Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 5. januar 2010

Pre-giktisk mentor i sjokoladerus.

Så er vi på god tur inn eit nytt tiår, og jula smånynnar på siste strofa, kun akkompagnert av blankpolerte istappar og kvasse frostsmell under husnova. Lomværane har denne jula halde varmen og forma i gang ved den gamle, oppfriskande vinteraktiviteten "vedbering", ei uendeleg vandring mellom gangdøra og vedskjulet, oftast nedpakka i knitrande termodress og rimskoten ullhuve. 30 minusgrader er i frosnaste laget, sjølv for ein hardfør norddøl, og særleg når kulda bit seg fast i vekesvis. Enda godt at folket i bygda var så framsynte at dei ordna seg med mykje god lesnad før bilane fraus fast! Ja, for slik gildt besøk som vi hadde dei siste dagane før høgtida kan vi ikkje minnast å ha hatt på slike utkalde vinterdagar. Siste laurdag før jul var det mest så det vart travaleg å vere einsleg på vakt, med kø framom skranken mykje av dagen. Slikt er artig!

Ikkje fullt så artig var det å finne fram att kvandagsbroka etter at julflyssa var kasta på vask i går morgon. Dette året såg det neimen ikkje ut til at stilongsen fekk plass mellom broka og den velfylte vomma, så ei stakkars kjerring laut late som ho var tenåring att. Dei går som kjent aldri i slike overflødige klesplagg som ullongs... Vel framme på jobb var det visst fleire som hadde opplevd liknande problem på nyåret, men som vanleg stiller Sjefs-visa opp med gode råd! Heretter blir det kun salat, nøtter og frukt på menyen på bakrommet (alle sjokoladerestar vil Rita naturlegvis ta seg av, då ho har forbrenning på nivå med ein toppidrettsutøvar), og Sjefa har utnemnt seg sjølv som mentor med vektkontroll av alle tilsette kvar fredag! Skal tru om ikkje prisen ho vart tildelt på tampen av fjoråret har gått litt til skallen på henne...?

Måndagseftan er fast personalmøtetid for 3 vise. I går manna underteikna seg opp og spurde sjefen forsiktig om kva vi skal gjere dette året? "Det same som i fjor!" kom det kjapt og utan tenkepause frå leiarstolen. Ei stutt oppsummering i eit elles ullent minne kom fram til at det ville innebere kassering, magasinering og rydding -ein uendeleg aktivitet her i gammelprestgarden. Då eg i dag tok ei kombinert rydde- og kasseringsrunde rundt Rita, som sat merkjeleg stille bak ein dataskjerm i fagavdelinga (ikkje rart, når ho ville tvinge pc`en til å kommunisere på farsi) kom eg over i ei bok som eg tenkte ville fange hennar interesse og løyse opp stemninga litt. Sjefen er som tidlegare nemnt best før 23.02.2010, noko som riv ilt i skrotten hennar nattestid rett som det er. Eg var såleis ganske så tilfreds då eg kom viftande bortunder nasen hennar med boka "Kvinner over 40 -helse og trivsel" av Marianne Hjertstrand. Men nei, det var dama slettest ikkje interessert i! Og no var det eigentleg ikkje snakk om "føre vàr"-prinsippet, heller -meir som ei velmeinande kollegial støtte i det pre-giktiske slitasjestadiet bak hennar smukke ytre. For å blidgjere henne att, tufsa eg meg difor stille bort og la boka varsamt øvst i haugen med bøker merka "vurdèr kassering". Då kan eg vera trygg på at ho det minste vil vurdere lesnaden meir inngåande i all einsemd inne bak alle bokstablane sine...

På årets første arbeidsdag hadde vi høgtideleg overrekkjing av premien etter julequisen vår. Den lykkelege vinnar, Berit Smaaland, troppa pliktoppfyllande opp med nyinnkjøpte gummihanskar for å ta første vakt ved oppvaskbenken. Som takk for innstatsen og dei intelligente svara, fekk ho også ei innhaldsrik overrasking proppa med spenning og kunnskap bak det flotte papiret, samt ein artig, liten ballong ho kan leike med i ledige stunder. Gratulerer!

Som de skjønar, er livet attende i god, intrigespekka gjenge her på huset, og det skulle ikkje forundre meg om 2010 sit med nokre usedvanleg sterke kort på handa... Godt år!

Bloggar: "Trilla M"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar