Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 18. november 2014

Vinterbust og debutantar

Nynappa med fin statistisk bakgrunn
Midt inne i den tida på året då det kjennest berre godt å la busta gro stri og varm under kleda, lyt
sjefen og eg finne fram reiskapen og nappe kvarandre for maskulin stubb rundt orale delar av andletet. Ein møter rett og slett ikkje bygdekvinnene i andre enden av Vågåvatnet med vinterpelsen intakt på haka. Folket i grannekommuna står for høgt hos oss til det. Her skal vi for tredje året på rad møte ein stendig aukande gjeng litterært interesserte damer og menn som hungrar etter nyhende frå bokverda. Kvar gong møter dei oss med ei ærleg og opplyst interesse for det vi kjem drassande med, og kvar gong kjenner vi oss like velkomne. Det er klart vi lyt halde munnstellet i orden!

Debutantar av året
Dei siste dagane og nettene har gått med til ein saftig leseinnspurt med tanke på nett denne årvisse bokpraten. Gjennom heile året er nattbordet mitt neddynga av ungdomsromanar og barnebøker, medan det desse få dagane før advent er heilt borte bak stablar av nye, meir og mindre velskrevne vaksenromanar -for året berre norske. Nytt av året er også at kvar einaste ei av desse nyutgjevingane har vore ei sann glede å vere nattvak saman med! Eg kan med handa på nattskjorta seie at eg i år har til gode å leggje frå meg nokor av bøkene fordi ho ikkje klimpra tilstrekkjeleg på strengjer langt inne i sjela. Eit grundig førearbeid og nøye utvalde bøker skal ha noko av æra, men største fortenesta går til dei mange skribentane som har stokka saman alle bokstavane og orda til minneverdige lesestykkje av større og mindre omfang.

Med tannbørste og underbukse
Om få veker har vi også planar om å pakke rein underbukse og tannbørste og knalle ut på ein aldri så
liten turnè med orda i bagasjen. Fram mot jul vil vi etter planen ha enno fleire nattvake timar under dyna, stunder nytta kun for og med norske debutantar av året. Desse vil vi på nyåret dra med oss ut i verda og prate varmt om, takka vere støtte til formidlingsprosjekt frå Fritt Ord.  For å vere sikra oppdrag, har vi også fått med oss eit trekkplaster -eller kanskje fleire- som inntil vidare får fungere som hemmeleg sugekopp. Sjefen har nemleg framleis ikkje trua på at vi, som dette umake paret vi er, vil vere interessante nok i oss sjølve... Dersom nokon ønskjer å vete meir om turnéen, eller hemmelege trekkplaster, er det berre å ta kontakt med Sjefen med Trua på Seg Sjølv! Kanskje kjem vi på besøk?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar