To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 21. mai 2013

Sidan sist

Sidan sist har ein Erving vore innom.


Sidan sist har nokon dansa på biblioteket.


Sidan sist har nokre 3. klassingar lese 334 bøker.


Sidan sist har nokon lese Munch og blitt solbrend og anbefaler fleire å gjera det same. 
 
 
Sidan sist har bjørka stått brur.

 
Sidan sist har vi alfabetisert hoyaen til å slå ut i full blomst.


Sidan sist har nokon tent det fyrste av sju bål og ser fram til fortsetjinga.



Johan Mjønes skal delta
under årets Diktardagar.
Les gjerne bøkene hans
før den tid. 
 
Sidan sist har nokon funne fram musefletter og spasersko med demping på leit etter Grete Waitz-kjensla.


Sidan sist har nokon tatt nokon sin plass ved elva.


Sidan sist har fossen frådande fryda seg over snø som fall i fjor.





Rita

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar