![]() |
Heime. Fotograf: Wenche Kroken. |
Fleire heimar i den vesle fjellbygda vår er derimot råka av sjukdom og dødsfall inn i julehøgtida også dette året. Flagga har vaia på halv stong gong etter gong, og bakst, vask og gåvestri har vorte sett på vent for rett så mange. Anne Grete Preus sine ord "Alt går litt langsommere her på jorden, når hele himmelen faller ned" har fått dobbel meining for mang ei garva sjel desse førjulsdagane, og mang ei tåre har vore turka ved vanskelge møte og vonde avskilar. Det fine med eit lite samfunn slike gonger er at vi kjenner kvarandre alle saman her, vi kan støtte og hjelpe kvarandre gjennom tunge dagar, ty saman i sorga og oppleve ein fellesskap som til vanleg er framand for mange av oss. Ei tilhøyrsle vi må lære oss å setje pris på -og gje næring.

Jula i bokheimen blir fredeleg i år, med kun to opningsdagar: Måndag 29.12. og tysdag 30.12. har sjefen og eg kvar vår dag der vi mellom kl 10.00 og 14.00 vil pusle bak open dør i gammelprestgarden, takksame om ein og annan lomveren ser innom oss for ein prat, og gjerne bokbyte. Vi ønskjer alle lånarane og lesarane våre ei retteleg god jul og alt godt for det nye året!
Bloggar med tid for ettertanke: Merete
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar