Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 11. november 2014

Let me take you by the hand ...

and lead you through the biblioteks of Norway. Eg har fleire gonger tenkt på denne songen i høve bibliotek-Norge og vilkåra våre. I dag skal eg gjera alvor av å dele han med dykk, eller i det minste dele tankane mine om stoda i bibliotek-Norge. Etter Årets bibliotek 2012, har vi vore så heldige å bli invitert rundt omkring i landet til å prate om biblioteket i Lom og drifta vår. Det set vi stor pris på, og vi prioriterer å få det til fordi vi gjerne vil bidra til å inspirere andre og vise at vi kan få til noko vi små, en alen lange òg. Det er ikkje slik at foredraga har stått i kø, men førre veke hadde eg plutseleg to oppdrag på rappen, på Bibliotekdagene i Telemark og på Bibliotekkonferansen Innlandet med bibliotekarar frå Hedmark og Oppland. Eg var bede om å halde innlegg om aktiv formidling er ein naturleg del av bibliotekkvardagen og om sosial kommunikasjon i praksis. Formidling og sosial kommunikasjon har mykje til felles, så mange av poenga var dei same. Eg skal i det følgjande dele nokre såkalla highlights.

Før ein bokprat.
Heimearbeidet har ho på fanget.



Reality bibliotek-Norge:
- 76 av 428 kommunar har 1 tilsett i biblioteket
- 93 av 428 kommunar har 0,3 årsverk eller mindre pr 1000 innbyggjar tilsett på biblioteket. Det er      
   ikkje slik at situasjonen for dei resterande 335 er så mykje å rope hurra for heller.
- Aktiv formidling i form av bokpresentasjonar i røynda eller digitalt, krev førebuingar. There are
   books to be read og presentasjonar to be made. Svært få av dei mindre folkebiblioteka har ressursar
   til å utføre dette arbeidet i den ordinære arbeidstida.
- Det er påfallande stort samsvar mellom ressursar og bruk av biblioteka noko som Statistikk for    
  folkebibliotek i Oppland 1993 - 2013 syner.
 
Med ein tilsett i mange kommunar og få årsverk pr innbyggjar, med kontinuerlege budsjettkutt som biblioteka har vore utsett for i ei årrekkje (Enger-utvalet sin konklusjon), er det lite som ligg til rette for at dei mindre biblioteka skal kunne innfri kravet i lova om å drive aktiv formidling. Mange har meir enn nok med å ta imot bøkene dei får via innkjøpsordninga, kassering, magasinering, epostinering, kommunal målekartisering, om dei ikkje skal drive utadretta og aktiv formidling også. Vi har opplevd å få telefonar frå ivrige bibliotekarar som har blitt inspirert av å høyre om kva vi har fått til, men som ikkje ser seg istand til å kunne setja idéane ut i praksis der dei sit aleine i ei halv stilling på biblioteka.

The need for Pippi-power.
Under bibliotekdebatten på Litteratursymposiet i Odda var spørsmålet Kven vil vera venner med biblioteka. Det er mange som vil vera venner med biblioteka, og det er noko av problemet. "Alle" er positive til bibliotek. Det er koseleg med bibliotek som det er med peis, men der stoppar det også ofte opp. "Den positive likegyldighet" er farleg for biblioteka. I Danmark har bibliotek og bibliotekpolitikk vore sett under debatt, konfliktnivået har vore høgare, noko som kanskje er ei av årsakene til at biblioteksatsinga i Danmark har vore større enn i Norge?

På spørsmålet i Odda om vennskap, vil eg snu det og spørja kven vil biblioteka ha som våre venner?

"Biblioteka er prisgitt kommunepolitikarar med helsekniv på strupen, fleirbrukshallar i blikket som ikkje brukar biblioteket." 

Denne grelle påstanden slengde @madamknipe ut på Twitter ein gong. Før ho reiste til Odda, gjorde ho ein rask research i eigen region om våre lokalpolitikarar brukar biblioteka aktivt.
Resultatet var som følgjer i fem av seks kommunar:

2/25, 2/21, 6/17, 7/17, 10/21 kommunestyremedlemmar er aktive brukarar av biblioteket.

Det kan vera mange grunnar til at kommunepolitikarane ikkje brukar biblioteket, som stor arbeidsmengd nettopp fordi dei er folkevalde. Det kan godt hende at dei er positive til biblioteket likevel og kjempar for ressursar til biblioteket. Men det kan godt hende at dei ikkje veit kva biblioteket er og gjer og kva biblioteket KAN vera i 2014 òg. Innimellom all vår daglege drift og all formidling vi gjer og føler vi skulle gjort, må vi også gå ut og fortelja dette eller invitere politikarar og administrasjon til biblioteka så dei får innblikk i arbeidet vårt. Kanskje er effekten like stor av at vi har  bibliotekambassadørar som går ut og talar biblioteket si sak i det offentlege rom. Vi treng profilerte personar som fortel kvifor bibliotek er viktig i dag. Knut Olav Åmås er ein av biblioteka sine fremste ambassadørar. Det same gjeld fleire forfattarar og andre som står fram og talar biblioteka si sak.

D'ækkje någå som kjøm tå se sjøl.
For nettopp kva biblioteket KAN vera er viktig å få fram. Kva biblioteket ER, kan vera så ymse med dei ressursane vi har å rutte med i dag. Reduksjon i budsjett fører til mindre aktivitet, fører til mindre synlege bibliotek, fører til dårlegare opningstider, fører til dårlegare utval, fører til mindre bruk, fører til at biblioteka blir mindre viktige. Dette er ein ond sirkel som store delar av bibliotek-Norge har lidd under i ei årrekkje. Det er ikkje digitaliseringa som er den store utfordringa for biblioteka sin eksistens og drift i Norge i dag. Dei digitale tilboda som e-bøker, er eit positivt tilskot i bibliotekverda og krev formidling på line med fysiske medium. Det er kommuneøkonomien og kommunepolitikarane sine priorioteringar som er biblioteka si store utfordring. 

Kva kan så biblioteka vera? Kvifor er bibliotek viktige i dag når alt finst på nettet? Vi som er inhabile og kjenner tilhøva, finn eit hav av gode grunnar. Eg skal ikkje gå inn på alle her, men har valt meg ut nokre kjepphestar.

Vel dine kjepphestar med omhu!

Bibliotek og lesing
Biblioteka er sjeldan nemnt i den nasjonale debatten som har gått om Pisa-undersøkjingar og lesedugleik. Det er skulen og leseopplæring som er i fokus. Slik vi ser det, er litteraturformidling, det å skape leselyst, viktigare enn nokon gong for den oppveksande slekt. Boka er i knallhard konkurranse med andre medium. Ungar og ungdom treng å lokkast inn i litteraturen på ein heilt annan måte enn den gongen vi berre lånte ei av bøkene med granitol-innbinding på det vesle skulebiblioteket og las ho frå perm til perm. Barne- og ungdomsbibliotekarane er dei som har størst potensiale til å lykkast med formidling og lesestimulering. Dei har dette som yrke, og kan på ein annan måte enn dei fleste lærarar og foreldre halde seg oppdaterte på nyare barne- og ungdomslitteratur. For vår eigen del i Lom, ligg utlånet av bøker til barn på 29 bøker i snitt. Dette kjem ikkje av seg sjølv eller av ein app. Det er resultat av aktiv formidling, av 32 bokpresentasjonar for barn og ungdom som vi har gjennomført i år. Sjølv om vi ikkje har konkrete tal å slå i bordet med, vel vi å tru at dette har positive konsekvensar for den einskilde lesar i form av gode og sterke leseopplevingar, forståing av seg sjølv, andre og samfunnet, for utvikling av empati, for vidare skulegang og prestasjonar knytt til dette, og for deltaking i og styrking av demokratiet. Eg meiner at eit svært viktig bidrag til å utviklie Norge som kunnskapsnasjon, ville vera å tilsetja minimum ein barne- og ungdomsbibliotekar i kvar kommune.


Biblioteket som møteplass og varmestove
Bibliotek betyr kanskje aller mest for dei marginale brukarane, for menneske som er aleine, for outsidarar som føler seg utanfor eller framande i små eller store samfunn, menneske som finn stor glede i litteraturen, i bøker dei kanskje ikkje har tilgang til elles, for menneske som treffer bibliotekaren eller andre og kan prate med dei og starte integreringsprosessen på biblioteket. Amal Aden brukar så store ord som at biblioteket redda livet hennar. Å koma aleine til landet og møte Ensomheten og isolasjonen i Norge, beskriv ho som verre enn å vera gatebarn i Somalia. Hadde det ikkje vore for biblioteket og ein bibliotekar som såg ho, prata med ho og hjelpte ho til å begynne og lesa og lære norsk, meiner ho at det kunne gått heilt gale. Kor mykje biblioteket betyr for dei som treng det mest, kjem ikkje fram i talfesta materiale. Om tilbodet fell bort, kan det bli synleg i andre og mindre hyggelege statistikkar.

Amal Aden: Biblioteket redda meg.
Biblioteket og off-list-litteraturen
Fokuset på best-seljarar er større enn nokon gong i media og salskanalar. Litteraturkritikken misser spalteplass i avisene. Det er mykje som talar for at det er dei kjende forfattarane som får storparten av den spalteplassen som blir igjen. Det er risiko for forlag å satse på debutantar, mindre kjende forfattarar og utsette sjangrar som lyrikk og noveller, fordi det er vanskeleg å få merksemd i marknaden og få seld bøkene. Biblioteka kan vera ein viktig formidlar av off-list-litteraturen. Eg meiner biblioteka må vera bevisste på dette og tydelege på at vi tek denne rolla i bokmarknaden gjennom utstillingar og anna formidling vi driv. Blir bøker og forfattarskap kjende for biblioteklånarane, er sjansene store for at det også vil resultere i auka sal.

Vi går inn i ein ny og spennande budsjetthaust for biblioteka. Dei raslar med sablar og osthøvlar rundt omkring i det ganske land. Måtte alle gode og sterke krefter gå ihop og kjempe for å halde på personalressursar og bibliotektilbod, for kva biblioteka kan vera og kan bety i by og bygd. God budsjettrunde!

Rita




10/21

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar