Fargerik eldsjel: Alf Ramsfjell |
Vi har kome tidsnok og parkert nesten lovleg.
Vi har reist tause med tog til bakgrunnsstøy av framande telefonsamtalar.
Vi har twitra gjennom sovesalen og gjennomført delvis mislykka koffertdonasjon til skobutikken.
Vi har helsa på gamle kjente og knytt nye band, vorte møtt av fargerike eldsjeler i brann på stasjonen og drukke kaffe på ymse bibliotekarvis.
Vi har pynta oss forgjeves til middag på Litteraturhuset, kasta lange blikk og innsett at store forfattarar aldri har høyrt om 3 vise.
Vi har høyrt 42 (!) debutantar lese det vi sjølve aldri vanst skrive dette året heller.
Vi har diskutert menn, diskutert med menn -og drøymt om mannen heime.
Vi har vorte nokre myntar fattigare i pungen, og fleire bøker rikare i minnet.
Somme av oss har også smelta ned i stolen og utover golvet i dragsuget etter Kong Knausgård, delteke på uforgløymelege tomannsjulebord og delt morgonbad med ukjende.
Ein stor takk til Oddmund Kårevik og hans kollega for hjartevarm mottaking og kaffe med biteti ved Enebakk bibliotek, samt til Linda Rasten og Alf Ramsfjell ved Ås bibliotek for strålande omvising og årets stasjonsmottaking! Kvar og ein av dykk er eigentleg verd eit heilt blogginnlegg i seg sjølv, men det får bli ved seinare høve (når ikkje sjefen tek julevaskferie på ein tysdag...) Takk også til Vigdis Hjort, Geir Gulliksen, Tove Nilsen, Selma Lønning Aarø, Mona Høvring, Helene Uri, Kjell Ola Dahl, Marte Gresvik, Frode Grytten og Steinar Opstad for formidling av årets debutantar, og ikkje minst takk til alle dei 42 rykande ferske forfattarane vi fekk oppleve i fortetta stemning på Litteraturhuset desse førjulskveldane! No er vi klare for landevegen og formidling av dei gode forteljingane dykkar!
Nostalgiske, lokale julehefte -til å bli glad av! Ikkje til utlån! |
Til sist må eg berre nemne den mest verdfulle skatten vi har på biblioteket, ein skatt vi tek fram att kvar advent til glede for alle som kjem innom. Det er dei gamle julehefta som vart laga av skuleelevar på den no nedlagde grendaskulen i Lia i Lom i tidsrommet 1936 -1959. Alle bør ta seg tid til ein titt i desse hefta i førjulstida eller i romjula, anten dei kjenner dei som var elevar her den gongen eller ikkje. Artige juleforteljingar frå Lomsbygda skrive med sirleg barnehandskrift, gjennomillustrert med nydelege teikningar -ein fryd for auga og ei glede for sinnet!
Bloggar som aldri smeltar ned i stolen: Merete
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar