Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 5. juli 2019

Innvendig jubel og nostalgisk fjellutstyr

Her om dagen kom ei eldre dame og ei jente inn her, litt frosne, men blide og tilfredse med ferie uansett. Eg meinte dei kunne vore heldigare med både temperatur og skylag på ein feriedag i Lom, men det bles berre kvinna av: "Vi e her oppe rætt som det e, og når vi kjæm heilt ifra Bodø, e vi nu ikke så sære på været. Her e det nu så fint læll! Men har du noka godt å læs på før mæ?"

Det er støtt utfordrande å gje boktips til heilt ukjende menneske, så eg prata litt med henne først. "Då reknar eg med at du kjenner godt til Elin Åsbakk Lind, da, i og med at du bur i Bodø?", snirkla eg meg inn etter kvart. "Åsbakk Lind? Nei, hu har æ aildri hørd om?" Sjela mi vrei seg to gonger rundt innvortes, då lesehjartet mitt meiner at alle der nord burde ha kjennskap til slik ein grom skribent. "Men då er det i alle fall sikkert at du skal ha med boka "Punktum midt i en vakker setning", der det meste av handlinga er lagt til Landegode", sa eg kontrollert, medan eg jubla innvendig over det knallgode tipset. "Nei, du tulle me mæ?! Æ ser ju rett bort på Landegode fra der æ bor! Den MÅ æ ju berre læs! Nu blei æ glad!"


Den gleda var så desidert på mi side, og eg er trygg på at lånaren får nokre fine stunder saman med Mathias og grandtante Maria.

I går kom også ein familie innom, som hadde vore her ein tur i fjor. "Vi måtte jo berre stikke innom når vi først fòr forbi, for makan til trivelege bibliotek - og med gode boktips i fleng!" Når borna attpåtil fekk finne sommarlespremiar frå trauet vårt, vart besøket fullkome. Velkomne tilbake neste gong!

Nytt av veka er inspirasjonsutstilling for årets Diktardagar "Til fjells". Eg har plukka fram litt av det eg meiner ein hadde med seg i sekken på fjelltur for nokre tiår attende, så her ser ein kor rivande utviklinga har vore også på friluftslivsfronten. Fjellet er det same, utstyret litt annleis.


Så glad eg er for at Shahrookh har vore her saman med meg desse dagane, for biblioteket har fløymt over av små og store, sambygdingar og framande, pratsame og stillferdige. Artige dagar, nett slik vi vil ha dei på livlege sommardagar. Ha ein god sommardag der du er!



Ryggsekkbloggar: Merete
(som ber om orsak dersom nordlandsdialekten ikkje er heilt på plass)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar