To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 6. august 2013

Nattetjuvar og degraderte sjefar

Eg har fått det brutalt slengt i det aldringsflekkete andletet opp til fleire gonger denne helga: Ho ER tøffare enn meg! Eg som godtruande har kvilt trygt i overtydinga om at det er sjefar som er bygde for støytar. Eg har dessverre kvilt i feil hengekøye. Ikkje noko kan måle seg med ein smekker biblioteksjef liggjande lettkledd og lekkert dandert på ein naken skranke. Greitt! Eg finn nok på eitkvart...
Kvild i feil hengekøye...
 
Under heile Diktardagar har den nye Lomsrosa sprunge alt det dei smurningsslitne hoftene hennar har makta mellom leidningar, mikrofonar, kjende skribentar, fargesterk vin, språkkunnige akademikarar, bognande tapasbord og sprelske musikarar. Det vesle senteret mellom dei høge fjella har syda av liv, og vi kunne i går lukkeleg konstatere at årets Diktardagar har vore ein suksess. Månader med planlegging, telefonering og avtaleskriving gav flotte resultat med god respons frå eit variert publikum.


Forfattar og forleggjar Kvalshaug
Underteikna laut mykje av tida selje undertøy (!) -og billettar, naturlegvis, men noko fekk eg då med meg, lell: Fredag sende biblioteksjefen meg storhjarta av stad på heildags skrivekurs med ein vaskeekte forfattar og forleggjar; Vidar Kvalshaug. No lir eg ikkje nett av skrivesperre slik i det daglege, men eg må vedgå at kurstittelen "Lær deg å tenkje som ein forfattar" pirra meg. 15 frammøtte med svært variert bakgrunn og ulike forhåpningar var eit flott utgangspunkt for dagen, og resultata synte at alle treivst og kjende seg trygge i gruppa. Gjennom 6 stive timar saug vi til oss kunnskap, tips og idèar frå ein særs inspirerande Kvalshaug, og utan unnatak las alle opp eigenprodusert tekst produsert under kurset. No skal det ikkje røpast for mykje av kursinnhaldet her, men denne mannen kan anbefalast på det varmaste for alle skrivelystne! Sjølv fekk eg sett i gang eit par skriveprosjekt som surra og gjekk gjennom heile den påfølgjande varme sommarnatta, og forleggjaren skuldar meg så langt 3 netter med fredeleg svevn, etter at nattvukua har slite tankane mine i frynsete filler... Neste gong Kvalshaug stel natta mi, skal eg ha blyanten klar! Eg har også ymta frampå om ei skrivehelg i fjellet med eit par av dei andre kursdeltakarane, der sjølvaste fru Mundal stiller opp degradert som kokke. Dette blir i så fall referert.
 

Lydhøyre skribentar
 På biblioteket hadde vi også eit par arrangement for born i høve Diktardagar: Fredag hadde Øyvind Kvalnes ei samtale om "Filosofi for born", medan Vidar Kvalshaug laurdag snakka vart og fint om 22. juli med utgangspunkt i den siste boka si, "Det var en gang en sommer: historien om 22. juli og tiden etterpå". Forfattaren imponerte både store og små med sin måte å snakke med borna om denne forferdelege hendinga på. Ragnar Hovland avslutta med høgtlesing og samtale om Bjørnen Alfred og hunden Samuel, og han fekk også utdelt eit bilete teikna frå den aktuelle boka av ein lokal, liten kunstnar frå barneskulen i Lom.
 
Kvalshaug og Hovland i samtale med unge lomverar


Nattvak bloggar i skrivemodus: Merete
 



 
 
 
 
 
 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar