Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

onsdag 6. januar 2010

The times they are a-changing...

Slik som alt anna rundt oss har stivna og tela fast i desse kalde tider, har også bloggehjerna mi gått seg fast. Eg hadde verkeleg tenkt å unngå å blogge om desse altfor opplagte tema som er på alle lepper, i alle media og svirrar rundt i alle hjernevindingar nå om dagen; det kalde vêret, slanking og elles andre vedunderleg gode nyttårsforsett. Eg hadde bevisst tenkt å halde meg langt unna alt dette på bloggen så de skulle sleppe det her. Men som de ser av det føregåande innlegget har einskilde av oss blitt kosthaldsvise i løpet av jula. I løpet av nokre få juledagar har ho utvikla ei viljestyrke av ei anna verd og ser ikkje eingong i retning av dei små sjokoladeførekomstene som overlevde jula. Misjoneringa kom raskt i gang. Før eg rakk å ta av meg utanpåkleda i garderoba fyrste dag etter ferien, var ho i sving med å overtyde den tredje vise om det ufatteleg gode samlivet med treige karbohydratar og kikerter. Det var tydeleg at ho skulle få ho over på si side slik at dei saman kunne innføre eit nytt levesett i den gamle prestegarden. Ho såg nok for seg at det var verre å omvende den sist ankomne.

For å ikkje bli sett heilt utanfor det gode selskap og i håp om å spøke bort desse nye, skumle tankane, tilbaud eg meg å vera personleg mentor som skulle gjennomføre vektkontrollar kvar fredag mot eit passe stort honorar. Eg trudde dette skulle få dei på betre tankar. Men eg fekk kjensla av at eg ikkje nådde inn, praten fortsette uforstyrra vidare om Fedonar, Atkinsar og andre guruar og eg visste at eg hadde tapt. Reformane vart umiddelbart sett ut i livet. Inne på det før så koselege pauserommet vårt står det nå opplina frukt, nøtter, salatbeger, bønneboksar, fuglefrø og andre kalorifattige freistingar, hm, sjølvmotseiande. Alle søte saker vart fjerna med klar beskjed om at dette var skadeleg for kropp og sinn og burde helst havne i haugen saman med bøker til kassering. Men dei rekna også med at det vart borte om dei plasserte det på kontorpulten på bakrommet i nærleiken av den minst vise blant oss. Det seier seg sjølv at stemninga har blitt ei anna. Før kunne vi kose oss i lag, tulle og bli høgstemte over ein kaffekopp med triveleg søtt og brunt fylgje til. Nå går det i vassglas med ein skvett sitron oppi for fornøyelsens og fordøyelsens skuld og ein neve kjerner berre for å få kjensla av å skeie ut litt.

Elles har desse fyrste dagane etter ferien vore prega av hektisk aktivitet. Lista med e-postar i feite typer dekte heile skjermbiletet og meire til, utstillingar skulle skiftast ut, årsoppgjer og statistikk skulle setjast i gang, klassebesøk og bokpresentasjonar skulle bookast og dei 8 nye innbyggjarane våre frå Iran skulle blant anna skrive e-postar på farsi. Dette var ikkje så enkelt å ordne som ein i fyrste omgang skulle tru, men langt ut på tysdagen fekk vi det omsider til med god hjelp frå vår datakyndige hjelpar på andre sida av elva. Attpå alt etterlyste dei to ivrige kollegaene mine ein årsplan fullspekka med nye spennande tiltak. Rådvill som eg var, fann eg det enklast å berre be dei fortsetje der vi slapp i fjor med den evigvarande runddansen magasinering og kassering, så får dei spenstige forslaga koma litt seinare utpå året. Elles må eg på tampen nemne at eg stifta bekjentskap med ei særs likandest dame i jula, ei viss Mamsell Iversen. Sigmund Løvåsen har skrive denne vesle perla av ei bok med handling frå bygdenorge fyrst på 1900 talet. Vi blir kjende med eit knippe personar som Pauline Lindstad, Avund Damsetra, Linus Flisberget, Skam-Andras og sjølvsagt ho Mamsell, alle meir eller mindre mistenkte i eit brutalt knivdrap som fann stad i moltemyra. Ei flott folkelivsskildring beståande av morosame, triste og truverdige personar. Min personlege favoritt var Linus Flisberget. Eg følte slektskap.

Med ynskje om ei god helg med eller utan kaloriar!

Bloggar: Mamsell Mundal

PS: Salatboksen og bønnene var ikkje tilstades da biletet over vart teke (oppetne).

5 kommentarer:

  1. stå på ditt, frue! Det er klart at kransekaka, konfekten og kokosmakronene frå jula må fortærast utover etterjulsvinteren! Om to månader ventar eg spent på neste kapittel i "frø-og vatn"-dietten. Skal ikkje undre meg om den da er "utvatna", haha..

    SvarSlett
  2. Det er det eg håpar på skjønar du, men eg tør ikkje seie det høgt...R

    SvarSlett
  3. Somme av oss MÅ gå på fuglefrø-diett for å klare nedplukkinga av høgtsvevande idèar til tråklemeisteren... Og anonyme R lyt nok passe seg for å seie ting alt for høgt, ja :-)
    "Pip-Pip"

    SvarSlett
  4. Så fin reportasje um døkk i Fjuken :-)

    SvarSlett
  5. Takk for det, Mari:-)
    Rita

    SvarSlett