Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 2. desember 2014

Trusestunt i grus

"E stille kje ti nisshuve å truse, bærre så døkk veit de!" Det gløser stygt bak dei blankpussa brilleglasa hennar Torill ved skranken, og vi skjønar det er alvor. Det står ein sjeldan støkk frå det elles så stillfarne kvinnfolket, og og vi to småførkjene hufsar oss forsiktig inn på bakrommet att -med trusa mellom føtene.

Eit noko avstompa stunt for Årets julegåve...
Det begynte som vanleg med ein etter mitt syn knakandest god idé om eit reklamestunt for å få sving på salet av årets julegåve. I fjor selde vi  ut eit heilt "opplag" av dei unike boksarane med den flotte teksten "Lom folkebibliotek Årets bibliotek" rundt midja. Både bygdafolk og andre fornuftige tende på idéen om ei varmande julegåve i nydeleg farge, med søte damer på låret og opplyftande tekst rundt valken. Grunna høg etterspurnad bestilte vi ny ladning underbukser utpå nyåret, men sidan gåverushet var over og bibliotekarane reint gløymde å marknadsføre "Det vesle under", sit vi no att med ein pen haug flunkande nye boksarar klare til innsats under juletreet. Det var då eg kom med idéen: "Kæin oss kje tå bilde tå oss tri i nisshuve å boksere å læiggje ut -dæ kæin da kje æinna hæil sælja?" Sjef Rita tende straks på tanken, men vi møtte som nemnt motbør frå Fornufta...

Liten pose kan romme stor truse...
Likevel: det er lov å tipse nissen, og han set nok meir enn gjerne pris på å få litt hjelp til å fylle opp sekken også denne jula. Ein boksar frå gammelprestgarden er noko alle har bruk for, vi har både dame- og herremodell i storleikar frå smal til ekstra brei røv, og den gromme saken kostar kun ein hundrelapp! Vi tek i mot bestillingar både på e-post (biblioteket@lom.kommune.no), via facebook eller andre sosiale remediar. Det aller trivelegaste er naturlegvis om de tek turen innom oss, så får de sjå på, dra i og "tumme" i underet før de evt handlar. Men noko bilete vart det altså ikkje.

Bruk tida på kvarandre i dagane og vekene framover, advent er ikkje berre forventing og glede for alle. Gjer julehandelen raskt og enkelt på biblioteket, og bruk heller den ekstra tida på å besøkje einkvan som kanskje ikkje gler seg så på høgtida vi går mot -tida då alt stoppar opp, og dei einslege blir om mogleg enno meir einslege.

Bloggar med det lille ekstra under: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar