriksen. Vera er fødd og oppvaksen i Oslo, men har budd fleire stader før ho sist på 40-talet flytta til USA. Heile tida har ho vore sterkt interessert i historie, med særleg vekt på norrøn sagahistorie, men også musikk, matematikk, arkeologi, antropologi og psykologi har opptatt den kunnskapsike Vera. Sist på 1970-talet gjorde Vera og familien lomverar av seg, der ei mengd bøker sidan har vorte til under dei produktive fingrane til den suksessrike forfattaren.

I 1961 gav Henriksen ut Sølvhammeren, den første av ei lang rekkje romanar med gilde persongalleri, flotte naturskildringar og solid lokalhstorie. Vi feirar såleis i år 50-års jubileum for vår eigen Vera, som også har vorte tildelt fleire høgthengjande prisar. Blant anna vart ho i 1997 utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden. Med det enormt omfattande forattarskapet bak seg har lomverane har trykt Vera varmt innåt hjarta, på lik line med dei andre store ordmektige bygda har hysa. Ho ragar som ei einsleg rose blant dei høge herrane, og vi heidrar i desse dagar Vera Henriksen med velfortente utstillingar i biblioteket.

Imponert bloggar: Merete

fredag 7. oktober 2011

Skäms inte för att du är människa, var stolt!

Gratulerer til Tomas Tranströmer og til poesien med Nobels litteraturpris 2011. Prisen får Tranströmer "fordi han i fortettede, gjennomskinnelige bilder gir oss ny tilgang til virkeligheten", heiter det i Svenska Akademien si grunngjeving.
Jag bärs i min skugga 
som en fiol i sin svarta låda 
Det enda jag vill säga 
glimmar utom räckhåll 
som silvret hos pantlånaren.
Foto: blogg.wolfdog.no

Två sanningar närmar sig varann. 
En kommer inifrån, en kommer utifrån
och där de möts har man en chans 
att få se sig själv.
 
Marc Chagall: I and the Village
Foto: R.E.M., MoMa 2010
Mitt i livet händer det att döden
kommer och tar mått på människan.
Det besöket glöms och livet fortsätter.
Men kostymen sys i det tysta.

Skäms inte för att du är människa, var stolt!
Bloggar: Rita


Det finns mitt i skogen en oväntad glänta som bara kan hittas av den som gått vilse.

tirsdag 4. oktober 2011

Til Simen!

Førskuletid:
Merete fortel: Simen. Ein sped, liten kar med tidsriktig gild topphuve laut ei vårblaut veke i -77 ta fri frå lamming og vassveiting for å møte framtidige klassekameratar på den vesle grendaskulen ved foten av Høgkollen. Barnehage var eit framandt omgrep for dei spente førskuleelevane, så nyfikna bevra om kapp med fuglekvitteret i ljosløypa då dei 10 små første dagen kasta stolne blikk oppunder huvkanten åt jamaldringane. Guten frå garden med den eventyrlege utsikta over Vårdalen drog huva godt ned over øyro, og gjorde elles det han kunne for å verke usynleg i det store klasserommet. Liten og lur, kjenslevár og spretten, varsam med å hevde seg blant dei store elevane. Lite visste nok den mønstra topphuva kva ho den gong var i ferd med å ruge på. Og lite visste den vesle, lubne kva for framtidige storleikar ho sto trygt plassert mellom på skuletrappa fysste dagen...
Simen, Merete, Rita
Fyrsteklasses tid:
Rita fortel: På den vesle skulen, i den vesle grenda, i den vesle bygda, tett inntil det nyutsprungne, vesle byggefeltet, med dei små drivhusa, der små tomatplanter med små tomatar vart dyrka, troppa ti små fyrsteklassingar opp til sin fyrste skuledag ein augustdag i 1977. I 1. klasse var det sju jenter og tre gutar det året. Ei av dei nusselege jentene med fine hender, føter små, var kollega Merete, sjølvsikker og velskapt heilt ut i dei nette, ørsmå fingertuppane. Ho som var eit hovud og ein glitterblå pologenserhals høgare, med utstikkande ribbein og motto "Teie er gull", var meg. Ein av dei knøttsmå gutane var Simen. I heile fyrsteklasse var den tause overtydd om at vi song om klassekamerat Simen kvar dag.

"Når du ser en venn som gråter,
for at andre gikk sin vei,
skal du rekke hånden ut
og simen jeg er glad i deg."

Ikkje noko å krangle på det, at vi song om og var glad i Simen! Guten var jo ein snill og lugum kar.  Elles tykte eg inderleg synd på han som hadde uff, den leie bakken å traske heim etter skulen kvar dag. Ikkje rart om han kunne trenge til ei handsrekkjing.

Storskulen
Merete, Simen og Bjarne Eiolf
Merete fortel: Simen. Ein kjapp rugg på fotballbana i skulegarden. Jentene enste korkje han eller dei andre gutane noko vidare –historia ville det slik at den snauslitne fotballbana var maskulint dominert, museflettene fekk pent hoppe strikk. Men på formingssalen, saman med ein medsamansvoren -usagt kvifor nett her- openberra ballentusiasten etter kvart uante talegåver. Skeive skråband og spinnville spolar levde sitt eige, skakkjørte liv medan guten ved fjellvegen lokka fram motstridige rykningar i munnvikene på frøken Lisbeth. Livet var i ferd med å forme guten, gode gen vart vidareutvikla og ein solid, politisk arv fekk grobotn til fri utfalding. Når det storma som verst, vart derimot striluggen stille og tenkt, bortimot usynleg bak pulten. Opne konfrontasjonar fekk strie småfrøkner og oppsetsig ramp framleis ta seg av. I høgda stakk han seg heller ikkje særskilt ut enno...

Ungdomsskuletid
Bjarne og Simen
Rita fortel: På ungdomsskulen vart vi delt og blanda med den tøffe senterungdommen. Misforstå ikkje, her var det bustadadresse Lom sentrum og ikkje grøne firkløver som gjorde dei tøffe og skumle for oss utkantungdommane. Den lange, granne, som på den tida korkje utmerka seg som særleg lang eller grann lenger, hamna i klasse 7A saman med Simen. Av dei mest skilsetjande opplevingane frå ungdomsskuletida, er leirskuleturen vår til Bjørnsund. Her fekk den kommande ordføraren bryne seg på tøff sjøgang og erfarne Brumunddalsjenter. Vi kan vel slå fast at han takla begge delar sjøsjukt dårleg. Når han ikkje hang over ripa på Øybjørn, like grøn i maska som partiet han seinare skulle sverge til, flykta han frå dei eit år eldre og ti år dristigare Brumunddalsjentene. Vi Lomsjentene var skrekkslagne vitne til at brumunddølane "oppdaga" den eine etter den andre av dei søte, små gutungane i klassa vår. Ein etter ein av dei kom att stygt merkte og  medtekne etter måneskinsturar med dei erfarne. Einskilde av gutane vart nok mest brukte som teddybjørnar, men Simen var heile tida under streng overvaking av læraren som hadde lovt mora å passe på så han ikkje rota seg borti kvinnfolk på turen. Læraren tok oppgåva på alvor og sleppte ikkje guten av syne. Han kunne ved heimkomsten overlevere han utan varige men og forsikre mora om at han var urørt av kvinnehender.

På det skulefaglege området utmerka Simen seg mest med at han uansett oppgåve, greidde å pense inn på dette Manchester United i kvar einaste stil han skreiv. Eg mistenkjer han elles for at samfunnsfag og særleg historie var favorittfaget hans, og minnest harde dystar om å kapre flest poeng på historieprøvene. Spenninga bygde seg opp mot den store styrkeprøva; prøva om 2. verdskrigen i 9. klasse. Her verserer det rykte frå påliteleg hald om ein særs tett og hard fight med høg puls- og blekksprutfaktor. Det stod om dei viktige halve ekstrapoenga! Elles var Simen ein ordfør skøyar alt på denne tida, og var eit naturleg val som konferansier på elevmøta.

Ordførartid
Merete fortel: Simen. Guten vart vaksen, jamvel lang, sterk i meining og handling. Han tok Ordet, vann tillit, vann seg vener i nord og sør og vart Talsmann for heile bygda. Nøktern og ærleg, framtidsretta og nytenkjande la han kabalen sin godt. Korthanda var ikkje alltid den beste, men dei rette utspela gjort til rett tid, saman med gode lagspelarar, gav jamnt gode resultat. Det kalde landet i nord oppdaga ei lita kommune mellom høge fjell, der ein modig maur aldri gav opp, der folket treivst og kunne syne til gode resultat. Kjøret hadde sin pris, og mauren laut krupe utsliten opp si høgste tuve, før han igjen nådde toppen, klar til ny kamp for folket sitt. Også dette fekk bygdeborna ta del i, nakent og ærleg, som berre ei modig sjel tør å dele. Simen har gjeve bygda eit andlet, eit namn og ein status. Han er framleis vår barndoms klassekamerat, og vi er stolte over å ha fått ta del i eventyret Lom.

Og no skal medelev nr 4 ta over kortstokken. Merete og Rita ynskjer Bjarne Eiolf alt hell og lykke til medan vi nynnar i kor på Drillo-sangen: Takk for alt du ga, Simen, og lykke til i direktørstolen!