Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 11. juni 2013

Damenes aften

Av og til tek livet ei uventa retning, syner oss ein ukjend veg vi ikkje visste vi fekk vandre langs. To av tre vise har funne ein aldelest nydeleg allé med ein raud løpar, eit fargesterkt teppe som knyter saman våre enkle bygdeliv med dei mest interessante skjebnene dei ulike verdsdelane kan by på. Vi kjenner oss så utruleg priviligerte som har fått høve til å oppleve dette, og skulle ønskje at alle, absolutt alle kunne få ta del i denne gedigne oppturen!

Vi har tidlegare skrive litt om EU-prosjektet The Stranger, eit prosjekt som går på integrering av
Alvor...
etniske minoritetar med storytelling som metodikk. Sjølv møtte eg partnarane våre i Belfast i februar, medan Rita reiser til Tyrkia i same ærend i september. I november fèr vi saman ein snøggtur til Italia, før vi avsluttar det heile med ei gild samling der neste vår. Desse møta gjev oss verdifull erfaring ved at vi får sjå og oppleve korleis dei andre jobbar med nett det same som oss -på sitt vis. Berre dette er jo ein rikdom i seg sjølv.

Det som likevel gjer djupast inntrykk på oss, er dei lokale møta vi sjølve arrangerer heime i den vesle
fjellbygda vår. Då inviterer vi innvandrarar og flyktningar til forteljarkveldar på ymse plassar i bygda, alltid med litt mat og drikke attåt, og alltid med eit bestemt tema for møta. Vi har støtt nokre historier på lur sjølve i tilfelle dei frammøtte kvir seg for å ta ordet, men hittil har dette vore langt frå realiteten! Den fargerike forsamlinga pratar, skrattar, overset for kvarandre og tek i bruk fingerspråket når orda uteblir. Glasrutene står i spent decibel-spreng og handflatene klaskar mot låra i hysteriske latteranfall -avbrote av taus stille medan tårer må strykast bort etter hjarteskjerande historier vi berre anar konturane av under dei sterke møta. Desse kveldane serverer oss alt av menneskeskjebner på nokre stutte eftastimar, og vi køyrer heim høge på skjebneinntrykk og vekslande kjensler av sorg og glede -men mest takksemd.
...og skjemt!

Sist onsdag nådde vi høgdepunktet med "Damenes aften" og temaet forelsking. 19 kvinner frå 7 nasjonar møttest på tvers av religion, livssyn og bakgrunn, og praten sat laust frå første kaffesup. Vi fekk servert tragiske kjærleikshistorier, harde glimt frå tvangsekteskap, muntre strofer frå trøbbel med handlelapp i norsk butikk, ja, endåtil omskjering og menstruasjonstrøbbel var vi innom! Tenkje seg til at så ulike kvinnfolk med så totalt ulik bakgrunn maktar å møtast over slike intime tema -og vi storkosa oss alle som ei! Vi tilfører kvarandre så mykje glede, kunnskap og livsvisdom desse kveldsstundene at ingen av oss slepper Ole Lukkøye inn før alt er fordøygd -og det tek tid!

Vårt største ønskje no er at fleire av bygdefolket vil gje slepp på fordomar og gje av seg sjølv til desse fantastiske menneska -den som er viljug, og tør, vil oppleve ein menneskevarme og få ta del i skjebner som gjer ein rik og varm om bringa for all ettertid. Vis repsekt, ta del -og del! Det er ikkje sant at berre like born leikar best!

I morgon er det duka for Herrenes aften, men der har naturlegvis ikkje 3 vise fått innpass... Lykke til karar!


Bloggar: Merete Varm om Bringa

2 kommentarer:

  1. Så fantastisk på så mange vis! Så ufarleggjerande og frigjerande denne måten å møtast på verkar, eg skulle gjerna ha oppleve det sjølv.

    SvarSlett
  2. Kjensla når ein går heim etter eit slik møte er ei forunderleg blanding av alt på ein gong -ein er både oppglødd, glad, trist, overraska, litt sliten og veldig takknemleg. Kanskje dette er noko vi bør utvikle litt vidare..? Trur det hadde vore midt i blinken for deg, Kirsti!

    Merete

    SvarSlett