Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 28. juni 2019

Biblioteksåmmår. Såmmårbibliotek. Og vi skal gje ut BOK!

Vi er i gang med ferien her på biblioteket. Bestemorbibliotekaren er fyrstebibliotekar ut. Ho strauk til fjells førre helg og inviterte like godt med seg resten av gjengen til sommaravslutning på hytta. BibliotekAre hadde gledd seg lenge til dette! Han hadde nemligen for lengst tinga på å vera DJ, og endeleg skulle han få demonstrere vedunderet sitt for oss, sveivegrammofonen som han fekk i julegåve av broren sin. I heile vinter har vi høyrt prat om det suverene remediet. Han blir mjuk i røysta og mest tårøygd når plåteseplaren er tema.
DJ BibliotekAre. En glad gutt.
Kort fortalt (det stundar til ferie for nokon og ein kvar): sommaravslutninga vart ein suksess. DJ BibliotekAre like så. Ingen ting er vakrare enn store, staute karar som blir som gutungar att!

Elles går det i Sommarles, leselystne ungar som låner nye bokstablar og flottar seg med armband, norsk-amerikanarar som vil grave i jorda etter slektsrøtene sine, tissetrengte turistar og heimkomne studentar som langar etter anna lesestoff enn pensum.
To vener som les.
Hanne, kollegaen i Skjåk, og underteikna har dei siste vekene lese korrektur på harde livet til fjelldiktboka som vi snart skal gje ut. Biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen har samla dikt om fjell i årevis. Nå skal endeleg eit utval av dikta gjevast ut i bokform av Diktardagar SA og biblioteka, hurra, og Hanne og eg har fått det ærefulle redaktøransvaret. Tittelen på boka blir Til fjells! Dikt om fjell frå Edvard Storm til Anna Kleiva. Antologien inneheld eit sekstital dikt om fjell, om seterliv og fjellvandring, huldrer, tussar og troll, om klive i berga og gå seg vill, om å gå Besseggen, om blomar, fjellmystikk og fjellerotikk. Dikta er skrivne over ein periode på to hundrede og femti år, dei fleste av våre lokale forfattarar, men også dikt av nasjonale storleikar som Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Olav H. Hauge er med i utvalet. I dag har vi sendt manuset frå oss. Nå kryssar vi fingrane for at alt er korrekt og på stell.  Det blir storstilt lansering  under Diktardagar, fredag 30. august! Kom! Kom!

Je æ i a nå.
Underteikna tek på seg feriehatten og bloggar av. Les ei bok du lika og vice versa i sommar!
Med ynskje om ein utuhænta god såmmår!

Helsing Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar