Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 25. november 2014

Kort, men fatta

I dag skal eg vise ho at det går an. Å vera kortfatta. Berre så det er sagt; det byr som regel på nada som helst problem. Bortsett frå her. I mitt stillaste bibliotekarsinn tenkjer eg ofte at folk brukar altfor mange ord på å seie fint lite. Dette gjeld særskilt i telefonar, men også i bøker. Eg innrømmer glatt mi forutinntattness overfor svære, tjukke romanar. Her er det mykje pjatt mellom permane, tenkjer eg. Det stemmer ikkje alltid, men ganske ofte. Eg svergar meir og meir til å poesi det som er og ikkje er. Kort, presist eller overraskande tankespringade. Poetane er jo litteraturens 100-meterløparar, og ein kan alltids håpe at dei ein godvakker regnværsdag, oppnår same status. Nokre har gjort det og blir sett høgare enn sjølv Carl Lewis. Mange også heilt utan anna dop enn blodets hvisken.

Men attende til viskvinnen av få ord. Det er ikkje berre preferanse for presist språk som fører til ordknapperiet. Det er dessverre også ei relativt avgrensa mengd faktakunnskap. Det er ikkje slik at eg kan leggje ut i det vide og breie om eit emne, utømmeleg kunnskapskjelde, der har du meg, lzm. Nei. Eg beundrar alle som kan det, og har reflektert litt kring dette. Medan gutar frå dei er små, nerdar seg til kunnskapar om dinosaurar, pokemon, musikk, fotball, 2. verdskrigen osb, sit jentene på jenteromma med drøymande blikk ut glaset, les kjærleiksromanar, fantaserer om at nokon med Simon-, eventuelt Garfunkel-røyst, skal skrive ein Kathys song å kviskre i øyra deira, finpussar omsorgsgen, utviklar empati. Det er vel og bra, kanskje til og med best, men ikkje noko å imponere med i selskapslivet. Dette er sjølvsagt forenkla framstilling av røynda, sue me, men lang røynsle bak skranken fortel det same. Gutar vel faktabøker langt oftare enn jenter. Til og med eg som interesserte og interesserer meg for alle moglege fag og emne, gjekk i Simon & Garfunkel-fella.

Det skulle vera kort, men fatta. Vel, vel. Mitt eigentlege poeng, er at min bloggmate slit langt meir både i skriftleg og munnleg framføring enn meg med å vera ordknapp. Ho har noko aukrustsk i seg, ei more is more åre attende til barokken, men dette treng vi jo ikkje prate for høgt om. Nå kjem ho snart og eg er ferdig blogga.

Elles er det tid for kassering. Og elles er det bra det ikkje finst skjulte kamera eller fluger på veggen når bibliotekaren kasserer til Admiral P. Flott kasseringsmusikk. Tschüß!


Rita

3 kommentarer:

  1. 1. Du legg rett så ofte ut i det vide og breie om ymse emne -altså HAR du
    uavgrensa faktakunnskap (om eitt og hitt, i det minste...)
    2. Du sat ikkje med romanriske dagdraumar på jenterommet, du var ute og sprang
    grenda rundt med gutane -du HAR altså noko å briljere med i selskapslivet (eg
    har opplevd det ved sjølvsyn...)
    3. Bloggmeita di slit ikkje med noko som helst (utanom ein og anna falske
    plystretonen frå bakrommet...)
    4. Dette blogginnlegget -som alle andre produsert av dine velpleia fingrar- vart
    IKKJE stutt! (men fint var det...)

    Merete :-)


    SvarSlett
  2. Romanriske dagdraumar var ikkje vanleg i Moagrenda på 70-talet -heller ikkje romantiske :-) Så har ho ikkje det å pirke på.

    Merete

    SvarSlett
  3. 1) Stundom er du lett å imponere.
    2) Her uttalar du deg på meget sviktande grunn. Og du må for all del unngå fleirtalsform.
    3) Eg driv kvalitetsplystring.
    4) Dei er ikkje velpleia. (Takk!)
    5) Du skulle berre visst.
    Anonym

    SvarSlett