![]() |
Smitin bestemor på tur opp i forfattarfanget |
I fjerdeklasse fekk Kolerud assistanse av ein elev då han skulle lese frå ein dialog i suksessboka Snillionen, og medelevane humra godt under seansen, der eleven las replikkane til den strenge mora med stor innleving. Borna var elles storleg imponerte over at forfattaren hadde med boka si i utgåver på språk han sjølv ikkje kunne lese! Så fint det er når borna får oppleve slike møte!
![]() |
Ludvig og Arnfinn i godt driv |
På returen måtte Kolerud bli med innom biblioteket ein gong til, då bibliotekaren hadde gløymt att den råfine takkegåva til forfattaren før klassebesøket. Der fekk han saman med gåva eit lynkurs i dialektbruken til norddølane, og fekk då for fysste gong høyre om "småe phappe mæ stor H som må hesjast uhpp onde skjhurthun". Takk for besøket, og hjarteleg velkomen tilbake når Vassbygdingane har fått historia si utvida!
P.S.: Dersom einkvan kjenner trong til å utdjupe bruken luftige H-ar i lomsdialekten, er det berre å stikke innom.
Bloggar som held på dialekten: Merete
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar