Men attende til viskvinnen av få ord. Det er ikkje berre preferanse for presist språk som fører til ordknapperiet. Det er dessverre også ei relativt avgrensa mengd faktakunnskap. Det er ikkje slik at eg kan leggje ut i det vide og breie om eit emne, utømmeleg kunnskapskjelde, der har du meg, lzm. Nei. Eg beundrar alle som kan det, og har reflektert litt kring dette. Medan gutar frå dei er små, nerdar seg til kunnskapar om dinosaurar, pokemon, musikk, fotball, 2. verdskrigen osb, sit jentene på jenteromma med drøymande blikk ut glaset, les kjærleiksromanar, fantaserer om at nokon med Simon-, eventuelt Garfunkel-røyst, skal skrive ein Kathys song å kviskre i øyra deira, finpussar omsorgsgen, utviklar empati. Det er vel og bra, kanskje til og med best, men ikkje noko å imponere med i selskapslivet. Dette er sjølvsagt forenkla framstilling av røynda, sue me, men lang røynsle bak skranken fortel det same. Gutar vel faktabøker langt oftare enn jenter. Til og med eg som interesserte og interesserer meg for alle moglege fag og emne, gjekk i Simon & Garfunkel-fella.
Det skulle vera kort, men fatta. Vel, vel. Mitt eigentlege poeng, er at min bloggmate slit langt meir både i skriftleg og munnleg framføring enn meg med å vera ordknapp. Ho har noko aukrustsk i seg, ei more is more åre attende til barokken, men dette treng vi jo ikkje prate for høgt om. Nå kjem ho snart og eg er ferdig blogga.
Elles er det tid for kassering. Og elles er det bra det ikkje finst skjulte kamera eller fluger på veggen når bibliotekaren kasserer til Admiral P. Flott kasseringsmusikk. Tschüß!
Rita
1. Du legg rett så ofte ut i det vide og breie om ymse emne -altså HAR du
SvarSlettuavgrensa faktakunnskap (om eitt og hitt, i det minste...)
2. Du sat ikkje med romanriske dagdraumar på jenterommet, du var ute og sprang
grenda rundt med gutane -du HAR altså noko å briljere med i selskapslivet (eg
har opplevd det ved sjølvsyn...)
3. Bloggmeita di slit ikkje med noko som helst (utanom ein og anna falske
plystretonen frå bakrommet...)
4. Dette blogginnlegget -som alle andre produsert av dine velpleia fingrar- vart
IKKJE stutt! (men fint var det...)
Merete :-)
Romanriske dagdraumar var ikkje vanleg i Moagrenda på 70-talet -heller ikkje romantiske :-) Så har ho ikkje det å pirke på.
SvarSlettMerete
1) Stundom er du lett å imponere.
SvarSlett2) Her uttalar du deg på meget sviktande grunn. Og du må for all del unngå fleirtalsform.
3) Eg driv kvalitetsplystring.
4) Dei er ikkje velpleia. (Takk!)
5) Du skulle berre visst.
Anonym