Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 18. juni 2013

Scan, librarian, scan!


I dag har scannaren gått jamt og trutt i andre etasje i den gamle prestegarden. Køar av elevar og bøker har passert bibliotekaren, utveksla smil, sommar- og studieplanar. Bibliotekaren som også er mor til ein i køen, har tenkt at det er neimen ikkje lenge sidan dei stod her som fyrsteklassingar desse avgangselevane og titta skrått på nye klassekameratar frå nabobygdene. Bibliotekaren har tenkt at det neimen ikkje er så lenge sidan han stod der som fyrsteklassing på barneskulen heller, med solbleika lugg, augo som lyste av iver medan han la heile sjela i ein enkel Hovud, skulder, kne og tå-song og kunne namnet på alle dinosaurar i verda. Som ein annan Jackie Paper. Bibliotekaren blunkar fort nokre gonger og kjenner at dette kan ho absolutt ikkje tillate seg å tenkje for mykje på. Ikkje her. Ikkje nå. Det er best å halde scannaren i gang, bok for bok, elev for elev.


Det er siste gong at elevane på vidaregåande i Lom leverer bøkene sine her i bygget. Til hausten står ein flunkande ny vidaregåande skule klar nokre hundre meter unna biblioteket. Vi unner så absolutt elevar og lærarar nye lokale. Den gamle Drengestugu i prestegarden der viskvinnene og gymnasiastar lenge før oss har sugd til oss det vi har makta av lærdom, skal nå brukast til andre føremål. Biblioteket har hatt stor glede av den nære kontakta med de smukke unge mennesker medan vi har vore samlokaliserte. Elevane har brukt biblioteket til å pugge, lesa, finne relevant litteratur, spela kort, eta, sova, flørte, høyre på musikk, dikte fantastiske historiar om bibliotekarane til russerevyar og russeaviser, Leif og Oddmund!, og sikkert fleire andre føremål som bibliotekarane ikkje skal ha full oversikt over. Vi kjem til å sakne å ha dei så tett på oss, men håpar inderleg at også kommande elevar fortset å bruke biblioteklokala til alt dette.

Joggeskoa spring fort, fort, fort forbi bibliotekaren.
Heldigvis kjem stadig nye generasjonar bibliotekbrukarar til, og her er han som har så nye, fine joggesko som spring så fort, fort, fort forbi skranka og bort i barneavdelinga der han vil at mor skal lesa om dinosaurar og drakar som Puff.


Rita               

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar