Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 27. august 2013

Moments in life

 
Eg syg på så mangt eit syrleg ord,
legg storslegne inntrykk på minnet.
Vil skrive, vil dele, dekkje bognande bord,
men alt ligg her innstengt i sinnet.
 

Eg vil rope det høgt, vil at alle skal sjå,
kjenne livet slik det kjennest som best.
Vil syne ei verd som er lett å forstå,
ei verd som ber meg inn som sin gjest.
 
 
Så ligg det her berre, og sprengjer i bringa,
kan `kje forklarast med ord.
Augneblinkar kappast om pallplass å tinga,
-gjev `kje rom for meire på jord.
 
 
Slik dykkar eg ned i kvart einaste syn,
held pusten og tør ikkje anda.
Det smell i mot augo som blendande lyn,
eg grip, men når inkje med handa.
 

Så gjev meg horisonten som glir inn i æva,
gjev meg all verda av tid.
For dette, kun dette, kan hugen min svæva,
og orda kan formast med flid.
 
 
Fyrst når alt er fordøygd og i hugen funne fred,
fyrst då kan eg beda deg inn.
Så når ljoset er brunne og dagen glir ned,
kan min augneblink også bli din.
 
 
 
Bloggar: Merete Poete
 

 



3 kommentarer: