Biblioteket låg fram til juni 2001 i 2. etasje på Lom samfunnshus i små og lite tilgjengelege lokale. Vi var 2 tilsette på 1,5 årsverk med 2 filialar. I januar 2000 vart det bestemt at biblioteket skulle flyttast til Gamle Loar, den gamle prestegarden i Lom. På denne tida hadde vi ikkje automatisert utlån, purringar vart ekspedert frå kjøkenbordet heime med gjennomgang av kortstabelen for utlånte bøker. For på den tida var det nesten berre bøker på biblioteket og nokre lydbøker på kassett. Ei stor hending dette året var at vi fekk vår fyrste publikums PC med tilgang til internettet!
April 2001: Vi får tildelt 150.000 frå Statens bibliotektilsyn til prosjektet "Loar kultur- og informasjonssenter". Totalt mottok vi 540.000 over 3 år til dette prosjektet der målet var å utvikle eit lokalt senter for kompetanseutvikling (Studiesenteret) og utvikle biblioteket til å bli ein sentral møteplass i kommunen. Vi vart også med i breiband-prosjektet i regi av Oppland fylkesbibliotek som syrgde for breiband, videokonferanseutstyr og ny kompetanse gjennom studiet "Biblioteket som læringsarena".
9. august 2001: Opning av det nye biblioteket på Gamle Loar.
April 2002: Vi får barne- og ungdomsbibliotekar i 60% stilling og blir 3 tilsette. Gleda var til å ta og føle på! Vi startar også opp med laurdags- og sommarope bibliotek.
1. august 2002: Bøverdalen folkeboksamling vert lagt ned.
2003: Prosjekta vert avslutta. Vi har utstilling i høve jubiléet for utvandringa til Amerika og Ove Tidemansen lanserer diktsamlinga si "Kjærleikens morgongry" på biblioteket.
2004: Vi opprettar musikksamling og arrangerer temakveld om brød og baking med vår nye bakar Morten Schakenda.
2006: Biblioteket har dobla utlånet sidan 1999 frå 11.270 til 22.722 utlån. Merete kjem på Østnytt på grunn av samarbeidet med helsestasjonen og "Les for livet"-prosjektet.
2007: Opning av Nasjonalparkbiblioteket i dei 6 Norddalsbiblioteka.
2008: Toppår! Over 10 utlån pr innbyggjar i snitt. Vi får ferdigstilt Regional bibliotekplan for Nord-Gudbrandsdalen 2008 - 2012. Besøk av Klovnen Knut i mai og desember. Aud Kvamme tek over etter Kari Langøygard som 3. kvinne på laget og vi lanserer "Tre vise kvinners blogg".
2009: Garmo folkeboksamling nedlagt frå 01.01.2009. Biblioteket får ny heimeside.
2010: Oppstart av prosjektet "Ord om fjell - ei digital fjellvandring" med støtte frå Regionrådet og Oppland fylkesbibliotek. "3 på ein kveld" med Magnhild Bruheim, Ragnhild Kolden og Morten Schakenda som alle tre kom med nye bøker. Morten spanderte lekker og velsmakande tapas!
2011: Lansering av fjelldiktprosjektet "Ord om fjell". 10 årsjubileum med kake, klovneri og kriminelt kveldsbad.
Knut Berntsen, Hans Olav Lahlum, Rune Timberlid, Eystein Hanssen og Reidar Kjæstad. |
Tre vise tør ikkje spå 10 år fram i tid korkje når det gjeld vitaliteten til biblioteket eller hos dei tilsette. Men vi trur det blir viktig å leggje til rette for at biblioteket skal fortsetja å vera ein sentral møteplass i bygda der det er naturleg å slå av ein bokprat og ein prat om vêr og vind. Vi ynskjer viss vi kan, å utvide opningstida til 6 dagar i veka. Vi trur formidling blir eit viktig satsingsområde. Vi trur både små og store vil ha hjelp til å finne fram i jungelen av bøker og få presentert litteraturen på ein inspirerande måte. Vi trur på papirboka ei stund til. Vi trur også på e-bok og bibliotek.Vi trur på framtida for det skrivne ordet!
Neste veke stengjer vi biblioteket. Vi skal innføre ny versjon av biblioteksystemet og skal kursast.
Bloggar: Rita
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar