Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 4. juni 2013

Diktardagar for yngre, eldre og usynlege menneske og The Lomfolket

Du trur kanskje Diktardagar er berre for "kulturkjerringer" med lilla sjal som trollbundne supar i seg klår fjelluft og go euphoric på den lomske natur eller for "kulturmenn" som yndar å dra ei Aukrust-line i lystig lag. Du har sjølvsagt heilt rett. Viss du sløyfar berre.

Tripp
I år har Diktardagar eit rikhaldig program for dei yngre. Denne gongen har vi samarbeidd med skulane i Lom, Skjåk og Vågå før arrangementet. 3. klassingane har lese boka Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlèt pappkartongen av festivalforfattar Ragnar Hovland. Ut i frå boka har dei teikna, og biblioteka skal lage utstillingar der du kan koma og sjå teikningane i sommar. Laurdag 3. august kjem Ragnar Hovland til biblioteket i Lom for å helse på ungane. Saman med han stiller forfattar Vidar Kvalshaug og skal samtale med barna om den nye boka Det var en gang en sommer, ei bok om 22. juli for barn. Boka er flunkande ny og handlar om det som skjedde i Oslo og på Utøya ein sommardag i 2011, og litt om ein liten båt bygd av ein far og ein son, ein liten båt som kanskje seglar rundt i Tyrifjorden enda.


Trapp
Tenk om du som Harry Potter hadde ei kappe som kunne gjera deg usynleg. Eller kanskje ein ring? 17. mai i år fann filosof Øyvind Kvalnes ein ring utanfor Bislet stadion i Oslo. Da han fann ringen, kom han på ein historie som er over 2000 år gammal. Det var historien om gjetaren Gyges og gullringen han fann i ei grotte. Gyges oppdaga at dette var ein ring som kunne gjera han usynleg. Fredag 2. august kjem filosof Kvalnes til biblioteket og vil samtale med barna og opne utstillinga Det usynlege mennesket med tekster og kunstverk laga av ungane i området. Vi håpar at mange klasser deltek eller at barn på eiga hand eller saman med foreldre, filosoferer og formar kring dette temaet. Øyvind har til alt overmål laga ein film for oss om Det usynlege mennesket i Lom. Sjå og bli inspirert:

 http://vimeo.com/67501337


Premie for beste tekst eller kunstverk er tur til Oslo og billettar til Teknisk museum. Barn frå heile landet kan delta med kunstverk. Kontakt biblioteket for meir informasjon.


Tresko:
Eg kan ikkje lære deg å skrive, men å tenkje som en forfattar, seier Vidar Kvalshaug om skrivekurset han skal halde for ungdom og vaksne under Diktardagane. På skrivekurset set han deg i gang med den aller viktigaste historien - historien om deg sjølv. Du treng ingen kunnskapar på førehand. Det blir ingen framandord. Det blir rett på sak med å finne dei gode konfliktene og få dei ned på papiret. Med nokre enkle knep innabords, kan du bli ein betre skrivar, betre lesar og ein betre sjåar av filmar og tv-seriar. Du kan melde deg på skrivekurset til biblioteket innan 5. juli. Vi treng minimum 10 deltakarar frå ungdomsskulealder og oppover. Bli med, da vel!






Heimesida til Diktardagar vil bli oppdatert etterkvart som arrangementa nærmar seg. Vi avsluttar i denne omgang med The Lomfolket som du kanskje også får sjå under Diktardagar, kanskje saman med Levi Henriksen, Tom Stalsberg og The Men They Couldn't Shave på Nordalsfjoset pub fredag 2. august. Ingen veit.


Vi kan ikkje anna enn gle oss!

Rita

Biblioteket har sjølvsagt bøkene de ser over. Kom og lån og ver i forkant før forfattarane kjem! Det blir også høve til å kjøpe signerte eksemplar av den nye Det var en gang en sommer-boka under Diktardagar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar