Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 19. juli 2019

Persiennetaktikk og låneflyt

For ein fin sommar det har vore så langt! Etter å ha styra einsleg her langt inn i tredje veka, var det godt å få Are attende på plass til å ordne med slik som blir liggjande når ein skal ta hand om biblioteket sjølv over litt tid. Inne på kontoret har haugen med hakkete filmar og lydbøker vagla faretruande høg sidan før skuleslutt, og det var noko sjefen hinta til før ho tok ferie; "Nå fæ oss sjå te gjera någå ve æille dessa slitte CD`æin!" Pliktoppfyllande og velgjerande som alltid, har så Are benka seg der inne med kaffekopp og lesnad både i går og i dag, og Rita skal få seg ei overrasking når ho oppdagar innsatsen han har lagt ned! Ikkje før siste CD er reparert, skal han få oppfylt ønsket sitt om å sitje i skranken att. Assisterande sjef har også sytt for at han held persiennene heilt nede, så han ikkje skal hefte seg bort med å glåme for mykje for kvinnfolka på plassen utanfor.

Ivrig tenestekar!
Etter travle og heite dagar, tok eg i går ein kjapp liten sjekk og samanlikna statistikken for dei 18 første dagane i fjor med same tidsrom i år, og fann ei gledeleg auke på tett oppunder 17%. Litt synsing blir det om ein skal freiste å forklare denne auken, og kanskje trefte det til at biblioteket var ope ein dag meir same periode i fjor, men eg ser i alle fall at folk på gjennomreise no brukar det saumlause biblioteket meir naturleg enn før. Det er no meir sjeldan at folk kjem og spør om det er mogleg for dei å låne bøker hos oss, sjølv om dei ikkje bur her. Dei berre kjem med lånekortet sitt og tek det som ei sjølvfølgje at dei kan låne her og levere ein annan stad. Fint! Hald fram med å bruke biblioteka der du fer, og ha ein fortsatt fin sommar!

Bloggar (med glipegløtt i persiennen): Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar