Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 23. august 2019

Pilegrimslei? Nei!

Merete og Aukrusten.
Foto: Berit Strømshoved
Det har vore ei hektisk veke her i bokheimen, skal eg fortelja dykk! Skulane har starta opp att, vi har allereie hatt fleire klasser på besøk, så bra!, vi har lånt ut lærebøker til elevane på vidaregåande, fått i hende den flunka nye fjelldiktboka vår, hatt besøk av trivelege lånarar og kvardagen er i gang att for fullt. Utanfor kontorglaset til sjefen har turisttrafikken dabba av, rogna har vorte raud og når ein trippar over brua til jobb om morgonen, kan ein kjenne eit drag av haust i lufta, men hugse det skal vi, at hausten kan ver' fin.

Alt det ovanfor nemnde kunne fortent ei eiga side i bibliotekdagboka. Men knallharde som vi er i prioriteringane her på huset, har vi vald å vie dette dagbokbladet til eit særs triveleg besøk frå Hedmark. Tysdag troppa ein delegasjon med 15 blide hedmarkingar opp på biblioteket. Kulturavdelinga i Hedmark fylkeskommune hadde fått den særs gode idéen å ta ein todagars i Lom for å vitje Klimapark 2469, Elveseter, Norsk Fjellsenter, Brimibua, og ved høgstdagsleitet tysdag slengde dei seg altså over elva i zipline og landa på bibliotektrappa vår. Dei hadde lyst til å sjå bokheimen, høyre om formidlinga vi driv og sjå oss i aksjon. Slike påfunn set vi umåteleg stor pris på! 

Les Kyrre Andreassen! Du vil neppe angre.
Foto: Berit Strømshoved
Hedmarkingane fekk som bestilt ei rask omvising i biblioteket før bestemorbibliotekaren og underteikna drog i gang bokpraten. I fin stil og på klingande bestemormål framførde min betre halvdel diktet "Bånsull" av Olav Aukrust. Ho fortsette lyrisk med dikt frå "Hekla myter" av Eli Fossdal Vaage. Vi måtte jo sjølvsagt nemne klassikar-prosjektet vårt, og underteikna avslutta med ei lita danseoppvising frå Krister Larsen si side. For har du enda ikkje har lese "For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges" av Kyrre Andreassen, kan eg nemligen tilrå det på det varmaste!

Så utruleg hyggeleg at de ville ta turen hit, hedmarkingar! Snart er vi alle innlendingar, og på spørsmålet om vi er pilegrimeslei, er svaret på det eit rungande NEI! Kom åt Lom!

Haustleg, men kjærleg helsing.
Rita



1 kommentar:

  1. Lom innfridde alle våre forventninger! Takk for både lyrikk og dans :-)

    SvarSlett