Vi har tidlegare skrive litt om EU-prosjektet The Stranger, eit prosjekt som går på integrering av
Alvor... |
fjellbygda vår. Då inviterer vi innvandrarar og flyktningar til forteljarkveldar på ymse plassar i bygda, alltid med litt mat og drikke attåt, og alltid med eit bestemt tema for møta. Vi har støtt nokre historier på lur sjølve i tilfelle dei frammøtte kvir seg for å ta ordet, men hittil har dette vore langt frå realiteten! Den fargerike forsamlinga pratar, skrattar, overset for kvarandre og tek i bruk fingerspråket når orda uteblir. Glasrutene står i spent decibel-spreng og handflatene klaskar mot låra i hysteriske latteranfall -avbrote av taus stille medan tårer må strykast bort etter hjarteskjerande historier vi berre anar konturane av under dei sterke møta. Desse kveldane serverer oss alt av menneskeskjebner på nokre stutte eftastimar, og vi køyrer heim høge på skjebneinntrykk og vekslande kjensler av sorg og glede -men mest takksemd.
...og skjemt! |
Sist onsdag nådde vi høgdepunktet med "Damenes aften" og temaet forelsking. 19 kvinner frå 7 nasjonar møttest på tvers av religion, livssyn og bakgrunn, og praten sat laust frå første kaffesup. Vi fekk servert tragiske kjærleikshistorier, harde glimt frå tvangsekteskap, muntre strofer frå trøbbel med handlelapp i norsk butikk, ja, endåtil omskjering og menstruasjonstrøbbel var vi innom! Tenkje seg til at så ulike kvinnfolk med så totalt ulik bakgrunn maktar å møtast over slike intime tema -og vi storkosa oss alle som ei! Vi tilfører kvarandre så mykje glede, kunnskap og livsvisdom desse kveldsstundene at ingen av oss slepper Ole Lukkøye inn før alt er fordøygd -og det tek tid!
I morgon er det duka for Herrenes aften, men der har naturlegvis ikkje 3 vise fått innpass... Lykke til karar!
Bloggar: Merete Varm om Bringa
Så fantastisk på så mange vis! Så ufarleggjerande og frigjerande denne måten å møtast på verkar, eg skulle gjerna ha oppleve det sjølv.
SvarSlettKjensla når ein går heim etter eit slik møte er ei forunderleg blanding av alt på ein gong -ein er både oppglødd, glad, trist, overraska, litt sliten og veldig takknemleg. Kanskje dette er noko vi bør utvikle litt vidare..? Trur det hadde vore midt i blinken for deg, Kirsti!
SvarSlettMerete