Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 16. desember 2014

Tida for alt

2014 er snart ein saga blott. Det er tida for oppsummeringar og refleksjonar kring året som har gått. Det er tida for den siste ferieavvikling og husmorferiar for å ta seg av hus som feels like a mortherless child litt for store delar av året. Det tida for gravferder. To denne veka, nær familie og nær slekt har gått bort med få dagars mellomrom for to av oss. Det er tid for bleike roser og stille tårer, for gode minne og for dei som blir att. Det er tida for å tenkje at livet er lite føreseieleg, for å verdsetja kvar dag vi får stå opp og vera friske. Det er tida for å tenkje at livet ikkje er uendeleg. Det er tida for memento mori. Det er tida for å sjå framover.

Det er tida for tre ljos i kveld, for lengt, for håp og glede.


Det er også tida for å ha kontorgolvet fullt med bokhaugar til kassering. Det er tida for å tenkje på hyllene som fortsatt står der stappfulle. Det er tida for å koma på jobben med seks nye bokøskjer frå innkjøpsordninga pent plassert framfor skranken og fem til i vente, kvitra pakkemannen. Nokon kjem, nokon går, i biblioteket som i livet elles. Det er tida for å lesa resten av debutromanane frå 2014. Det er tida for å planleggje og gå ut med tilbod om formidlingsturné med to vise kvinner og ein forfattar våren 2014. Det er tida for å kontakte forfattarar om dei vil vera med oss. Det er tida for å kontakte bibliotek om dei vil ha besøk av oss. Det er også tida for å utsetja dette til over nyttår.

Det er tida for å ikkje ha tid.


Det er tida for gløgg og syrupsnipper og julesal på biblioteket. Det er tida for skulane til å rydde opp før jul og levere inn alle bokkasser dei har lånt. Det er sjølvsagt tida for morgonkaffi med tre hjelpsame vaktmeistrar som ordnar så det skin i kvar ei krå i bokheimen før jul. Det er tida for julekonsertar som fyller ein med så mykje indre jubel at det iblant renn over. Det er tida for å få nybarberte studentsøner heim til jul. Det er tida for å vera mor på ein stol i ein mørk kulturhussal der det er julespel. Det er tida for å bite seg i leppa og sjå i taket og knuge lommetørklet hardt i handa for han som har den eine replikken. Det er tida for kvite lommetørkle og varmraude hjarte. Det er tida for alt.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar