Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 14. oktober 2011

Det er myrkt og me treng ei hand!


Kvinner som går i hop dagstøtt, tett på, over lengre tid, lærer seg etterkvart å tyde teikna som avslører om dagen er god, om livslysta er tilstades og om smeden har røykt elvefisk i det siste. Ein lærer seg dei viktige kodene. Når ein kjem heseblesande inn døra etter ei hektisk morgonstund med attgløymde sekkar og den dårlege kombinasjonen is på rutene og sommarlege dekk på bilen, kan ein ane det på blikket som møter ein over brillekanten. På draget over munnen. På kor stor prosentvis stigning det er opp nakkevirvlane. På bokstav per sekund på tastaturet.

Undrande
Er turtalet høgt, blikkontakta minimalistisk og ein får eit "eg-har-viktigare-ting-fore" hei, skjønar ein at det er best å gå stille i bakromsdørene. Ein skulle kome tidlegare. Ein skulle hatt kaffen klar. Ein skulle for svingane sett til å få unna nokre av haugane på pulten - høh! Heldigvis er det langt mellom slike dagar. Som regel osar det av nytrekt kaffe, fuktige, velduftande kremar og av ljos og lett skratt. Dei vise kollegaene mine er velsigna med gode lynne og lette sinn, og det er berre unntaksvis at smeden vel elvefisk framfor peiskos.




Venstre hånd over høyre skulder
Ein blir uansett prega av det tette samlivet, av denne symbiosen. Ein skurar, gnissar, skvisar, stryk og klappar. Ein formar og vert forma. Dess tettare og mindre økosystemet er, dess viktigare er det at symbiosen utviklar seg i retning mutualisme, ei form for symbiose som gjev alle organismane i samlivet fordelar. Denne veka har symbiosen i bokheimen nådd nye høgder. Vi har rynka bryna, sett brillune på nasen og fordjupa stupet i panna ytterlegare, sidan eit par av viskvinnene på same tid har utvikla betente armar. Den eine høgre, den andre venstre. Sjølvsagt. Vi snakkar mutualisme i andre potens. Det er myrkt og me treng ei hand. Eller to.

Elles gler vi oss på jubileum komande tysdag med klovneri og kriminelle kveldsbadarar. Vi håpar du blir med oss!

Venstrehandsbloggar: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar