Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 22. desember 2009

Sjefs-visa og andre førebilete

I dag har vi siste innspurt før nissen kjem ruslande for å snikje åt seg eit grautfat og ein ølskvett, og tralla vår vitnar om intens opprensking i hyllene hos elevar som tek eit velfortent avbrekk frå algebra, grammatikk, krigshistorie og gloser. Papir skal ryddast, bøker skal leverast og julehelsingar fordelast. Dei siste vekene har elevane på ungdomsskulen i bygda også vore hektisk opptekne med øving før den årvisse julekonserten dei held for foreldre, søsken og besteforeldre siste veka før jul. Som vanleg hadde brorparten av dei bibliotektilsette gøymt att litt avspasering til dette høgdepunktet, som vi alltid får høgtideleg invitasjon til allereie i oktober. Måndag trippa vi forventingsfulle nedover til samfunnshuset i godt og vel 20 stivfrosne kuldegrader i håp om å få den rette julestemninga songje langt inn i sjela.

"Ein fullsett sal" er eit altfor snevert uttrykk til å skildre publikumshopen som stimla saman i salen for å oppleve klåre tonar frå lokal ungdom på scena denne iskalde morgonen. Trauste norddølar i sluttspurten av julestria er ikkje akkurat dei beste å få friviljuge ut på ymse arrangement, så i så måte får ungdomen verkeleg ei ekstra stjerne i margen! Ungdomsskulen hadde også i år inngått eit samarbeid med den vidaregåande skulen, og med så mange dyktige musikarar og songstruper vart dette såleis ei oppleving av dei sjeldne. Duettar, solistar, samspel, koring og allsang tråkla nøysamt saman med diktlesing og velvalde ord av sterke stemmer skapte ein stemningsfull heilskap som rørde ved sjølv det mest hardhuda tungsinnet i vinterfrosten. Lange, staute gutar på tur inn i vaksenverda sende reine tonar ut over salen med eit fast blikk og velkontrollerte nerver, medan yndige, småvaksne jenter stråla om kapp med kjende julemelodiar og rørde ved sjølv dei finaste strengjene i det fastnagla publikumet. Underteikna hadde eit svare strev med å omskape dei nedste augkvarmane til gilde oppsamlingssekkjer for flaumen av væte som gong på gong sprengde seg fram bak vintertørre augelokk medan hjartet voks seg stort og varmt under strikkatrøya. Stolte kan vi vera kvar og ein over at Lom fostrar slik flott ungdom, og lærarar som veit å verdsetje slik som verkeleg betyr noko for oss! Ein varm takk til Lom ungdomsskule og den vidaregåande skulen for denne varme førjulsgåva dei gav oss!

Vi kan også meddele alle lesarane våre at underteikna har teke seg fridom til å tildele sjef Rita arbeidsmiljø-prisen for 2009! For kva for andre arbidsplassar kan skilte med så mange timar latterkvote at ein truleg kan leve fleire år på overtid etter endt yrkeskarrière? Og kvar andre plassar møter sjefen deg med eit stort smil når du vedgår å ha gløymt både det eine og det andre og du eigentleg sit med eit gildt forklaringsproblem? Hos sjef Rita er kvardagen inkludering, samarbeid, humor og rettferd for undersåttar -med andre ord eit levande eksempel på god personalhandtering! Med våre flotte lånarar på toppen legg denne dama grunnlaget for at Lom kommune kan skilte med ein flott statistikk både i besøk og utlån hos det lokale biblioteket. Gratulerer med prisen, Rita -ta deg ein velfortent ferie!

Vi har i dag også avslutta julequizen vår, og Berit Smaaland vart i år den lykkelege, dyktige vinnar av ein tydelegvis ikkje heilt enkel quiz. Folk har gått reint i surr i julenek, dompappar og grantre, ser det ut til... Gratulerer, Berit! I tillegg til den flotte premien på eitt års vikariat som oppvaskhjelp på bakrommet, vankar det kanskje ei lita overrasking når du tek turen innom oss att!

Med alle dei fire ljosa fredeleg tende i staken ønskjer nissen og dei 3 musene ei riktig god jul til alle lånarar og lesarar!

Takksam bloggar: Merete

PS: Biletet frå julekonserten fekk vi løyve til å "låne" frå Lom ungdomsskule ved fotograf Tove Dybvad.

torsdag 17. desember 2009

Juleidyll med ein tøtsj av resignasjon

Alle hjerter fryder seg, Eg er så glad kvar julekveld, Glade jul...kravet om lykke trengjer seg på frå alle kantar nå i desse førjulstider. Ikkje nok med at vi skal fylle boksane med 7 slag, ha juleverkstad med barna og lage englar og nissar med Sjel, pynte peparkakelandsbyar som bugnar av nonstop og Eigenart, sjølvsagt i eit julevaska hus som skin av nypussa glas og metall, der eimen av grønsåpe er til å ta og føle på. Jammen skal vi vera lykkelege, happy happy og freue midt opp i alt dette også! Og toppen av lykke for eikvar mor er jo å skape noko saman med barna.

Underteikna har resignert, nær sagt på alle punkt. Ho innfrir ikkje krava. Rundt omkring ho i biblioteket bugnar det av Store norske julebøker, Nisser til jul, Fint til jul, Mitt julehus og Tildas juler meg her og der. Bøkene er fulle av glade og forventningsfulle barn med tindrande augo. Dei har tålmodige og harmoniske vaksenpersonar rundt seg, og dei koooosar seg i lag med formingsaktivitetar av ymist slag. Her finn vi det ypparste av morslykke og idyll som kan rommast mellom to permar. Bloggaren har ikkje lånt ei einaste ei av desse bøkene. Heller ikkje opna dei. Ho har drøymt om dei og vakna badande i sveitte over dei, for ho kjenner på at ho burde. Det hender seg at dei to andre husflidsvise blar og ojar seg over ein særeigen vattnisse eller ein bedårande vakker engel som har treft ein streng i deira kjenslevare sinn. For å sleppe billeg unna ojar ho seg litt med dei, før ho smyg seg inn på bakrommet att utan å ta opp kampen mot denne liksomidyllen. For bileta i bøkene lyg. Ein ser ikkje snørr og tårer over juletrekorger som ikkje går opp. Ein ser ikkje limstiftene som flyg veggimellom. Ein høyrer ikkje høglydt krangling om siste rest av gullpapiret. Og ein ser ikkje såra i sjela etter peparkakefestningar som segnar om.

Det var nok sistnemnde festning som fekk dråpen til å renne over. Den fyrstefødde som var så heldig at han kom inn i livet mitt på eit tidspunkt før resignasjonen tok meg, fekk oppleva mange meir eller mindre koselege stunder saman med mor og limstifta. Dette eine året hadde vi oppdaga ei kjempefin peparkakefestning i ei av desse idylliske bøkene. Opptekne som vi var av riddarar, dragar og Bassets lakriskonfekt, sette vi i gang med godt mot. Mønstra var oppteikna i miniatyrformat slik at vi måtte bruke målestokk og forstørre. Så fekk vi nytta våre matematiske talent i same slengen. Heilt ypparleg, tenkte den ein gong så pedagogisk korrekte mora. Om det var dei matematiske evnene eller formingsdugleiken som slo feil, skal ikkje analyserast nærare, men borga kom ut i umake delar som var nyttelause å få limt saman. Etter ihuga forsøk på å tilpasse veggar, tårn og voldgraver og få liv i stivna karamellisert lim, segna dei siste restane av den stolte borga-to-be i hop. Attende sat ein skuffa og vonbroten gut og gret modige tårer over legoriddarane som vart heimlause i jula. Ei mislykka mor gret sinte tårer og var ein gong for alle ferdig med alt som lukta av peparkakehus. Lakriskonfekten vart redninga, så heretter nøyer vi oss med å dele ei pakke Bassetts og prøver å skape ein idyll kring det.

Ein tanke visare har mor innsett at ho ikkje vil fylle livet med  liksomidyll. Andre som taklar det, får ta seg av desse bøkene og proppe seg med kvalitetstid saman med barna og limstiftene. Eg gjer det my way. Eg har blant anna planlagt å gruse den fyrstefødde i den årlege Scrabbleturneringa vår. Tek du utfordringa, Magnus?

Resignerte Rita

tirsdag 15. desember 2009

Vandre dei vise...

Dei siste dagane har store, kvite krystallar segla stilt ned over Nasjonalparklandsbyen og kledd hus og skog i blinkande, vakker juleskrud. Bak blankpussa glasruter lyser stjerner og adventsstakar om kapp med julebakst, sølvpuss og nynnande husmødre (- og fedre) som slit med å få "O helga natt" bort frå hjernebarken. Og trass i at brorparten av pliktoppfyllande tradisjonsberarar hevdar hardnakka at dei har kutta ut det meste av stresset og førjulsstria, kan ein rett som det er snappe opp delar av godt innapakka skryt mellom butikkreolane, der husvask, syltkoking og kakeslag blir ramsa opp i godt selskap med gåvehandel, dukstryking og kransbinding. ...
Difor kunne lomværane i dag ikkje la vere å undre seg over synet dei skimta borte på kyrkjevollen. Mot krybba framom den gamle stavkyrkja seig eit stillferdig fylgje høgtideleg fram, og eit veltrena øyra kunne nok skilje ut ein underleg, gregoriansk song koma sivande ut mellom sprukne lepper, der blanke kapper sopte varsamt over den lette snøen
Eit strålande ljos over Liafjellet synte lei for 3 vise på vandring i den klåre vinterdagen. Salige i maska og andektige i hugen gjekk dei med bøygde ryggar i krum undring over Underet med jomfrufødsel og den oppofrande snekkaren som så storhjerta tok deg av si kjære medan magen voks og manntalet kalla.
Krybba med den gamle stavkyrkja i bakgrunnen var målet for dei 3 vise i snøen, og det var nok ikkje fritt for anna enn at den trufaste klokkaren sleppte haka nokre hakk for sidt ned i sitt møte med 3 nøysamt inntulla denne desembermorgonen.
Lykkelege over å nå fram til krybba i god tid før opningstid på biblioteket, hadde 3 vise tid til ei aldri så lita byrdestund i stallen, der kvar og ei fekk letta litt på dei ymse byrdene sine -som alltid blir lettare å bera når ein fordeler slik styggedom jamt mellom seg. Letta over funnet av krybba og sameige av tunge bører vende dei så sine truskuldige blikk mot gammelprestgarden att, i trygg forvissing om at julebodskapen når fram også denne jula. Om ein høyrde retteleg godt etter, kunne ein ane ein aldri så liten diskusjon om kvifor den eine av dei vise hadde så stutt ei kappe, medan ei av dei andre kunne slepe kledningen sin bortetter kyrkjevollen, men om det var rik husbond eller ønskje om å dekkje kroppen sømeleg til på vandringa som var den underliggjande årsaka her, skal vera usagt...

Vel "heime" i varmen att venta den eine overraskinga etter den andre, då Nasjonalparklandsbyen truleg husar dei mest takksame og gavmilde lånarane ein kan tenkje seg. Søtt julegodt, vakre blomar, sildrande lekker væte og spennande pakker attåt alle blide fjes gjer førjulsdagane våre til ein einaste gild opptur.
Audmjuke neiar vi takknemleg og håpar lånarane forstår kor stor pris vi set på kvar og ein som tek seg tid til å glytte innom oss! De må hugse at det er lånarane som skapar liv og held biblioteket oppe. Dei yndige englane fann vi i ei av pakkene, og desse skal få stå på skranken heile jula og syngje inn kvar einaste lånar resten av året -for slikt får vi visst ikkje lov til sjølve...

Sømeleg tildekt bloggar: Merete

fredag 11. desember 2009

Røynlege brotstykke frå bakrommet

Onsdagar er dei rolegaste dagane på biblioteket. Da er det såkalla stengt her og berre ytst få utvalde(les: alle som bankar på, i snitt 20 - 30 personar) slepp gjennom nålauget og får audiens hjå oss desse dagane. Men denne særskilde onsdagen eg nå skal berette om, var det for ein gongs skuld stilt og tomt her. Eg sat som eg plar inne på avlukket mitt nedlest i haugar av administrativ art. Haugar som aldri minkar. Med eitt vart eg drege ut av den djupe administrative tankegang min av eit hysterisk latteranfall frå manesjen eller skrankeområdet om du vil, der kollegaen min har festa grepet. Redd som eg er for å gå glipp av alt festleg i verda, spratt eg opp for å sjå kva som var så overmåte morosamt der framme. Etter noko leiting fann eg ei lita vis ei i ein haug med nye kulturfondbøker. Ho sat og vifta med ei kvit unnseleg bok og kunne knapt få ord om anna. "Dette MÅ du lesa! Eg har funne sjelefrenden din. Dette er akkurat som å høyre deg!", mekra ho ispedd ein latter eg ikkje tolka som udelt positiv. Eg vart umiddelbart skeptisk. Eg treiv boka og tusla meg inn på bakrommet der sagmuggen aldri har sett sine bein. På dei 2,5 metrane tenkte eg i mitt urolege sinn at nå hadde hobbypsykolog Byrøygard prøvd å analysere meg att. Nå trudde ho nok at ho forstod meg og hadde funne den heile og fulle sanninga om meg. Og eg må innrømme at eg var spent på kva som venta.

Boka hadde tittelen "Purkene snudde seg - notat" og var skrive av ei viss Kjersti Rorgemoen. Namnet sa meg ingenting. Tittelen var i beste fall ein tanke humoristisk, men ikkje MEG - hihi, bom igjen, Merete, godta eg meg. Baksideteksta fenga litt meir: "Kva skulle eg gjere med alt dette som var mitt? Om ikkje anna ville eg prøve å notere det ned, så sannferdig som råd. Om ikkje anna skulle eg gjera det til tema, som ein uadressert hemn med uklare motiv." Jau da, dette let betre og eg drista meg til å opne boka. I løpet av den fyrste sida måtte eg ta meg sjølv i å knipe ihop lattermuskelen fleire gonger, hobbypsykologen skulle ikkje få den gleda!

Romanen synte seg å vera bygd opp av "røynelege brotstykke og grøtelege promemoria frå livet som Magna Bekk", ei 42 år gamal, einsleg kvinne, sambuar med hunden Sonja, for dei som ikkje alt har tippa det, skrive på klingande nynorsk. Brotstykka handla blant anna om tida hennar som tilsett på bokbussen med den "livsviljuge" bibliotekaren Mørkedal. Om da ho kjøpte seg hus som nærmast tvang ho til å gå på fylla. Om eit parodisk ekteskap som vara i tre månader og om oppveksten hennar på ein grisefarm. Eg kan ikkje seie at eg identifiserer meg med alt dette, og det er ikkje røysta mi, du vesle vise som rår grunnen der framme! Men eg vedgår at det var tidvis morosam lesnad og det var parti her eg meir enn gjerne skulle funne på sjølv som t.d.: "Sjølv om tanken på sjølvmordsalternativet aldri har fått meg til å pugge galgeknutar ...hadde medvitet om at ein kan velja sin død, likevel styrt meg på eit vis".

Måndag denne veka fann eg omtale av boka i Dagbladet. Rorgemoen er debutant, fødd i 1982, frå Vinje i Telemark. Overskrifta i Dagbladet er "Mørk latter og selvironi" og dei trekkjer særleg fram den morosame, sjølvironiske analysa av Magna Bekk og andre sine små liv. Rorgemoen vert vurdert som lovande. "Handling har aldri vore mi sterke side", uttalar Magna sjølv og boka innfrir dette, men eg tykkjer ho er verd å lesa viss du likar mørk humor, sjølvironi og overraskande språksamansetjingar.

I helga skal dei tre vise gløyme både purker og bøker, haugar av alle slag, vaskefiller, store flokar og skummelt rot. Vi skal på Nissebord! Vi gler oss til å treffe att Oline Låven og dei andre låvande nissane som held til på Bergom og håpar vi forlengar livet som ein konsekvens av dette. God helg til alle lovande - og alle oss andre! Og måtte gledene dine bli meir enn "forbigåande smitte frå andre" (fritt etter Magna Bekk)!

Bloggar i bakrommet: Rita

tirsdag 8. desember 2009

Rock around the clock

-eller segle med vinden...


Musikk er noko vi har mykje av her på huset -på fleire vis. Underteikna har lagt bak seg ei lysande karrière som spelemann i prestisjetunge Lom Spelmannslag midt på 80-talet, medan sjefen når stadig nye høgder med si framskridande jodling i hektiske stunder ved kontorpulten. Sistenemnde aktivitet kan til tider ta så av at lånarane framme ved skranken slår blikket ned og gøymer munnsvikene bak oppslegne kåpekragar i dårleg skjult undring over dei klokkeklåre tonane til sjefsbibliotekaren. Aud er litt varsam i demonstrering av musikalske evner, så vi er framleis noko usikre på kvar ho har sitt skjulte talent i så måte.

Musikksmak er heller ikkje noko vi deler syn på slik til dagleg. Rita let seg veldig lett og flyktig rive med av nye, framskridande talent med ymse dialekter og språkleg bakgrunn -då med vekt på høgtsvevande tekster som gjer mellomaldrande husmødre linne i blikket- og brukar alle småpengane ho aldri har til overs på diverse konsertreiser med "gjengen". I det eg konfronterer henne med dette, kjem ho stille inn på kontoret og plukkar fram ein velhandtert konvolutt og syner meg nokre flotte fotografi av ei overlykkeleg dame sprudlande foreviga saman med ymse kjende sangstrupar. Sjølv set eg meir pris på rivande god, rusten 80-talsrock med trøkk som gjev atterljom i veggane. Og Aud...jau, ho er som vanleg solidarisk med oss båe, og meiner at det er så mangt som kan vera pent...

Slike motstridande interesser gjer musikksamlinga vår til ei ævleg plage for oss alle 3 -ingen har hjartelag til å kassere fullt brukbare cd`ar. Då eg hadde mine første arbidsdagar her på biblioteket hadde vi all musikken vår samla i 6 snodige rom i ei nett, lita kasse som nådde ein gjennomsnittleg vårdøl på halvannan meter til livet. (Både sjefen og underteikna er vårdølar, men Rita er nok utvatna med noko edlare blod, då ho kan skilte med modellang skrott -i rak motsetning til ei stutthalt, pukkelryggja smedkjerring...) Snart var denne kassa så smikkfull av musikk at det var reint umogleg å plukke cd`ar for utlån, og slik er ikkje bra for statistikken. Sjefen laut handle! Dette er så lenge sidan at vi den gongen handla via ein handfast katalog der vi reiv ut bestillingssida og faksa trygt til seljaren, Valet fall på nokre snertne, veggmonterte "puttekasser" der ein med eit lett "tastetrykk" på cd`ane kunne sprette fram ein og ein cd etter ønskje. Damene var tilfredse!

Etter ytterlegare nokre månader vart derimot også desse kassene på merksnodig vis sprengfulle av kvalitetsmusikk, og Rita bestemte seg for å slå på stortromma. Etter mykje om og men vart vi einig om å kjøpe ei gild cd-krybbe til ein fyldig pris frå eurobib, og vi såg musikksamlinga som redda i uoversiktleg framtid. Men som spåkoner ville nok ikkje dei vise gjort det særleg skarpt, nei... Situasjonen i dag er ei stor, moderne cd-krybbe som tyt av ymse musikk i alle sjangrar, ei overfull musikkasse der cd`ane ligg samanklistra som juleansjos utan plass til lake, samt fleire rader magasinert musikk -vel teke hand om på "kottet". Og sendingane frå norsk kulturråd strøymer på...

All denne ommøbleringa i musikksamlinga vår har etter kvart ført til eit system som no er så uoversiktleg rotete at sjølv ikkje den mest garva bibliotekar har sjangs til å finne att etterlengta cd`ar. Det blir såleis ganske tilfeldig kva for musikk som blir lånt ut, og dersom ein lånar kjem og spør etter ein spesiell cd, er det mest så eit knøttlite, vist kvinnfolk blir tjukk i halsen og sveitt i nevane... Vi har med andre ord eit delikat nyttårsforsett om å strukturere musikken vår inn i eit system som både tilsette og besøkjande vil finne tenleg. I mellomtida kan 3 vise tilfredse sameinast om at "Julekveldsvisa" og "Romjulsdrøm" let godt for øyro -uansett! Og lånarane oppmodast med dette om å ile til biblioteket for å låne både høgthengjande og jordnær musikk -alt etter smaken...

Bloggar: rustne Merete utan strengjer

onsdag 2. desember 2009

I denne søte hjartetid

Du ser dei overalt nå. Same kor du snur og vender deg dukkar dei opp i ulike materiale og kvalitetar. I papir, plast, papp, metall, tova som filta, hekla, perla, i marsipan-, sjokolade- og peparkakestoff. Du finn dei alltid vankande, svoltne, grådige, raude, blå, store, små, ville, pansra, knuste, gjerne i tusen bitar, i ädel titan eller med teflonbelegg om du vil, brustna, begjærande, overflowing, sakte frysande til is. Det er sjølvsagt hjarta vi tenkjer på, dette hule, muskulære organ som pumpar blod eller kroppsvæske gjennom kroppen med gjentekne rytmiske samantrekningar. Dette nesten oppbrukte symbolet for The kjærleik.

Kvifor skulle så 3 vise bry seg med slike banalitetar midt i beste arbeidstid? Du kan så seie, men vi er berre eit par hjarteslag unna poenget nå. For i tillegg til denne overopphopinga vi finn rundt oss i desse dagar, så har det også gått inflasjon i boktitlar som innheld h-ordet. Eit raskt søk i samlinga vår på hjerte-titlar berre for 2009 gjev 11 treff og fleire av desse bøkene er blant dei vi handterer mest. Vi er tvinga til å bale med dette hjartestoffet kvar dag året rundt om vi vil eller ei. Ta til dømes den siste boka til Levi Henriksen. Dette er ei ny samling med julenoveller, ein oppfylgjar til "Bare mjuke pakker under treet". Ut frå tittelen å dømme avsluttar han forfattargjerninga si med denne boka, skjønt vi håpar han får meir på hjartet etterkvart.

Hege Duckert har skrive om det grådige hjartet. I boka presenterer ho skjebnene til Karen Blixen, Frida Kahlo, Billie Holiday og Simone de Beauvoir. Som baksideteksta seier handlar det om kvinner som strevar med å foreine fridom med kjærleik og flyktige menn med rastlause hjarta. Det handlar om å velje mellom å "gå på løvejakt eller bade barnet" som Karen Blixen uttrykkjer det. Boka opnar med eit humrande sitat som alle kjenslevare kvinnemenneske bør merke seg: "The hunter's house is so much warmer than yours, and he'll give you a key, and just like a woman, you'll think that means something" (Pam Houston, Cowboys are my Weakness).

Patrick Lombule har skrive boka "The heart of a mother - life lessons that my mother taught me". Dette er ein hyllest til hans eiga mor og mødre generelt, og om å ikkje gje opp håpet og draumane dine. Patrick vart fødd i Kongo i 1989 og bur for tida i Vågå saman med mora og syskena sine. Han er elev ved den vidaregåande skulen i Lom. Boka blir omsett til norsk i desse dagar. Vi ynskjer deg lykke til med boksalet, Patrick!




I dag har vi hatt ein kosleg og hektisk dag på biblioteket. Lom arbeidssenter har vore med oss og selt og lodda ut mange fine julegaver. Vi har drive i serverings-bransja og bydd på gløgg og peparkaker. Mange trivelege folk har vore innom og teke seg tid til å sitja nedpå midt i julestria. Arbeidssenteret har vore med oss i fleire år og hatt det store førjulssalet sitt på biblioteket. Dette er trivelege dagar og vi set pris på at dei vil vera her i lag oss.

Underteikna hadde plutseleg hell i lotteri i dag og vann opptil fleire gonger. Og kva anna enn dette dukka opp blant gevinstane?

Vi ynskjer dykk med dette ei god helg - og ta godt vare på hjarta ditt!

Hjarteleg blogghelsing frå Rita

tirsdag 1. desember 2009

Håp mellom mektige fjell og rause menneske

Trass i at gåsehuda nuppar seg over dei nyskrubba celullittane under ullstilongsen og fingrane blir numne etter isskraping av bilrutene, lyt det understrekast at den gryande vinteren likevel har sitt å by på. På tur nordover til biblioteket let eg meg kvar morgon imponere av den vakre Lomseggen som kneisar majestetisk over Bergomsfolket. Dette fjellet overraskar stendig med skiftande ljos og farge i takt med årstider og vèrtilhøve, og som ei trolsk dronning ruvar eggen beskyttande over nasjonalparklandsbyen. Når bleik vintersol trillar strålane sine over toppen og snøen helser attende med glitrande stjerneblink, er det reint så ein inngrodd døl blir blank langt utover smilerynkene. Biletet her yter dessverre ikkje Lomseggen rettferd, for synet i dag var nok langt vakrare enn som så, men underteikna lovar å ha kameraet som fast passasjer framover vinteren -kanskje får vi fanga Augneblinken og formidla betre seinare...

I fleire dagar har vi "damene" gått og skula langt etter 3 vel innpakka advents-kalendarar Aud kom seglande med her for ei tid attende. Dei har stått på kontoret og strutta av press om forventing og overrasking under plasten, men i dag starta nedteljinga! Dei 2 som var tidleg på jobb i dag klarte naturlegvis ikkje vente med å bryte forseglinga i første luka til kveldsvakta kom sigande. Eg måtte difor knipe augo som best eg kunne for å halde spenninga i det lengste, men då smaken av søt mjølkesjokalde risla nedetter tungerota kunne eg fredfullt ønskje adventstida velkomen. Tanken om bakst, golvskuring, handel, syltkoking og støvturking ligg enn så lenge godt gøymt langt ned i eit frå før overfullt samvit...

Også i dag har ein raus lånar stilt opp for å dele gode leseopplevingar med oss. Åge Johannes les mykje og lyt seiast å vera særs dyktig til å utforde 3 vise i bokval! Slett ikkje alltid syner det seg at vi har lykkast i utveljinga, og di trivlegare er det når han smilande kan meddele at "dette var ei god bok!" Men når vi først får lånaren på gli, er det ikkje måte på kor mange bøker han kan anbefale andre å fordjupe seg i. Den velskrevne historiske krimboka "Mørk ild" av C.J. Sansom står høgt på lista. Dette er 1. bok i ein serie på 4, der hovudpersonen er ein pukkelryggja advokat som tek på seg spennande oppdrag. Handlinga er lagt til London på 1500-talet, og Åge Johannes meiner det historiske aspektet kombinert med folkeleg språk skrive på ein god måte lyfter boka opp på eit høgt nivå. I tillegg meistrar forfattaren å halde spenninga til siste side, slik at lesaren lese ferdig. Dagens lånar dreg også fram bøker som "Brønnørreten" av Tor-Arne Moen, "Huset ved moskèen" av Kader Abdolah, samt "Himmelstormeren" av Cecilie Enger. Åge Johannes kjem altså med framlegg om bøker for einkvar smak, og vi utfordrar han (og andre) med dette om å tipse oss vidare -gjerne med kommentarar på bloggen vår...

Medan fullmånen skin utfordrande inn gjennom tynne soveromsgadriner så ein formeleg kan kjenne pelsen strutte under pysjen i svevnlause nattetimar, kan alle anbefalast å kutte ned ventetida med å lesa "Legenden om de fire lysene".

Sentimentalt ulande bloggar: Merete