Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 12. juli 2019

Vasspreiardropar og riksvegvandring

Vi hadde ikkje sommarles. Vi hadde ikkje eit bibliotek som var ope heile sommaren. Vi hadde ikkje bøker med glansa omslag som saug auga åt seg med pirrande mine. Og vi hadde berre ein skjerm, og han hadde gode dagar denne ljose tida på året.

Sildrande vasspreiardropar

Men vi hadde ein rikdom i sola, regnet, skogen, fjellet, reiseradioen, teltturane og krokanispinnar for ei-femogtjuge (1976). Og vi hadde kvarandre. Barndomssomrane var eit vekslande eventyr mellom frydefulle kvin under sildrande vasspreiardropar og heimstrikka ull mot nordavind på gjenomreise, medan ungdomen var ei einaste lang vandring riksvegslangs i håp om at den rette mopedisten skulle dukke opp. I tillegg var det bøkene. Grøne, blå eller raude omslag, men mellom permane kunne ein aldri vite kva ein møtte.
Kristin får sin Erlend

Den sommaren eg fylte 13 levde eg meg gjennom fleire bøker enn eg truleg har gjort nokon gong korkje før eller seinare i livet, og nokre av dei sette varige spor. Det begynte forsiktig med Bjørnson og Synnøve Solbakken, før eg heldt fram med m.a. Anne Karin Elstad og folket på Innhaug, Sigrid Undset si Kristin Lavransdatter, medan eg avrunda hausten med Markens grøde av Knut Hamsun. Isak Sellanrå vart mitt fysste store, litterære mannsideal, og gjorde slik inntrykk at eg aldri sidan har våga lese om att den eineståande romanen. Men alle desse litterære møta gjorde eitkvart med meg denne sommaren, og kanskje var eg i ein alder som gjorde meg ekstra mottakeleg for sterke kjensler skildra av dyktige forfattarar. Eg nytta lesestundene godt, dei lange ferievekene flaut av stad, og brått laut matboks og ryggsekk pakkast att.

Kristin som barn, eldre og ungjente. Rørande.

Då eg i sommar fekk gleda av å sjå Kristinspelet på Jørungard, kom litt av denne 83-kjensla att til meg. Eg hugsa kor vondt eg hadde av Oline og Magret som sleit under dei vanskeleg kåra, korleis eg heia på Kristin og kjærleiken gjennom fødsel og død, og kor strekt eg kjende slitet til Isak på kroppen. Eg hadde vore fattigare utan desse møta, men eg var definitivt ikkje fattigare utan skjerm!

Kristinspelet var ei gild oppleving, der eit par dansarar toppa heile framsyninga med framifrå kroppsleg formidling. Både rutinerte skodespelarar, flinke amatørar, dyktige småbarn, musikarar og hestar gjorde stort inntrykk. Og med sjølvaste Linn på setet attmed, kunne ikkje kvelden vorte betre. Skap minne i sommar, du også!

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar