Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 18. oktober 2011

10 år med opptur

For 10 år sidan flytta Lom folkebibliotek inn i lokala her i gammelprestgarden, noko vi har feira gildt med kaffe, saft og kake i heile dag. Det har vanka godord og blomehelsingar i gildt monn, slik som høyrer store feiringar til. Utpå eftan kom Klovnen Knut for å more store og små, medan jubileringa no om litt vert avslutta med kriminelt kveldsbad på Fossberg. Dagen i går kan stutt oppsummerast med følgjande biletsekvens:






Skikkelege husmødre dynkar blautkaku med skei...













                                                                                

...men ekte jubilantar gjer som hovmeisteren...
.
.




Husmora gjer sitt beste for å oppnå eit framifrå resultat...


...medan andre berre "klesser på...






Mykje godt må til -lag på lag med søtt og godt...










...og enno eit lag med godt på topp!





Husmødre er livredde at maten ikkje skal strekkje til, med det resultatet at kaka tysdag kveld ser slik ut...og det knøttvesle kjøleskapet på bakrommet ser ut til å få ei utfordring til natta...













Stappmett bloggar: Merete

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med jubileet! Fins det noe bibliotekarer ikke er gode på? ;)
    Masse hilsner til Kristin - praksis på Lom nå, kanskje?
    Hilsen alle tidligere kollegaer i Horten bibliotek, v. Mette :)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for helsinga, Mette,triveleg å høyra frå dykk.Eg arbeider for tida som vikar her. Hels så mykje til dei andre på Horten bibliotek. Kristin

    SvarSlett