Men, når eg tenkjer meg om har eg da alltids noko blogge om, t.d. har eg eit syn friskt i minne frå bakrommet her sist laurdag, nemleg to tallerknar med restar (NB: restar!) av vafler, syltetøy og

I dag er vi heldigvis friske og raske att alle tre, klare for gamle og nye haugar med bøker, og ikkje minst for lånarane våre som endeleg tør ut att etter ei hard kuldeperiode. Vi har sjølvsagt merka at antallet lånarar har vore noko redusert medan kulden stod på som verst, så jammen er det godt når det livnar til att - både av menige lånarar og av skuleelevar. Rett triveleg er det!!
Da er det også bra at vi har nye bøker og by fram, slik at leselysten held seg sjølv om folket kan vere meire ute og på farten att. Ein del av dei nyaste bøkene er også lydbøker, gode gamle perler i ny drakt, som berre ligg og ventar på ein ny vår - gjerne i bilen, eller i ein bærbar cd-spelar - så kan ein både vere ute og lese bok samstundes!

Vi får stadig besøk av fleire lånarar som brukar mykje av arbeidstida til å kjøre store bilar over lange avstandar, fleire og fleire oppdagar kor fint det da er med lydbøker som tidsfordriv.
Av dei gamle perlene i ny drakt kan eg mellom anna nemne Juvikfolket og Ragnhild-trilogien av Olav Duun, Kristin-trilogien av Sigrid Undset, trilogien om folket på Bjørndal av Trygve Gulbranssen og serien om Julie av Anne Karin Elstad.
Da ynskjer eg lesarane og lånarane våre ein god ettermiddag med nokre vise setningar frå Arne Ruset;
å leve er ikkje alltid det lettaste som finst
ikkje alltid vakre roser
og fin musikk
men sidan no
dette orgelet står her
kan vi vel spele litt på det
Bloggar: audmjuke Aud
Detta klarde du utmerket Aud :-)) Gerd Mona
SvarSlettHeilt enig! Dette fiksa du heilt prima, Aud!
SvarSlettVigdis
Veldig flott! Moro å lese dine visdomsord!!:)
SvarSlettHerlig bilde, forresten!
SvarSlett