Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 21. juni 2019

Jentun våre

Mari, Iselin og Alida. Nå skal dei ut i verda.
Vi sender med dei alle gode ynskje.
Etter at den vidaregåande skulen i Lom flytta inn i nye lokale hausten 2013, har biblioteket merka nedgang i besøket av elevar frå skulen. Skulen flytta berre eit par, tre hundrede meter, men dette, i tillegg til kantine og fine opphaldsrom, er nok til at elevane held seg i Utgard i fritimane nå for tida. Dei unge menneska var eit friskt pust i kvardagen til aldrande bibliotekarar, og det hender vi sit på bakrommet og mimrar om den gongen det myldra av smukke, unge menneske rundt oss.

Men heldigvis finst det heiderlege unntak nå også. Blant årets avgangselevar finst det opptil fleire storlesarar og ivrige lånarar. Nå som skuletida i Lom er over, og dei står på tur til å reise frå oss og ut i den store, vide verda, hadde vi lyst til å gjera litt stas på dei. I dag troppa uteksaminerte Mari, Alida og Iselin opp til kanelsnurr og kaffislabberas hjå oss. Det blir sjølvsagt bloggstoff av slikt.

Naturleg pensa praten inn på framtidsplanane deira. Iselin var klar. Ho reiser til Kristiansand for å bli sosionom. Alida hadde tenkt å studere filosofi i Bergen, men eit utanlandsopphald freistar meir, så på nyåret reiser ho kav til Sør-Afrika. Mari er framleis usikker, men det er godt mogleg at det blir studiar i Tromsø.

Vi måtte sjølvsagt intervjue jentene om favorittbøker og -forfattarar. Mari er glad i Bjørndalstrilogien av Trygve Gulbranssen. Bibliotekaren tenkjer i sitt stille sinn at det er flott at dei unge framleis les og set pris på slike gamle klassikarar. Alida som vurderte å studere filosofi, har, ikkje overraskande, Arne Næss som ein av sine favorittar. Av bøker nemner ho Virkeligheten er ikke slik vi tror og Maja Lundes Bienes historie. Iselin er sikker i si sak. Den fremmede av Camus er ei bok ho trur vil vera med ho resten av livet. Ho likar også godt bøkene til Erlend Loe, spesielt L og Doppler.

Når det gjeld leseplanar for sommaren, vil Mari lesa ALT anna enn fag. Ho har blant anna den nyaste Kroken og Kolden på vent. Alida har tenkt å lesa alle bøkene ho ikkje har fått lese i løpet av skuleåret, blant anna ei bok om kunsthistorie. Iselin har store forventningar til Koke bjørn av Niemi, men ventelistene på biblioteka er, akk, så lange! Elles så skulle ho lese Nei og atter nei av Nina Lykke. "Å, ho æ så bra", skyt Alida inn, da. Iselin har også fått tips av bibliotekarane om Martin Tesli og Tarjei Vesaas, og ho låner med både Tesli, Fuglane og Is-slottet. Har ho ikkje bra sommarlesnad, da, så veit ikkje eg!

Som ungdommar flest i bygdene våre, har dei tre jentene sommarjobb. Iselin skal i alle fall stryke til Nesodden og jobbe på coopen på Skoklefall. Mari skal jobbe på helseheimen i Lom. Ho er også god til å traktere fela og skal delta på kappleik i Vågå i sommar. Ferieturen går til England og Bath. Alida vil til Amsterdam og vitje Anne Frank-muséet og blir elles å finne på Vågal sy Vågå.

Vi ynskjer dei tre jentene all mogleg lykke og hell vidare i livet og håpar at dei tek turen innom biblioteket når dei er på heimlege trakter. Og på spørsmål om dei har tenkt seg attende til bygda på sikt, avsluttar vi med sitat Iselin: - D æ så jælma fint her! D'æ hær som æ heime! Kæfor vil ikkje folk heim att?! Da satsar vi på det.

Bibliotekarane står elles på tur til fjells for å ha ei durabeleg sommaravslutning. BibliotekAre tek med seg sveivegrammofonen og nokre steinplater. Vi andre tek med salat og snacks og nokre flasker med godt humør. God midtsommarhelg!

Rita




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar