Ny kolleksjon på plass! Biblioteboksaren vi lanserte i samband med markeringa av Årets bibliotek 2012 er for lengst utselt, men fortvil ikkje: Vi har vidareutvikla produktet, og fekk for stutt tid sidan inn den nye kolleksjonen av det vi reknar som verdas einaste bibliotekboksar. Det unike plagget er no i sal både over skranken og i
nettbutikken vår for den nette sum av kr. 140,- (porto i tillegg i nettbutikken), og er eit eineståande julegåvetips! Vi har nyleg fått tilsendt bilete av særs velbrukte boksarar frå den førre kolleksjonen, fotografi som talar for ei oppgradering og utskifting av dei tenlege underbuksene i fleire garderober rundt omkring i landet.
|
Velbrukt eksemplar av den tidlegare kolleksjonen, biletet tilsendt av lånar |
Einskilde av oss i kollegiet har lenge hatt ein blaut draum om å lansere den nye kolleksjonen ved eit stunt der dei tre vise kastar seg i stram line over Prestfossen oppdressa i (nesten) kun dei nye boksarane. Men i desse frosne novemberdagane hjelper det lite om ein har spara både leggbust og andre duskar i vekesvis: Årstida for lanseringa spelar rett og slett ikkje på lag med draumen om eit slik sprell. Difor gjekk vi i dag runden rundt kaffikoppen om kven av oss som ville stille som modell på reklamen. Direktøren gjekk som vanleg av med sigeren, men etter fotoseansen, der underteikna låg på kne inne på kontoret og fotograferte ein sjef med broka på hælane, såg vi at reklamen kanskje ikkje heilt heldt mål... Med andre ord: De må ta turen innom oss for å sjå på og "tumme ti" den innbydande kreasjonen! Plagget finst for båe kjønn i storleikar frå S - XL.
|
Ny kolleksjon, for kar og kvinnfolk i ymse storleikar |
Den hendige boka "Til fjells" er eit anna suverent julegåvetips frå oss denne vinteren. Her finn du dikt samla i historisk rekkjefølgje av ymse poetar frå Edvard Storm til Anna Kleiva, ei bok som har sprunge ut frå bloggen
Ord om fjell, der Norddalsbiblioteka har samla og publisert fjelldikt sidan 2010. Boka kostar kr. 195,- (pluss porto i nettbutikken).
Gjer julegåvehandelen lettvint unna på biblioteket, og bruk heller tida på dei du har rundt deg. Kanskje får vi arrangert eit felles bibliotekboksarstunt til sommaren? Eit blandakor i den nye kolleksjonen i fritt svev over Prestfossen hadde vore flott!
Bloggar med våt draum: Merete