Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 22. desember 2009

Sjefs-visa og andre førebilete

I dag har vi siste innspurt før nissen kjem ruslande for å snikje åt seg eit grautfat og ein ølskvett, og tralla vår vitnar om intens opprensking i hyllene hos elevar som tek eit velfortent avbrekk frå algebra, grammatikk, krigshistorie og gloser. Papir skal ryddast, bøker skal leverast og julehelsingar fordelast. Dei siste vekene har elevane på ungdomsskulen i bygda også vore hektisk opptekne med øving før den årvisse julekonserten dei held for foreldre, søsken og besteforeldre siste veka før jul. Som vanleg hadde brorparten av dei bibliotektilsette gøymt att litt avspasering til dette høgdepunktet, som vi alltid får høgtideleg invitasjon til allereie i oktober. Måndag trippa vi forventingsfulle nedover til samfunnshuset i godt og vel 20 stivfrosne kuldegrader i håp om å få den rette julestemninga songje langt inn i sjela.

"Ein fullsett sal" er eit altfor snevert uttrykk til å skildre publikumshopen som stimla saman i salen for å oppleve klåre tonar frå lokal ungdom på scena denne iskalde morgonen. Trauste norddølar i sluttspurten av julestria er ikkje akkurat dei beste å få friviljuge ut på ymse arrangement, så i så måte får ungdomen verkeleg ei ekstra stjerne i margen! Ungdomsskulen hadde også i år inngått eit samarbeid med den vidaregåande skulen, og med så mange dyktige musikarar og songstruper vart dette såleis ei oppleving av dei sjeldne. Duettar, solistar, samspel, koring og allsang tråkla nøysamt saman med diktlesing og velvalde ord av sterke stemmer skapte ein stemningsfull heilskap som rørde ved sjølv det mest hardhuda tungsinnet i vinterfrosten. Lange, staute gutar på tur inn i vaksenverda sende reine tonar ut over salen med eit fast blikk og velkontrollerte nerver, medan yndige, småvaksne jenter stråla om kapp med kjende julemelodiar og rørde ved sjølv dei finaste strengjene i det fastnagla publikumet. Underteikna hadde eit svare strev med å omskape dei nedste augkvarmane til gilde oppsamlingssekkjer for flaumen av væte som gong på gong sprengde seg fram bak vintertørre augelokk medan hjartet voks seg stort og varmt under strikkatrøya. Stolte kan vi vera kvar og ein over at Lom fostrar slik flott ungdom, og lærarar som veit å verdsetje slik som verkeleg betyr noko for oss! Ein varm takk til Lom ungdomsskule og den vidaregåande skulen for denne varme førjulsgåva dei gav oss!

Vi kan også meddele alle lesarane våre at underteikna har teke seg fridom til å tildele sjef Rita arbeidsmiljø-prisen for 2009! For kva for andre arbidsplassar kan skilte med så mange timar latterkvote at ein truleg kan leve fleire år på overtid etter endt yrkeskarrière? Og kvar andre plassar møter sjefen deg med eit stort smil når du vedgår å ha gløymt både det eine og det andre og du eigentleg sit med eit gildt forklaringsproblem? Hos sjef Rita er kvardagen inkludering, samarbeid, humor og rettferd for undersåttar -med andre ord eit levande eksempel på god personalhandtering! Med våre flotte lånarar på toppen legg denne dama grunnlaget for at Lom kommune kan skilte med ein flott statistikk både i besøk og utlån hos det lokale biblioteket. Gratulerer med prisen, Rita -ta deg ein velfortent ferie!

Vi har i dag også avslutta julequizen vår, og Berit Smaaland vart i år den lykkelege, dyktige vinnar av ein tydelegvis ikkje heilt enkel quiz. Folk har gått reint i surr i julenek, dompappar og grantre, ser det ut til... Gratulerer, Berit! I tillegg til den flotte premien på eitt års vikariat som oppvaskhjelp på bakrommet, vankar det kanskje ei lita overrasking når du tek turen innom oss att!

Med alle dei fire ljosa fredeleg tende i staken ønskjer nissen og dei 3 musene ei riktig god jul til alle lånarar og lesarar!

Takksam bloggar: Merete

PS: Biletet frå julekonserten fekk vi løyve til å "låne" frå Lom ungdomsskule ved fotograf Tove Dybvad.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar