Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 30. august 2019

Diktardagar 2019 i gang!

Diktardagar 2019 er i gang! Kirsti Blom har reist rundt og besøkt 6. klassingane i Lom, Skjåk og Vågå og vist førestillinga om søppelplasten i havet som byggjer på boka hennar med same tittel. Kirst er ein flink formidlar og elevane på Loar som underteikna besøkte, var svært kunnskapsrike og interesserte i temaet. Det er håp for framtida!

I skrivande stund er 260 elevar frå ungdomsskulane i bygdene våre og dei vidaregåande skulane i Lom og på Otta samla for å høyre Mona Phillips frå Framtiden i våre hender og Dag Inge Bakke frå Norsk fjellsenter prate om miljø og klima og endringane ein ser i nærmiljøet.

I kveld blir det boklansering av Til fjells! Dikt om fjell frå Edvard Storm til Anna Kleiva og konsert med Stein Torleif Bjella.

Og sist men ikkje minst får vi forfattarbesøk av Sigmund Løvåsen i morgon kl. 11.30 på biblioteket i Lom (13.00 på Skjåk folkebibliotek). Sigmund er også med på bokbad på Fossberg saman med Gudmund Moren og Brit Bildøen kl. 21.00. Han skriv om bygda både i romanane Nyryddinga, Brakk og Mamsell Iversen og i diktsamlinga Med øksene dei haustar inn. Nytt sjansen til høyre den trivelege tryslingen fortelja og lesa frå bøkene sine. Og dei tre på bokbadet er litt av ein trio!
Kom! Kom!

Rita

fredag 23. august 2019

Pilegrimslei? Nei!

Merete og Aukrusten.
Foto: Berit Strømshoved
Det har vore ei hektisk veke her i bokheimen, skal eg fortelja dykk! Skulane har starta opp att, vi har allereie hatt fleire klasser på besøk, så bra!, vi har lånt ut lærebøker til elevane på vidaregåande, fått i hende den flunka nye fjelldiktboka vår, hatt besøk av trivelege lånarar og kvardagen er i gang att for fullt. Utanfor kontorglaset til sjefen har turisttrafikken dabba av, rogna har vorte raud og når ein trippar over brua til jobb om morgonen, kan ein kjenne eit drag av haust i lufta, men hugse det skal vi, at hausten kan ver' fin.

Alt det ovanfor nemnde kunne fortent ei eiga side i bibliotekdagboka. Men knallharde som vi er i prioriteringane her på huset, har vi vald å vie dette dagbokbladet til eit særs triveleg besøk frå Hedmark. Tysdag troppa ein delegasjon med 15 blide hedmarkingar opp på biblioteket. Kulturavdelinga i Hedmark fylkeskommune hadde fått den særs gode idéen å ta ein todagars i Lom for å vitje Klimapark 2469, Elveseter, Norsk Fjellsenter, Brimibua, og ved høgstdagsleitet tysdag slengde dei seg altså over elva i zipline og landa på bibliotektrappa vår. Dei hadde lyst til å sjå bokheimen, høyre om formidlinga vi driv og sjå oss i aksjon. Slike påfunn set vi umåteleg stor pris på! 

Les Kyrre Andreassen! Du vil neppe angre.
Foto: Berit Strømshoved
Hedmarkingane fekk som bestilt ei rask omvising i biblioteket før bestemorbibliotekaren og underteikna drog i gang bokpraten. I fin stil og på klingande bestemormål framførde min betre halvdel diktet "Bånsull" av Olav Aukrust. Ho fortsette lyrisk med dikt frå "Hekla myter" av Eli Fossdal Vaage. Vi måtte jo sjølvsagt nemne klassikar-prosjektet vårt, og underteikna avslutta med ei lita danseoppvising frå Krister Larsen si side. For har du enda ikkje har lese "For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges" av Kyrre Andreassen, kan eg nemligen tilrå det på det varmaste!

Så utruleg hyggeleg at de ville ta turen hit, hedmarkingar! Snart er vi alle innlendingar, og på spørsmålet om vi er pilegrimeslei, er svaret på det eit rungande NEI! Kom åt Lom!

Haustleg, men kjærleg helsing.
Rita



fredag 16. august 2019

Språkbruk og hønemødre

Litt blyg, tenksam og fåmælt kom denne mannen til oss for nokre månadar sidan for å praktisere norsk. Dette har vi skrive om før. Vi trippa småkry rundt han frå første stund, takksame over at han valde nett oss som praksisplass. Det vi ikkje hadde tenkt så nøye gjennom på førehand, var at vi to matronebibliotekarane då laut leggje bort den breie dialektbruken saman med den interne sleivkjeften vi ofte riv oss imellom, og heller knote bokmål. Det har til tider gått veldig bra, og så fort vi har havna utpå i ivrige diskusjonar eller engasjerte dialogar med breie diftongar og ord frå bortgøymde krokar av ordkartet vårt, har ansiktsuttrykket til den unge mannen falle saman som ein stonglaus teltduk. Så talande, så viktig, så fint å lære om seg sjølv på denne måten. 

Ikkje trekløver, men reine blomen!

Humøret var såleis på topp då vi i vår fekk veta at Shahrookh også ville jobbe hos oss heile fire veker i sommar! Han har smilt, rydda og prata norsk dagane så lange dei har vore, og det har vore ei sann glede å ha han her, til tider heilt umissande, når køen har hopa seg opp framfor skranken og bokstablane på tralla har vakse faretruande. I dag var siste dag i teneste for oss, men for å unnå ein drupande avskil, åt vi heller kake og tvinga Shahrookh til å love å kome og drikke kaffe med oss kvar veke framover. Vi lit på lovnaden hans, vi veit han er ein real kar! Vi to hønemødrene er pinleg klar over at vi ikkje kan konkurrere med den yngre stab i posering framfor linsa, men tykkjer heilt ærleg at vi eigna oss som kronblad på denne blomen. Takk for innsatsten, latteren og dei lærerike stundene Shahrookh! Det blir ratt ein kakebit på bakrommet før du veit ordet av det.

Avslutningsbite

Bloggar: Merete

fredag 9. august 2019

Når dei vise ferierar

dansar bibliotekaraspirantane heile veka.


Shahrookh delar betrakningar om å vera på biblioteket:
Denne sommaren gjeng mot slutten. Oss hadde mange lånarar innom i sommar, ikkje berre lomverar, men au folk frå andre byar og land. Mange turistar som er innom skryt tå den gode stemninga oss har her på biblioteket, og vert overraska over å finne eit så fint bibliotek i vesle Lom. Mange tek seg tid til å snakke med personalet, og dei vert støtt glade når oss kan hjelpe dei med kva dei lurar på. Bibliotekarane vert glade og takknemlege for så mange gode attendemeldingar.

BibliotekAre nyttar høve til å anbefale ei tjukk bok han har lese i sommar, "Max, Mischa & tetoffensiven" av Johan Harstad. Boka omhandlar Max som vert tvangsflytta frå Stavanger til New York som tenåring, den er ein kjærliek og oppvekstroman som handlar mykje om tilhøyrsle då Max slit med sitt nye liv i USA. Boka er full av kulturreferansar om skodespel, romanar, filmar (Apocalypse now), biletkunstnare (Mark Rothko), historiske hendingar (Vietnamkrigen, Twin towers) og musikk (Sonic Youth, Hüsker Dü).

Tonje les for tida berre barne og ungdomslitteratur, og vil derfor anbefale ei bok som passar for alle over 8 år. 100 historier om gutter av Ben Brooks er hundre korte biografiar om kjende og mindre kjende guttar som har forandra
verden. Folk tenkjer ofte at menn må vere maskuline. Men kva om man ikkje er det? Nokon er introvert og trivst best i eige selskap, nokon vil gå i kjole, og somme likar stjernar betre enn å leike med sverd. Denne boka oppfordrar alle til å  ha trua på den man er og vera seg sjølv. Her kan vi bli betre kjend med Barack Obama, Oscar Wilde, Stephen Hawking og mange andre gode førebilete.

Til slutt vil vi ynske alle ei god helg og ein fin siste veke før skulestart.

Shahrookh, Tonje og Are

fredag 2. august 2019

Eit dagbokblad for mitt bibliotekhjarte

Dei nye klassikarane
Denne veka har eg styrt skuta aleine. For meg som til vanleg er bortgøymd inne på kontoret for å administrere, kontere, attestere og drive med andre eremitt-aktivitetar, er det stas å få vera framme i manesjen iblant.

Her framme treffer ein mange trivelege folk frå fjern og nær. I skrivande stund går to hyggeleg bibliotekarar frå Sandefjord og Oslo omkring her, ser seg om og låner bøker og slår av ein bibliotekarprat. Dei følgjer oss til og med på denne nettstaden og kjenner godt til biblioteket frå før. Kjempetriveleg at dei stikk innom!

Og der kom familie på fire frå Antwerpen innom. Han er i ferd med å lesa The birds of a Norwegian author called Tarjei Vesaas. If I know him? Skulle meine det. Og så oppdagar dottera begeistra boka Vi er klimaet av den belgiske Greta Thunberg, tek fram mobilen og tek bilde av ho, ho har møtt ho to gonger! Og verda blir brått så lita og fin og full av augeglitter her inne i den vesle bokheimen vår. Her er òg eit midtpunkt, som Hauge sa.

Elles er det leselystne Sommarles-ungar og dei nye klassikarane som lyser opp bibliotekdagane mine. Kvinne (63) har lese alle dei nye klassikarane som er lettast å like og er nå i gang med dei som er litt "rarare" og meir utfordrande. Førre veke lånte ho Trilogien av Jon Fosse, og eg var spent på reaksjonen da ho kom att og leverte boka denne veka: Ja, men, veit du, e likte o, e! Berre'n kom inni d', så va'o jammen god!

Den jamne lånar treng ofte eit puff, ein god grunn til å velge bøker av Jon Fosse, Laila Stien og Øyvind Rimbereid. Det er ikkje noko dei utan vidare grip til, og det er heller ikkje alltid så lett å selja dei inn for oss bibliotekarar. Dei fleste av oss vil helst lesa bøker som liknar bøker vi er vande til å lesa, bøker som vi veit at vi likar. Klassikar-prosjektet er for nokre denne gode grunnen til å prøve noko nytt, og det gler meg stort!

65 bibliotek er med i klassikar-prosjektet, og mitt håp er at i alle desse biblioteka er det nokre slike lånarar som prøver seg på bøker dei elles ikkje ville lese og på den måten bli kjend med nye forfattarar. I ekstra optimistiske stunder tenkjer eg at dette kan påverke nokon av dei til å fortsetja og låne bøker av desse kvalitetsforfattarane våre og eksperimentere meir når dei vel bøker seinare. Ha'ke det vært femenalt?

Sommarleg helsing Rita