Det er tid for normale opningstider.
Det er tid for utlån av lærebøker.
Det er tid for elleville elevar i krikane og franske fjellvandarar i krokane.
Det er tid for å ta farvel med samburarane på vidaregåande som har fått ny og fin skule, da gitt!
Det er tid for å håpe at dei vil gå dei hundre metrane og fortsatt bruke biblioteket.
Det er tid for å fylle kalenderblada med ord som Tyrkia, To enkle dobbeltgjengere & Toscana.
Det er tid for å skrive artikkel om bibliotek i periferien.
Det er tid for å starte storstilt marknadsføringskampanje for bibliotekboksarar.
Det er tid for intensjonsavtaler.
Det er tid for endeleg å samle tre ivrige bibliotekarar på bakrommet.
Det er tid for dei fyrste haustlege forkjølingane.
Det er tid for gusten hausthud under pledd.
Det er tid for te med honung til dei beste bøkene i 2013.
Og sist, men ikkje minst; det er tid for å gratulerer poeten Helge Torvund med dagen!
Det er tid for å låne ei av diktsamlingane hans t.d. Alabama? som Olav Aukrust så elegant held i
hendene.
God bok- og bibliotekhaust, landets aller beste bibliotekbrukarar!
Alabama? og Aukrust under haustblå himil i august. |
Rita
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar