Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 14. mai 2013

This boat ain`t big enough for both of us...

Vi har aldri skrytt på oss å vere korkje spesielt nevenyttige eller husmoderlege trass i ein sunn
bygdebarndom prega av sterk arbeidartradisjon. Ein og annan labbebundingen har vi då vore gjennom, og vi har nok sopt golvet ei anna helga med, men dei heilt store bunadsbroderia sirleg innfelt på tungt stoff utført bak skinade, blankpussa husmorvindaugo kan vi ikkje vise til. Vi saknar det ikkje heller. Men når det kjem til allsidige innfallsvinklar for å fremje leseglede og rekreasjon i bokverda, meiner vi at vi kan gå rakryggja inn i pensjonisttilveret om nokre tiår lell. I alle fall om ein skal sjå på aktivitetsnivået på huset den siste veka.

Onsdag førre veke kom vi endeleg i gong att med bokprat på 18-mnd kontrollen på helsestajonen, eit tilbod som av ymse grunnar ikkje har vore gjennomført den siste tida. 5 eittåringar med foreldre vart prata gjennom ein variert bokstabel, og fekk sterk påminning om kor viktig det er for borna at dei får opparbeide god språkkjensle, leseglede og bokinteresse allereie i ung alder. Vi sette søkjeljos på samhandling, gode stunder på fanget med song, prat og rytmeleik, og understreka at høgtlesing er ei glede vi som individ kan fryde oss over frå før fødselen og ut siste fase av livet. Den første eittåringen har allereie vore innom oss og lånt sine første bibliotekbøker denne veka!



Frampart bokorm (så langt 250 ledd),
 samt sidometer.
Rett etter helsestasjonsbesøket venta 3.klassingane på ny bokprat, sidometeropprekning og
bokormundring, sidan dei no er i sluttfasen av det årlege leseprosjektet  for årstrinnet. Elevane har lese filla av bibliotekarane, som ikkje vinst meir enn å hengje opp nye ledd på ormen. Guttorm er forresten fargekoda etter kor godt boka vart likt av lesaren, denne gong etter trafikkljosprinsippet.  I morgon avsluttar vi det heile med utdeling av lesehestdiplom, muffins og leskande drikk, og elevane er mange, nye bøker rikare. Nok eit særs vellykka leseprosjekt, som for nokre år sidan vart innfelt i den kommunale lesestimuleringsplanen.

Sundag kveld møttest tre vise ved to av dei ikledd kostyme for øving til framføring på barnehagen dagen etter. Ute i tide, som vanleg... Sjefen hadde også denne gong førsteprioritet på rolletildeling, og knabba naturlegvis rolla som rampete Findus Katt. Underteikna laut såleis ta til takke med å vera sur Pettersengubbe, som absolutt ikkje ville på fisketur... Naturleg nok vart ikkje gummibåten stor nok for dei båe, så improvisasjonskunst og barnleg fantasi leidde fram til ein vellykka fisketur. Trass i at den gretne gubben skremde tårene av eit par framtidige bibliotekbrukarar...

Gretne Pettersen og irriterande blide Findus før fisketur...

 
Bloggar som er blid att: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar