Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 2. august 2019

Eit dagbokblad for mitt bibliotekhjarte

Dei nye klassikarane
Denne veka har eg styrt skuta aleine. For meg som til vanleg er bortgøymd inne på kontoret for å administrere, kontere, attestere og drive med andre eremitt-aktivitetar, er det stas å få vera framme i manesjen iblant.

Her framme treffer ein mange trivelege folk frå fjern og nær. I skrivande stund går to hyggeleg bibliotekarar frå Sandefjord og Oslo omkring her, ser seg om og låner bøker og slår av ein bibliotekarprat. Dei følgjer oss til og med på denne nettstaden og kjenner godt til biblioteket frå før. Kjempetriveleg at dei stikk innom!

Og der kom familie på fire frå Antwerpen innom. Han er i ferd med å lesa The birds of a Norwegian author called Tarjei Vesaas. If I know him? Skulle meine det. Og så oppdagar dottera begeistra boka Vi er klimaet av den belgiske Greta Thunberg, tek fram mobilen og tek bilde av ho, ho har møtt ho to gonger! Og verda blir brått så lita og fin og full av augeglitter her inne i den vesle bokheimen vår. Her er òg eit midtpunkt, som Hauge sa.

Elles er det leselystne Sommarles-ungar og dei nye klassikarane som lyser opp bibliotekdagane mine. Kvinne (63) har lese alle dei nye klassikarane som er lettast å like og er nå i gang med dei som er litt "rarare" og meir utfordrande. Førre veke lånte ho Trilogien av Jon Fosse, og eg var spent på reaksjonen da ho kom att og leverte boka denne veka: Ja, men, veit du, e likte o, e! Berre'n kom inni d', så va'o jammen god!

Den jamne lånar treng ofte eit puff, ein god grunn til å velge bøker av Jon Fosse, Laila Stien og Øyvind Rimbereid. Det er ikkje noko dei utan vidare grip til, og det er heller ikkje alltid så lett å selja dei inn for oss bibliotekarar. Dei fleste av oss vil helst lesa bøker som liknar bøker vi er vande til å lesa, bøker som vi veit at vi likar. Klassikar-prosjektet er for nokre denne gode grunnen til å prøve noko nytt, og det gler meg stort!

65 bibliotek er med i klassikar-prosjektet, og mitt håp er at i alle desse biblioteka er det nokre slike lånarar som prøver seg på bøker dei elles ikkje ville lese og på den måten bli kjend med nye forfattarar. I ekstra optimistiske stunder tenkjer eg at dette kan påverke nokon av dei til å fortsetja og låne bøker av desse kvalitetsforfattarane våre og eksperimentere meir når dei vel bøker seinare. Ha'ke det vært femenalt?

Sommarleg helsing Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar