To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 3. september 2013

Du veit du er barnebibliotekar når...




...nattbordet tek overbikken under vekta av alle barnebøkene.
...du kjenner deg bortkomen blant "vaksenbibliotekarar" på store seminar.
...15-åringane kjem springande bort til deg i sentrum og ropar oppglødd: "Denna bokje va SÅ GO!!"
...du slit buksene kvite på knea.
...hjartet ditt går varmt ved synet av gutungane som flokkar seg i høglydt undring rundt ei fagbok.
...du er god på anbefaling av vaksenlitteratur utan å ha lese spent ei einaste ei.
...3-åringen storøygd kjem bort til deg på butikken laurdag og spør kvifor du er der?
...du vekkjer sengekameraten om natta for lese høgt frå "Kaptein Supertruse".
...forelskar deg djupt og inderleg i den mest mystiske, unge mannen  i alle fantasyromanar.
...du må blunke bort ei tåre når guten med lesevegring kjem storøygd og forlangar neste bok i Taynikma-serien.
...det kjennest som julekvelden når du pakkar opp ein ny ask med barnebøker.
...du står fleire månader på venteliste på Frøet før boka er komen ut.
...du kjenner at du eig draumejobben.

Det kunne vore meg...
Du veit også du er barnebibliotekar når...

...sjefen brettar bikinien pent saman i kofferten og reiser på jobb til Tyrkia (!) medan du må vera att heime...

God tur, Rita! Neste gong blir vi to ;-)




Barnebibliotekarbloggar: Merete

4 kommentarer:

  1. Så fint, Merethe! Nydelig skrevet! Må dele denne med dattera min som er barnebibliotekar i Nannestad:)

    SvarSlett
  2. Er ho verkeleg det, Gunvor?? SÅ heldig dotter di er! Kremjobb!! :-) Hels til Nannestad!
    Merete

    SvarSlett
  3. Ragni elska innlegget ditt, Merethe, og kjente seg veldig igjen! :)

    SvarSlett
  4. Mafios bikini!

    Mvh Sjefen

    SvarSlett