Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 26. juli 2019

Bokpratarar av beste sort!

It's summertime og høgsesong for bibliotekturisme. Folk frå fjern og nær kjem innom for å låne lektyre til små og store, til bil- og hytteturar, til solveggen eller til godstolen i skuggen heime og for å hente premiar til Sommarles. Ting tek tid, og fyrst nå ser ein verkeleg effekten av nasjonalt lånekort og av den nasjonale lesekampanjen, Sommarles. Folk har lært at dei kan låne og levere overalt, hente premiar til lesekampanjen og ikkje minst, få gode boktips, og ryktet om mine fantastiske bokpratarar er i ferd med å spreie seg over det ganske land.

Eg skal innrømme at eg vegra meg for å opne e-postkassa måndag etter tre veker med ferie. Fulle e-postkasser kan by på så mangt. Men ikkje så langt ned i bunken, låg brevet frå bokglad gjeng frå Tysvær. Eg har fått lov å referere innhaldet for dykk her:

Emne: Takk :-)

Vi var på bilferie litt tidligere i juli, og da kjørte vi gjennom Lom. Alle 4 var enige om at vi måtte innom bakeren, og så MÅTTE vi innom biblioteket der. Vi var en uke i Lom i fjor og husker at vi fikk så gode boktips der 😃
Det fikk vi i år også! Og selv om vi ba om bøker på bokmål, måtte hun tilslutt bare vise oss en nynorsk bok: Tonje Glimmerdal! Og siden hun solgte den så fantastisk godt inn, endte vi med å låne den til tross for nynorsk. Vi brukte mange dager på å bli klare for å lese en såpass stor nynorsk bok, men så kom vi plutselig over den på lydbok - lest av forfatteren selv. OG FOR EN OPPLEVELSE. Så tusen hjertelig takk for den anbefalingen! Og det å høre den lest på riktig dialekt, gjorde at vi satt klistra hele familien i de godt og vel 5 timene den tok. MÅ ANBEFALES TIL ALLE. Håper ferien fører oss innom Lom bibliotek en annen gang og for flere gode tips 😃 
Mvh
en bokglad gjeng fra Tysvær 

Det er stor stas å få slike attendemeldingar! Tusen takk til bokglad gjeng frå Tysvær som tok seg bryet med det. Og de er hjarteleg velkomne innom for nye boktips ved seinare høve. Sjefen, altså eg, og Lom er superduperheldige som  har slike strålande bokpratarar og gode ambassadørar i fyrstelinetenesta! I bloggande stund høyrer eg BibliotekAre i latter og triveleg passiar med gjestane i skranken. Gutar i slyngelalderen, småjenter, godt vaksne damer og ikkje minst våre nye landsmenn, alle er glade i den BibliotekAre-n! Det same gjeld den fabelaktige bestemorbibliotekaren som gjengen frå Tysvær trefte på. Nå har ho sin velfortente ferie på hytta og er truleg fri frå internettet. Men ver de trygge, ho skal få den fine helsinga frå Tysvær. Det er bibliotekarane som er den viktigaste ressursen i biblioteka, spør du meg. 

Og til alle bibliotekarar i landet: Vi må hugse at det fortsatt finst folk som har til gode å bli kjende med det vesle dunderet frå Glimmerdalen og alle bøkene der Maria Parr glimrar med sitt nærvær. Vi må prate dei ut av hylla, folkens!

Varm helsing frå Lom.

Rita 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar