Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 28. mai 2013

Sterk symbiose

I dette ligg styrken vår...
Vi er ofte ueinige, sjefen og eg. Eller, av og til har vi samsyn. Litt. Men nett i dette ligg styrken vår. Vi har funne ein sparringpartnar i kvarandre -vi utfordrar, diskuterer, fintar og stikk. Men det ligg aldri noko vondt bak. Latteren sit laust, og vi kjenner kvarandre sine svake og sterke sider like  godt som våre eigne tankar. Vi veks på å bryne oss på kvarandre, vi utvidar horisonten og finn nye vegar. Vi har grodd saman til ei sterk eining som uredd og frilyndt blottlegg våre mest utenkjelege intriger for heile den norsklesande nettverda. Og vi gjer det med glede. Vi har vakse oss sterke. Sjefen veks for tida stort som føredragshaldar. Sjølv veks eg mest i breidda. Men i all løyndom har vi ein stor, felles Draum...

Personalmøtetid...
Ved sida av stjerneløna lesetid og bonus for nyoppdaging av ukjende, norske forfattarar, har sjefen innført fast personalmøtetid kvar
måndag etter stengetid. Når vi vinst. Det er heller sjeldan. I vår vanst vi i går. Og eg detonerte bomba. Vi har prata om det før. Vi har utveksla tankar, idèar, og oppmoda kvarandre om å realisere Draumen. Men tida strekk ikkje til, og struktur og sjølvdisiplin uteblir. Eg har såleis innsett at vi må ta grep for å realisere oss sjølve. Det ligg i tida òg, det. På slutten av møtet greip eg inn: "Vi tek eitt års permisjon båe to, sjef. Realiserer oss sjølve. Eller?"


Og i korga skal Boka liggje!
Ho var einig! "Ja, sanneleg -det gjer vi!" Tida er komen for at bøkene vi båe har gått svangre med i årevis no skal få forløysing! I dette ligg Draumen: Som gamle kan vi stolte trille rundt med kvar vår gåstol på aldersheimen, kva vår rullator med blank korg frampå, kvar vår korg med vår eiga, sjølvskrivne bok utgjeve på forlag, kvar vår bok med trykte sider mellom stive permar -kvart vårt livsverk. Det er klart vi skal ha permisjon!

Den rikt utvikla floraen i glaskarmane våre er allereie teke hand om av vår pensjonerte tidlegare kollega Kari, som sist onsdag forbarma seg over grønska vår i timevis med blomejord og nye, blanke potter. Eg tykte det freste litt borte ved bordet hennar, noko om at 3 vise ikkje eig så mykje som ein einaste grøn finger til saman, men eg høyrde nok skakt. Ho var blid, og vil nok vatne blomane våre under permisjonstida. Trur eg. Torill tek hand om lånarane, naturlegvis. Klart vi gjer det!


I mange timar dreiv ho på...
 
 
Det er klart ho vil vatne blomane!
 
Bloggar med snarleg termin: Merete


4 kommentarer:

  1. Ooooh! Tøft valg, all mulig lykke til! Må vel ikke slutte å blogge her likevel, men skrive om hvordan det går i permisjonslivet?

    SvarSlett
  2. Hehe, nei slike permisjonssøknader som blir levert munnleg for så å bli munnleg innvilga i same augeblink er vel heller tynt å lite på... Vi må nok ta ut skrivetrongen her på bloggen i tida framover også, Kristin. Biblioteklivet er for eventyrleg til berre å permittere seg frå :-) Men Draumen får vi vel lov å ha, så får vi heller skrive litt slik i smug ...
    Merete

    SvarSlett
  3. For eit koselg innlegg - om draumar! Ikkje alle draumar kan verte oppfylde, men draumar må ein ha! Eg har ein stor: Skulle gjerne hatt eit lite hus i Italia, med stor uteplass under drueklasar, og ein haug med bøker. Og målesaker, penslar og palett. Chiantivin og espresso, oster og krydder.....

    SvarSlett
  4. ÅH -kan vi få lov å flytte inn i draumen din, Aariho..? Vi lovar å vere stille, orda våre skal berre ned på papiret -ikkje ut av munnen for ein gongs skuld...
    Du har så heilt rett i at draumar gjev næring til kvardagen, men eg har framleis trua på ei realisering i ei eller anna form her. Skrivestugu vart investert i fjor haust, så vi er godt på veg :-) I natt skaleg drøyme om Italia...
    M

    SvarSlett